På høg tid å redigera Stavangers kulturhistorie!
KOMMENTAR: Går det an for Stavanger å halda seg med eit fotballag som heiter Viking, ein film som «Mongoland» eller statuar av menn med tvilsam fortid? Nei. Det er på tide å oppdatera byens historie til Reinheitslova av 2020.
- Jan ZahlKulturjournalist


Grønn ungdom har foreslått å riva statuen av Winston Churchill i Oslo. I Bergen foreslår fleire politikarar å skifta namn på bydelen Møhlenpris og Thormølens gate, sidan Jørgen Thor Møhlen (1640–1708) var involvert i slavehandel. Bergen MDG vil fjerna måleriet «Justitia» frå 1762 frå bystyresalen i Bergen.
På Netflix og BBC kan du ikkje lenger sjå humorserien «Little Britain». Og på HBO kan du for tida ikkje finna «Tatt av vinden» (1939) – som vann åtte Oscar, blant anna den første som nokon gong gjekk til ein afroamerikanar.
Alt dette er kjempegode idear og initiativ. Den beste måten å forholda seg til historia på, er å redigera og fjerna det som av ein eller annan grunn kan verka krenkande på ein eller annan person i 2020.
Stavanger kommune har lenge vore altfor sløve med å ta tak i si eiga problematiske kulturhistorie. Heldigvis tek Aftenbladet samfunnsoppdraget på alvor. Me har utarbeida ei forslagsliste til tiltak for at kommunen skal framstå mindre støytande i framtida.
St. Olav
St. Olavkvartalet – samt den vidaregåande skulen og St. Olavs Plass – bør skifta namn. Sankt Olav – også kalla Olav den Heilage eller Olav Digre – er kjent som mannen som innførte kristendommen til Norge.
Men kva slags metodar brukte han eigentleg for å kristna folk? Økumeniske dialoggrupper og seminar mellom kristne og åsatrutilhengarar, basert på gjensidig respekt og lytting? Nei.
Hør Aftenblad-journalistene Jan Zahl og Leif Tore Lindø diskutere hva som bør gjøres med statuer, bøker og filmer som er preget av en annen tid i podkasten Aftenbla-bla:
Verre er det at Olav deltok både i massakrering og plyndring lenge før han fall i slaget ved Stiklestad i 1030. Ifølgje Wikipedia var han til dømes med på plyndring og massakrering i Canterbury 29. september 1011, i Normandie i 1012 og i grevskapet Aquitaine i 1013.
Me kan ikkje kalla opp gater, skular og kvartal etter sånne folk!
Viking
Av same grunn bør idrettslaget Viking skifta namn. «Viking» inneber ei ukritisk glorifisering av ein valdeleg kultur og av folk som drog på draps-, plyndrings- og valdtektstokt til utlandet. Det er grunn til å tru av vikingane braut fleire av Genève-konvensjonens retningslinjer for krig og behandling av sivile.
Vikingane heldt seg også med slavar, som dei kalla trælar. Korleis må etterkomarane etter desse trælane føla seg nå, om dei går på Viking-kamp – og Viking til dømes taper 2–1 for FK Haugesund?
Cornelius Cruys
Cornelius Cruys (1655–1727) heitte eigentleg Nils Olsen, og var fødd som skreddarson i Steinkargata i Stavanger. Han drog tidleg til sjøs, og klarte det kunststykket å bli admiral for sjølvaste Peter den Store, med ansvar for å byggja opp den russiske marinen. De veit kva hærstyrkar som den russiske marinen driv på med? Kriging. (Sjå «Genève-konvensjonen» over.)
Vel så gale: Før han blei russisk admiral, var Cruys blant anna kaper. Altså sjørøvarkaptein. Han hadde mange fiendar og var kjent for sitt stridbare temperament. Skal Stavanger verkeleg ha ståande ein statue av ein sånn mann? Ikkje minst med tanke på at han var mann. Det er jo så få statuar av kvinner i byen?
Hvem av disse mennene skal ut?
Statuene av menn et bilde av sin tid
Oljemonumentet
Frå sin plass i Østervåg står admiral Cruys og ser bort på Geoparken, Oljemuseet og Hugo Frank Wathnes oljearbeidarmonument.
Med tanke på patriarkatets dominerande posisjon i samfunnet er det uhyre problematisk å ha ein slik evig ejakulerande fallos ståande midt i byen – ikkje minst der barn ferdast.
Evig sex og vårruller eller offentlig skulptur i Stavanger
Kunstner tenkte ikke på sex
Men minst like ille er det å ha ståande slike monument over oljeindustrien. Alle inne i Oslo har jo innsett at norsk olje har hovudskulda for verdas klimaproblem, og derfor bør avviklast, helst innan jul. Korleis tek det seg då ut å ha ein park full av leikande barn i utrangert utstyr frå ein industri som har øydelagt framtida deira? Ungane smiler og ler, og trur dei kosar seg. Men eigentleg dansar dei på dekket på Titanic. Dette må dei stakkars små sparast for.
Kånå
Det finst nesten ingen skulpturar av kvinner i Stavanger. I 20 år stod «Kånå» på Torget, før ho i 2015 blei flytta til eit bitte lite torg på Sølvberget.
Men kva slag kvinnesyn representerer denne kvinna? Framstiller ho eigentleg alle kvinner som godslege og ferme, og mest opptekne av matstell, kjøkken, omsorg og dei nære ting? Me lever altså i 2020, ikkje 1950! Kvifor kunne ikkje «Kånå» heller vore ein kvinneleg direktør i privat sektor? Eller ein kvinneleg statsråd?
Målet for Stavangers skulpturpolitikk må vera 50/50-representasjon av kvinner og menn på sokkel. I det minste 60/40. I dette perspektivet bør Kånå få stå, og aller helst flyttast til Torget. Sjølv om ho eigentleg er ein trøndersk kopi, modellert etter ei kokke frå Trondheim.
«Kånå» har flyttet til Sølvberget
Løgnaslaget
Alt Løgnaslaget – og Per Inge Torkelsen – har laga bør, kanskje med eitt unntak, fjernast frå vår kollektive kulturhistorie. Løgnaslaget – og Torkelsen – har brukt store delar av livet på såkalla «humor». Men humor er ikkje morosamt. Humor er alvor.
Løgnaslaget har tent seg rike og populære på å drita ut svake grupper som lærarar, folk frå Eiganes, pensjonistar, idrettsfolk, anti-røykarar, kvinner, menn og endåtil ein konemishandlar i «hiten» «Kom hjem Bertine». Dei har vitsa med tema ein ikkje bør spøka med, som kreft, død og religion.
Løgnaslaget bør slettast frå YouTube, Torkelsens bøker brennast på Torget (gjerne rett framfor Kånå) og fjernast frå historia.
Einaste unntak er songen om nazi-frisøren. Litt må innvandringsmotstandarar langt utpå høgresida tola. Dei seier jo heilt ko-ko ting. Skjønnar dei ikkje satire?
Mongoland
«Mongoland»!? Kva gir du meg? Kva slags tittel er dette?
«Mongo» er slang og stammar openbart frå den nedsetjande og diskriminerande termen «mongoloid» om menneske som har 47 i staden for 46 kromosom. «Mongoloid» er ikkje eit ord me bruker lenger. Dermed kan me heller ikkje ha ein film som heiter det.
Men problemet blir ikkje løyst av å fjerna eller endra tittelen. For inne i filmen held den insensitive språkføringa fram når rapparen Gary bruker n-ordet, når han snakkar om kor vanskeleg det er å finna noko elende å rappa om i Stavanger: «Men selvfølgelig, negrene i USA, de leder jo stort. Det de må tåle er jo helt sinnssykt. Det er helt vilt».
Det finst berre ei løysing: «Mongoland» må fjernast frå Stavangers kulturhistorie. Og: Det må aldri lagast ein oppfølgjar.
Lars Oftedal
Lars Oftedal (1838–1900) var i si tid Stavangers mektigaste mann. Prest, redaktør i Vestlandsposten, stortingsrepresentant for Venstre og leiar for den mektige Bethaniastiftelsen. Han var landets mest populære predikant.
Sjølv om Alfred Hauge i 1984 og Sven Egil Omdal i 2015 har argumentert for at det burde reisast ein statue av Oftedal, finst det ingen statue av mannen i Stavangers byrom.
Hvor lenge varer en synd?
Er 125 år nok til å tilgi barnemishandling?
Men det finst ein Lars Oftedals plass. Går det an, i eit #metoo-perspektiv?
I 1891 gjekk Oftedal gå på talarstolen i Petrikirken og sa: «Jeg har gjort meg skyldig i usædeligt forhold og gjort forargelse i menigheten. Dette er min skam og dype sorg». Oftedals uvenn Alexander Kielland skreiv til Bjørnstjerne Bjørnson at Oftedal hadde gått frå seng til seng, og etter det Kielland hadde høyrt hadde Oftedal hatt «så mange Koner og Piger han ville», skriv Sven Egil Omdal.
(Alexander Kielland skal forresten også ha hatt utanomekteskapelege forhold, og fått minst eitt barn på Orre. Han bør sannsynlegvis også fjernast frå sin pidestall på Tusenårsstedet i Stavanger, jf. dette med plettfri vandel og betre kjønnsbalanse).
Berge Furre prøvde å finna ut av kva som var sant i sin store Oftedalbiografi. Det einaste han fann dokumentert, var at Oftedal mange år tidlegare skulle ha vore nærgåande mot ei tenestejente «...og søgt at bringe hendes Haand i Berørelse med sine Kjønsdele».
Dette høyrest omtrent ut som historia om Harvey Weinstein. Om den mektige mannen som vil ha ei ung kvinne i eit asymmetrisk maktforhold til å utføra seksuelle handlingar. Klassisk #metoo!
Stavanger Aftenblad
To år etter Oftedals fall, etablerte han Stavanger Aftenblad. Med tanke på #metoo-sakene han var involvert i, er det ganske openbart at Stavanger Aftenblad bør leggjast ned, eller i det minste skifta namn.
PS! Denne artikkelen er skriven i ein harselerande og ironiserande stil som kan verka krenkande på enkelte. Teksten burde dermed aldri blitt publisert. Men når skaden først har skjedd, må han umiddelbart fjernast frå Aftenbladets arkiv. DS.
Kommentator Jan Zahl
- KOMMENTAR
Vil tøffare tider gi kulturell blomstring eller kulturell krise?
- KOMMENTAR
Den ekstraordinære tildelinga til Nuart er ei reint politisk – for ikkje å seia populistisk – tildeling
- KOMMENTAR
Me i Stavanger-regionen har verken bygd hus eller festivalstemning – og knapt nådd ut forbi våre eigne kommunar
- KOMMENTAR
Grepet skaper ein vinn–vinn-situasjon
- KOMMENTAR
Trur du hat og hets dominerer ytringsrommet i Norge? Tru om igjen!
- KOMMENTAR
Ei vekes kulturell maktdemonstrasjon