Eg – ei høne utan egg

KOMMENTAR: Eg er glad eg ikkje er eit husdyr. Då hadde eg levd farleg, for eg er ei høne som er i ferd med å gå tom for egg.

Overgangsalderen kan krevje si kvinne. Men la oss snakka meir om denne tilstanden, som det også kan komma mykje godt ut av. Foto: Frank May/NTB

  • Heidi Hjorteland Wigestrand
Publisert: Publisert:

For hundre år sidan ville lege Kristian Brandt råda meg til å resignere:

«Da er hun som en fin vin som er blitt det den er ved at den ungdommelige gjæring er over og slaggene er bunnfældt. Ved litt varsomhet blir disse liggende paa bunden av flasken.»

Berg-og-dalbane

Tabu etter tabu står for fall, nå må det snart vera overgangsalderen sin tur. Denne alderen er ein underleg tilstand, midt mellom ung og gammal, der eg går med ei konstant kjensle av å ha gløymt noko. Eg kan vera glad og trist samstundes, og grina for alt og ingenting. Tankane spinn av garde, og humøret er som ein sildestim.

Mange knyter overgangsalder til forfall og aldring. Egga til ei kvinne i overgangsalderen er i ferd med å skrumpa inn, aldri meir skal livmora romma eit barn. Men er det berre trist? Ved første augekast kan det sjå slik ut. Å vera kvinne i overgangsalderen blir ikkje framstilt spesielt attraktivt. Me ser gjerne for oss sveitte og sure kvinnfolk som klynkar over heitetokter og dårleg søvn.

Desse karikerte damene ser ikkje eg. Eg ser sterke og fine damer i sin (nest) beste alder, som er i fullt arbeid og som kan bruka meir tid på seg sjølv når barna har vakse til. Dette får dei til, i tillegg til å vera i overgangsalderen.

Overlever eg?

Og overgangen er ikkje for pyser, skal me tru Google. Det finst knapt ei liding du ikkje får treff på når du kombinerer det med ordet overgangsalder. Uro, angst, dårleg søvn, depresjon, humørsvingingar, nedsett sexlyst, leddsmerter, dårleg minne, konsentrasjonsvanskar, søtsug, energiløyse, hovudverk, vektauke, auka hårvekst i ansiktet, urein hud, tørre auge og tørr skjede.

Googlar du for mykje, får du ei kjensle av at overgangsalderen knapt er til å overleva. Likevel teier dei fleste om denne tilstanden som halvparten av alle menneske som får leva til dei bikkar 45, må gjennomleva.

Ikkje uventa er den internasjonale dagen for menopausen, som tilstanden heiter på fagspråket, lagt til hausten, 18. oktober. Mensedagen, derimot, er naturlegvis lagt til våren, 28. mai.

Til ei kvar tid er rundt 225.000 kvinner i Norge i ein eller anna fase av overgangsalderen. Men kor ofte er menopausen tema i samfunnsdebatten, i romanar og på film? Og kor ofte er plager knytte til menopausen tema på venninnekveldar? Heitetokter kan ein snakka om, men labert humør er kanskje ikkje like enkelt å ta opp?

Les også

Flere tusen kvinner kommer i overgangsalderen i 30-årene

Pubertet i revers

Menopause er pubertet i revers. Alle systema som slo seg på og gjorde deg fruktbar då du var ei ung jente, skal no slå seg av. Å leggja ned fødefabrikken går ikkje alltid like stilt for seg i alle kroppar. Ifølge lege Lotte Hvas, som har skrive boka «Overgangsalderen», opplever ein tredjedel av kvinnene så store plager at det går ut over livskvaliteten. Ein tredjedel har mindre plager, og den siste tredjedelen har ingen plager i denne alderen.

Gynekolog Inger Øverlie meiner overgangsalderen slutta å vera eit offentleg tema då den store Womens Health Initiative-studien (WHI) avslørte at bruk av østrogen for å redusera plager i overgangsalderen, auka risikoen for brystkreft.

På 1990-talet slutta difor mange å ta tilskot av østrogen. Ifølge Øverlie skamma ein del kvinner seg over å ha vore så dumme å ta østrogen. Tilstanden blei snakka om så lenge det var hjelp å få, men kreftfunna gjorde at overgangsalderen forsvann frå det offentlege. Plagene, derimot, var der framleis, men no lir ein i det stille.

Les også

Puberteten ser ut til å starte tidligere, også hos norske barn. Hvorfor skjer det nå?

Ei inntørka rosin?

Tidsånda arbeider ikkje for overgangsalderen, som jo er eit teikn at du blir eldre. For det vil me jo ikkje i ei tid der me skal vera faste og fine i fisken frå me blir fødde til me døyr. Kvinner som nærer seg av menns blikk, fryktar at desse vil forsvinna med mensen. I vårt samfunn er kvinners tiltrekkingskraft knytt til hennar evne til å føde barn. I somme kulturar er det ei stor hending når ei jente får sin første menstruasjon. Også i Norge har menarken, som første menstruasjon heiter på fint, blitt feira i enkelte familiar. Progesteron og østrogen som kroppen fløymer over av når ein er fruktbar og gravid, gir glans til hår og hud. Du er liv i livet. Kva då etterpå? Skal du skrumpa inn til ei rosin?

Fråvær av blod er ei påminning til kvinna om at ho har gått tom for egg. Menneskedamer over femti som framleis lever i beste velgåande, trass i mangel på egg, er eit naturvitskapeleg mysterium. Nesten ingen andre levande vesen lever i årevis etter dei har slutta å føda. Så kvifor får me leva? Det må me snu til vår fordel. Me egglause er jo levande mirakel. Og hormonkøyret skaper energiar som ein kan nytta til noko positivt, som å ta vare på helsa, pleia hobbyar og gjera kjekke ting med barnebarna.

Ut på andre sida

Eg hadde jo ei bra liv før puberteten. Nå er det bare å venta på at hormona legg seg til ro, og ein kjem ut som ein ny og klokare versjon av seg sjølv i andre enden. Men eg skulle ønska det var rom for å seie at ein har ein dårleg hormondag, men elles gjere som vêrdame Eli Kari Gjengedal. Etter eit brutalt møte med overgangsalderen, bestemte ho seg for å tenkje at dette er ein spanande del av livet som ho vil utforska.

Eg har blitt varm i kroppen og toppen og mista tråden fleire gonger i arbeid med denne teksten. Men eg gjennomførte, og eg har betre kondis enn då eg var 25. Så Doktor Brandt, ei egglaus kvinne treng ikkje resignera. Me overlever fordi me trengst. 18. oktober skal eg feira!

Les også

  1. «Vi må fortsatt snakke om kvinnehelse!»

  2. Har hvilket kjønn du har betydning for helsetilbudet du får?

  3. – Når fagmiljøer forstår hva kjønnsperspektiv handler om

Publisert:
  1. Overgangsalder
  2. Pubertet

Mest lest akkurat nå

  1. Teslaen oppdaget tyvene mens eieren lå og sov

  2. En lørdag i 1969 reddet Anna Ingeborg Valand to barn opp fra Breiavatnet. Fremdeles vet hun ikke hvem de er

  3. Katten Molly ble tatt fra nabolaget og gitt til Dyrebeskyttelsen

  4. Rundt 400 meldinger om vaksine­bivirkninger siste uke

  5. 15 covid-19-pasienter innlagt: – Rammer tilfeldig

  6. Isabel Raad saksøker Randaberg kommune for manglende oppfølging fra barnevernet