Kulturen i krisen

KOMMENTAR: Vil tøffare tider gi kulturell blomstring eller kulturell krise?

Vil publikum oppsøka eller droppa kulturopplevingar i tøffare økonomiske tider?
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Okei, så var me i gang. Nytt år. Storm og mørketid. Lysning i sikte?

Utsiktene for 2023 er ikkje akkurat lyse: Ingen ser nokon ende på krigen i Ukraina. Prisane stig. Først nå vil folk til fulle merka effekten av renteaukane Noregs Bank har gjennomført det siste halvåret. Bustadprisane har begynt å falla.

Den dominerande kjensla ved inngangen til 2023 er nok usikkerheit. Ingen veit nøyaktig kva som vil koma. Men gjennom­gangs­melodien er at me står midt i ein krise – og at krisen vil halda fram i 2023. Nordmenn har ikkje hatt svakare tru på eigen – eller landets – økonomi på 30 år.

Kva kuttar me?

Spørsmålet mang ein næringsdrivande nok stiller seg ved inngangen til 2023 er kva folk vil bruka mindre pengar på når me i snitt nå har 1500 kroner mindre å rutta med i månaden enn for eit års tid sidan. Folk har begynt å kjøpa billigmerka til matkjedene. Avdelinga for nedsette varer som snart går ut på dato blir fort tomme. Men mat må me jo ha. Akkurat som me må ha ein viss lunk i heimen og fylla bilane med drivstoff.

Men tar me oss råd til å gå på restaurant når me får dårlegare råd? Går me ut? Prioriterer me det me absolutt ha på kostnad av det som er kjekt når tidene blir tøffare? Eller er det tvert om slik at behovet for det som er kjekt, det som kan gi oss eit avbrekk eller få tankane over på noko anna, aukar når alt rundt oss er trist?

Denne spenninga trur eg ikkje minst ein finn i kulturlivet. Den nåverande krisen har slått inn allereie før den førre krisen var over. To år med korona gav radikalt reduserte publikumstal og nærast yrkesforbod for dei som lever av å samla folk. Men rause, statlege kompensasjonsordningar bidrog til at det framleis eksisterte eit spelesugent kulturliv då pandemien var over.

Det kan godt henda at dei
som vanlegvis går i Teateret
eller Konserthuset, ikkje må
velja oppvarming eller mat.

Mindre publikum

2022 har vist at publikum ikkje er tilbake på same nivå som før pandemien – i alle fall ikkje for alle. Det er ikkje godt å seia om tilbodet har vore for stort etter to år med smalhans, eller om publikum rett og slett er blitt mindre. Om vanane er varig endra etter to år i sofaen. Men mange har opplevd at det har vore tyngre å selja billettar i 2022 enn det var før pandemien. Ei undersøking gjennomført blant 130 kulturhus i Norge viste ein prognose på 65 prosent nedgang i billettsalet for hausten 2022 samanlikna med same periode i normalåret 2019.

– Me sel ikkje på langt nær like mange billettar som før pandemien, sa Pål Mangor Kvammen i Stavangeren i november, mens Per Arne Alstad i september anslo at berre 60–70 prosent av publikum frå før pandemien var tilbake i haust.

Men til forskjell frå koronatida fanst det ingen kompensasjonsordningar – og lite straumstøtte – i 2022. Slik er det også i 2023. Med auka kostnader er dermed kulturlivet i 2023 heilt avhengig av høgare publikumstal – og/eller større betalingsvilje – for at det ikkje skal bli eit vanskeleg år. Er dette realistisk når dei dårlege økonomiske tidene slår inn for fullt?

Ikkje bekmørkt

Alt er likevel ikkje bekmørkt. For samtidig som media er fulle av saker om folk som står i matkø og må velja mellom å betala straum eller mat, viser det seg at julehandelen gjekk omtrent som før koronaen. Fyrverkeribransjen melde om rekordsal før nyttår. Kaizers Orchestra selde over 80.000 billettar til 795 kroner stykket raskare enn du klarer å stava «Dieter Meyers Institusjon».

Dette tyder på at det framleis finst pengar blant folk – trass dei tøffe økonomiske tidene. Og skal eg prøva meg på ein halvsvak sosioøkonomisk analyse, kan det veldig godt henda at dei som vanlegvis går i Teateret eller i Konserthuset tilhøyrer ein slags middelklasse – og oppover – som ikkje nødvendigvis må velja mellom oppvarming og mat. Sjølv når prisane stig. Eit viktig fundament i kulturlivet har tradisjonelt vore det godt vaksne publikummet, som både har interesse og økonomi til å gå ut. Dei nølte med å koma tilbake i 2022. Kjem dei tilbake i 2023?

Kulturelt behov

Ja, og så spørst det altså om folk faktisk kan få eit større behov for kultur og underhaldning i tøffare tider. Under depresjonen etter børskrakket i 1929 gjekk kinobesøket – og salet av leppestift – opp i USA i dei harde 30-åra. Ein kinobillett var ein billig form for flukt frå ein tøff kvardag. Kan kulturlivet oppleva at folk heller bruker nokre hundrelappar på ein konsert, eit teaterstykke eller ei utstilling og heller droppar ei langhelg til London eller ny seglbåt i tyngre tider?

Ja, og så er det jo ein populær, nesten litt romantisk floskel at «kunsten blomstrar når det er tunge tider». At fattige kunstnarar i ei uroleg tid liksom skulle bli meir kreative og ha meir materiale å laga kunst av når verda går dei imot. Mon det.

Men uansett kor humpete 2023 måtte bli: Me lever i Norge. Landet med pengesekken. Landet som er på pallen kvar gong verdas beste land å bu i blir kåra. Landet der dei aller fleste har det godt – sjølv i krisetider.

Publisert: