På veg mot det uopplyste demokratiet?

GJESTEKOMMENTAR: Vert veljarane mindre informerte? Er det i så fall gode nyheiter for populistiske folkeforførarar?

Publisert: Publisert:

Dei unge ser ikkje på Dagsrevyen og les lite aviser. Likevel får dei med seg mykje – men får dei med seg nok? Foto: NTB scanpix

  • Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger

Den nye veljargenerasjonen ser nesten aldri på Dagsrevyen. Er det eit signal om ei skummel utvikling og mindre informerte veljarar?

Den yngre garden i mitt eige nettverk ser nesten aldri på fjernsynsnyheiter, og dei les sjeldan papiraviser. Samstundes verkar det som dei, kanskje litt tilfeldig, likevel får med seg dei vesentlege hendingane.

Konklusjonen til ei gruppe medieforskarar i ein ny stor studie er nettopp at veljarar som verkar uinformerte, likevel kan vere gode medborgarar. Leia av medieprofessor Hallvard Moe, og inspirerte av britiske forskarar, vil dei kaste idealet om den informerte borgaren på båten. Det sentrale er snarare at borgarane er parate og undersøker saker når viktige ting skjer, meiner dei. Dei lanserer «den beredte borger» som eit nytt ideal.

Spørsmålet er om dei gjer det for enkelt for seg. Om vi forventar mindre av medborgarane i første omgang, vert ikkje vegen til makt lettare for demagogar i andre omgang?

Hitler vann val

Den første generasjon medborgarforskarar var skeptiske til utstrekt demokrati i det store og heile. Dei støtta jo demokratiet. Men fordi dei frykta massane, ville dei ikkje ha for mykje av det heller. For det første såg dei i undersøkingane sine kor lite folk faktisk fekk med seg. For det andre var den katastrofale andre verdskrigen ennå nærståande tidsmessig. Hitler kom til makta via massiv støtte i val. Kunne ikkje noko liknande skje på ny? Kunnskapsrike borgarar skulle vere botemiddelet mot nye folkeforførarar. Problemet var at kunnskap var mangelvare hjå den jamne mann og kvinne.

Medieforskarane tonar ned denne faren ved ikkje å gå særleg inn på han. Samstundes lever vi uomtvisteleg i ei tid som inneheld meir polarisering og framgang for populistar som utfordrar demokratiske spelereglar. Kor motstandsdyktig demokratiet er, kan kalle på meir inngåande analyse enn hjå medieforskarane.

Enorme skilje ung og gamal

Korleis står det så til i veljarskaren? Spørjeundersøkinga til forskarane, djupneintervjua og skrivinga av informantdagbøker fann stad eit par månader etter stortingsvalet i 2017. Dei store utanrikspolitiske hendingane er attgjevne i nyheitssnuttar og overskrifter alle får med seg. Ei sak som vart undersøkt, og som var meir direkte knytt til den norske valkampen, gjaldt at Sylvi Listhaug reiste til Sverige for å vise fram svensk integreringspolitikken i eit slags eigeregissert horror show. Det var eit hav av skilnad i kunnskap om den saka mellom yngre og eldre veljarar. Til dømes var dobbelt så mange av dei over 60 år orienterte om ho, samanlikna med dei under 30. Samstundes var dette faktisk ein vesentleg del av valkampen si viktigaste sak – innvandringsdebatten. Sylvi Listhaug var her ein heilt sentral premissleverandør. Dei fleste unge fekk med andre ord ikkje med seg ei viktig side ved valkampen si viktigaste sak.

To ulike medieplanetar

Unge og gamle veljarar er på to ulike medieplanetar. Det kan spele inn for kunnskapsgapet om Sylvi Listhaug. Dei over femti ser, i motsetnad til dei yngre, på fjernsynsnyhende, høyrer radio, les papiraviser eller betalte nettaviser. For dei under 45 år er biletet heilt annleis. Dei har i hovudsak anten gratis nettaviser eller, for nokon, sosiale medium som sine viktigaste informasjonskjelder.

Samstundes er det verdt å merke seg at yngre veljarar har mykje betre forståing av korleis digitale medium fungerer enn det eldre har. Dei yngre veljargruppene, med unntak av dei aller yngste, som knapt har kome heilt inn i politikken enno, er dei mest mediekritiske. Dei yngre er mindre lettlurte, dei avslører betre falske nyhende og har effektive metodar for å sjekke det når dei anar ugler i mosen. Her er medieforskarane på sporet av ein kompetanse som er viktig, og som vert stadig meir relevant.

Parat mot folkeforføraren

Spørsmålet er likevel om det er ein god idé å vinke farvel til idealet om den informerte borgaren og nøye seg med å ønskje «den beredte borgeren» velkomen.

På den eine sida ligg ikkje nøkkelen i å kunne namna på statsrådane eller vite om politiske detaljar; det er rett nok. Det viktige er at det er samsvar mellom veljaren sine politiske verdiar og partiet han og ho vil røyste på. Forskarane har også heilt rett i at mange kan bruke nettverket sitt for å få informasjon om viktig politisk utvikling.

Samstundes ligg risikoen i å forveksle ei presis skildring av korleis folk er, som medieforskarane fortenestefullt bidrar til, med det som bør vere eit ideal. Eit ideal om parate, men uinformerte borgarar kan verte ein sjølvoppfyllande profeti. Slapp av, det gjer ikkje noko om du ikkje følgjer med. Du er jo parat!

Demokratiet er meir sårbart enn vi har tenkt. Jo færre dei politisk kompetente er, jo lettare vert det å køyre over dei. Den gode borgaren kjenner lusa på gangen og avslører folkeforføraren, jamvel om talegåvene hans fortryllar.

Så det er ikkje nok å vere parat. Du må også vite kva du skal vere parat mot.

Publisert:

Les også

  1. Sven Egil Omdal: «Facebook og Google spiser aviser til frokost»

  2. Leder: «Demokratier i forfall»

  3. – Økende ulikhet får demokratier til å forfalle

  4. – Etter 50 år skifter jeg mening

  1. Demokrati
  2. Gjestekommentar
  3. Politikk
  4. Svein Erik Tuastad
  5. Populisme