Slik Trine Skei Grande i Venstre ser det

KOMMENTAR: Trine Skei Grande vil at Venstre i neste valkamp skal kjempa mot «dei kreftene som øydelegg land etter land i Europa». Men kva var Venstres største siger i regjering? Å avvikla pelsdyrnæringa.

Trine Skei Grande såg landet utanfrå på valnatta. Regjeringssamarbeidet var ikkje med i det ho såg. Foto: Vidar Ruud, NTB scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

«I dag kjenner eg at eg er veldig klar for å driva ein ny valkamp mot dei kreftene vi ser held på å øydeleggja land etter land i Europa, og som vi nå plutseleg ser er rådande i Norge. Eg meiner det trengst eit liberalt parti for å stå opp mot det,» sa venstreleiar og kulturminister Trine Skei Grande til NRK valnatta.

Trines bilde

Ho prøvde å sjå lokalvalresultatet i landet vårt utanfrå. Ho såg framveksande proteksjonistiske parti, einsaksparti, eit kommunistisk parti, og ein betydeleg EØS-motstand.

Regjeringspartia og Ap sit igjen som dei store taparane i valet, dersom vi nå først skal sjå nasjonalt på eit lokalval. Venstre ville hamna under sperregrensa, hadde det vore stortingsval. Og nei, Trine Skei Grande trur ikkje det kan ha noko med regjeringssamarbeidet å gjera, for Venstre sin del.

«Nokon må stå opp mot proteksjonisme, for internasjonalt samarbeid, og for at val handlar om meir enn ei enkeltsak», sa ho. Og utnemnde seg sjølv og Venstre som dei fremste til å ta kampen.

Tja. Den analysen var kanskje litt pompøs? Og utnemninga av eige parti som redninga mot alt dette var kanskje ikkje veldig sterkt prega av sjølvinnsikt?

Andre historier

Det går an å sjå litt enklare på det. Som at folk er bekymra for både kvardagen og morgondagen, og stemmer der dei føler seg høyrde. Så dei som kjende at bompengebelastninga blei for tung, for urettferdig, for usosial, starta sine eigne lokallag av bompengepartiet. Laga liste, stilte til val. Og blei stemte inn. På demokratisk vis. Dei som er bekymra for morgondagen og vil ha klimatiltak og handling, såg til MDG. Dei som fryktar sentralisering, nedlagde fødeavdelingar, og døve øyrer i Oslo, gjekk til Senterpartiet.

Det var lokalval. Men i alle desse sakene spelar også regjeringa ei rolle. Historia om valet er også historia om folk som ikkje lenger stolte på at politikarane i regjeringspartia (og i Ap) forstod deira kvardag og deira bekymringar.

Og historia om regjeringa er også eit historie om fire parti som synest mest opptekne av å halda på eiga makt, uansett kva prinsipp dei må gå på akkord med. Og ikkje fordi dei har eit stort, felles prosjekt, ei retning vi kan forstå er viktig for dei, uansett om vi er einige eller ueinige i den. Nei, dei går på akkord med kva som helst for kanskje neste gong å få fram si eiga enkeltsak. At dei stadig snakkar med to tunger, tar dei for gitt at veljarane aksepterer.

Det dei seier og det dei gjer

I regjering har liberale Venstre for eksempel vore med på å stemma fram endringar i abortlova. Det var KrF si enkeltsak. Eit par veker etter å ha signert regjeringserklæringa der endringa er nedfelt, varsla Grande omkamp. Til neste stortingsval. Jo, vi var med på det, men vi meinte det ikkje, og lovar å jobba mot det igjen neste gong, var beskjeden til veljarane.

Det Venstre fekk gjennom var å avvikla pelsdyrnæringa. Noko KrFs matminister Olaug Bollestad er heilt ueinig i, men likevel måtte fronta. Mens Venstres Guri Melby i ei bisetning på TV2 fekk seg til å føreslå at pelsdyrbøndene burde vurdera å dyrka medisinsk cannabis i staden. Tydelegare kunne ho ikkje fått vist at Venstre på ingen måte tok seg bryet med å forstå dei som vedtaket ramma.

I 2016 vedtok regjeringa ein strategi mot hatytringar, som skulle gå fram til 2020. Målet med strategien er å bidra til ei god offentleg meiningsutveksling, og å førebyggja og motverka hatefulle ytringar. I 2018 måtte justisminister Sylvi Listhaug gå etter å ha posta på Facebook at Arbeidarpartiet bryr seg meir om terroristar enn om landets tryggleik. I 2019 er Sylvi Listhaug igjen inne som statsråd. Eg går ut frå at strategien mot hatytringar rullar og går ennå.

Etter terrorangrepet mot ein moské i Bærum i august i år, varsla regjeringa at dei vil laga ein eigen handlingsplan mot muslimhat. Trine Skei Grande ivra for det. Nokre få veker seinare valde finansminister Siv Jensen å skriva harmdirrande om «snikislamisering» i eit innlegg i VG. Altså at vi stillteiande lar islamske tradisjonar snika seg inn i samfunnet vårt bak vår rygg. Statsministeren var ueinig med finansministeren i det. Skei Grande syntest det blei rart, sett opp mot det med deira eigen handlingsplan mot muslimhat.

Omtrent samtidig samanfattar facebookdronning og eldreminister Sylvi Listhaug regjeringas flyktningpolitikk med at «Norge skal ikke ta imot båtmigranter. Enig?»

Norge tar ikkje imot båtmigrantar, det er riktig det. Men både KrF og Venstre skulle nok helst sett at flyktningpolitikken blei litt meir nyansert framstilt. Trine Skei Grande meinte regjeringskollega Sylvi Listhaug tåkela debatten.

Då har vi ikkje vore innom bompengestriden. Der det var Frp som hylte av smerte. Litt av å ha stått i spagaten i årevis, etter lokalt å ha stemt mot bompengar, tapt, og sett sitt eige parti stemma for i Stortinget. Og endå meir av at veljarane slutta å tru på dei i ei så viktig enkeltsak, og snudde ryggen til. Miljøpartiet Venstre kunne vanskeleg sleppa målet om nullvekst i biltrafikk i byane. Statsministeren stilte til slutt ultimatum til sine eigne – stem for mitt forslag, eller gå ut av regjeringa. Alle blei.

Sjå ein gong til

Til saman får slikt regjeringspartia til å stå fram som om ingenting er viktigare for dei enn å halda på eiga makt, og ingenting er viktigare enn eigne enkeltsaker. Heller ikkje når det betyr at dei snakkar til folk med to tunger, seier ein ting og gjer ein annan, og peikar på dei andre som grunnen til at det er slik.

Det var vel også noko slikt du ville åtvara mot, Grande? Det kan vera du ikkje skulle sjå landet utanfrå akkurat nå. Kanskje du heller skulle finna fram ein spegel. Send den gjerne rundt i regjeringa.

Les også

  1. Beinhard beskjed til regjeringspartiene

  2. «Listhaug har denne gongen kalla ein spade for ein spade. Dette er gjeldande norsk politikk.»

  3. Abortlova: Høgres pirking i såret

  4. K-en i KrF

Publisert:
  1. Trine Skei Grande
  2. Abort
  3. Pelsdyrnæringen
  4. Flyktningpolitikk
  5. Kommunevalg 2019

Mest lest akkurat nå

  1. 70 prosent av det medisinske utstyret på SUS må byttes ut

  2. To nye smittetilfeller i Stavanger

  3. «Mamma, du trenger ikke å ha med mobilen», sa barna. Da skjønte Randi Flesjø (38) alvoret

  4. Sandnesbrødre vil bygge ishall og 50-metersbasseng på Lura

  5. Leger mener korona­utvalg gjør feil vaksine­prioritering

  6. Skole­barn, barne­hage­barn, bok­klubbens barn og barn av regn­buen regnes som samme kahoot, gitt at disse er nær­kontakter