Barnevern og mediemakt; journalismen som ideologi

GJESTEKOMMENTAR: Medias samfunnsrolle krev at maktpersonar blir sett i korta. Men medias eiga makt bør også leggast under lupa.

Frå framsida av Aftenbladet fredag 12. februar – starten på artikkelserien ’Politimakt mot barn’. Foto: Stavanger Aftenblad

  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Dei siste vekene har Aftenbladet hatt nok ein kritisk artikkelserie, Politimakt mot barn, om barn, barnevern og politi. I eit anna kritisk førstesideoppslag i avisa vart fleirtalspartia i Stavanger skulda for å vere farlege å kritisere. Velfungerande demokrati treng ei kritisk presse for å avdekke om makthavarar brukar makta si rett.

Samstundes er mediemakta betydeleg. Det er paradoksalt at makta media sjølv bruker så sjeldan vert granska.

Mediemakt og -teori

Mediemakt er heldigvis tematisert innan medieforskinga. Ein viktig norsk medieteoretikar er Martin Eide. Eg vil først trekke fram nokre av hans innsikter før eg går inn på relevansen deira.

1. Makt som ideologi
Når Martin Eide analyserer makta til media, slår han fast at ein maktanalyse er banal om han berre ser på makt som noko ein person har over ein annan. Vel så viktig er den ideologien som pregar sosialt samkvem. Dersom foreldre praktiserer ein ekstremt streng barneoppseding av religiøse grunnar, er ikkje berre foreldra, men også religionen si rolle interessant å studere.

Så lenge journalistar flest er prega av ein sams journalisme-ideologi, vert ideologien det interessante. Merksemda retta mot journalistars partipreferanse kan ha vore overdrive.

2. Journalismen
I ein styrande ideologi for journalistikken, journalismen, ser ein for seg tre sentrale aktørar:

På den eine sida er det dei som representerer styresmakter og offentlege institusjonar som politikarar eller sakshandsamarar i barnevernet – målskiva.

På den andre sida er det vanlege folk.

Og i mellom står journalistane. Det vil seie, journalistane er ikkje nøytrale mellommenn og kvinner. Dei tar ofte på seg rolla som den vesle mannen og kvinna sin talsperson, og med det får journalistane tidvis ei slags helterolle.

3. Å vinkle gir makt
Det ligg mykje makt i å kunne setje dagsordenen ved å velje ut kva for saker ein vil ta opp og bruke tid og ressursar på. Men studiar av mediemakt legg også stor vekt på måten saker vert vinkla på. Dramaturgiske grep gjer det lettare for lesaren å forstå kva journalisten vil, og då vert klassisk forteljarteknikk brukt.

Lengre artikkelseriar, føljetongar, har ein forteljingsstruktur slik klassiske forteljardrama har. I dobbelt forstand vert forteljingar drivne av spenning. For det første gjeld det at det eksisterer motsetningar og konflikt. For det andre vil handlinga krinse om eit mål som enno ikkje er oppnådd.

4. Journalistroller
Martin Eide peikar, som nemnt, på at journalistar ofte spelar ei slags helterolle ved å vere dei som tar opp ein urett, og som kan snu eit nederlag til siger og slik fullbyrde soga. Samstundes kan rolla romme ein rett til moralsk patos, som eit moralsk overlegent presteskap.

Men rollerepertoaret i journalistikken kan vere endå meir samansett. Føljetongane kan likne teaterframsyningar. Då kan journalistar også vere som ein slag kritikarar eller teatermeldarar som kommenterer og vurderer eiga oppsetting.

Eg vil kommentere desse prinsipielle maktmomenta nærare ved å sjå medieføljetongen Politimakt mot barn i lys av dei. Men før eg gjer det, la meg for ordens skuld slå fast at ein person i nær familie arbeider i barnevernet. Det eg analyserer og meiner noko om, gjer eg naturlegvis berre på vegner av meg sjølv. Men omstendet kan spele inn for at mitt generelle inntrykk av barnevernsetaten er annleis enn det som viser att i Aftenbladet sine spalter.

Verksam ideologi

Eg oppfattar identifiseringa av journalismen som verksam ideologi som det viktigaste maktmomentet. Problemet med journalismen er at røyndommen ofte er meir komplisert enn slik han vert framstilt etter malen. Konflikten er ikkje nødvendigvis svart-kvitt.

Samstundes fremjar journalismen aktverdige mål. At aftenbladjournalistar gjev stemme til og får fram situasjonen til ei utsett gruppe, tener eit klårt humanistisk føremål. Og barnevernet og politiet, på den andre sida, er jo dei som har fått tildelt makt av samfunnet, og som det er heilt nødvendig er i eit kritisk søkjelys. Den etiske motivasjonen bak desse oppslaga er det ingen grunn til å tvile på.

Når det er sagt, kan det like fullt vere grunn til å spørje om ikkje ein artikkelserie som Politimakt mot barn hadde tent på å sikte mot endå betre balanse. Dei omtala situasjonane verkar ekstremt krevjande, også for profesjonsutøvarane. Feilvurderingar av risikoen og vidare hendingsgang kan få fatale følgjer.

Det undrar meg at mange ser ut til å tenkje at dei kan sitje på trygg avstand og ville overprøve ein skjønsbruk i einskildsaker dei knapt kjenner. Slike saker kan heller ikkje løysast ved å redusere dei involverte sitt høve til skjønsbruk. I det store og heile verkar sakene sin kompleksitet underkommunisert.

Heller ikkje journalistane har alltid lette vurderingar dei må gjere; journalismen står til dømes i spenning til Ver Varsam-plakatens krav om breidde i kjeldebruken. Stundom kan vel jamvel rettskafne journalistar komme til å gjere feil.

Les også

  1. «Hvordan unngå feilskjær når du ’gjør din egen re­search’»

  2. «Var Tix-gate ein vinn-vinn-vinn-situasjon?»

  3. «Vi har vaksinen mot trumpisme»

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Medier
  3. Barnevernet
  4. Journalistikk
  5. Svein Erik Tuastad

Mest lest akkurat nå

  1. 15 covid-19-pasienter innlagt: – Rammer tilfeldig

  2. Endelig byggestart for «alt som er gøy» i Østre bydel. Men det blir trangt

  3. Isabel Raad saksøker Randaberg kommune for manglende oppfølging fra barnevernet

  4. Rundt 400 meldinger om vaksine­bivirkninger siste uke

  5. Ble kalt bort­skjemt dritt­unge i mail fra parke­rings­etaten

  6. Katten Molly ble tatt fra nabolaget og gitt til Dyrebeskyttelsen