Orda og oljerikdommen

KRONIKK: I slaget om san­ninga blir språket stadig meir viktig, sær­leg når store verdiar står på spel.

«How dare you!» og «Blah, blah, blaaah!». Greta Thunberg sparer ikkje på retorikken i klimakampen. Tilsvarande ser vi elles òg.
  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Rektor og professor, Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Som gutunge fiska eg mykje etter aure, og difor grov eg støtt i komposten etter mark. Ein gong glimta det i molda, og oppglødd pirka eg fram ein gamal mynt. Den selde eg sporenstreks, kjøpte cola og snop, og spelte bort resten på speleautomatar. Så dukka eg i komposten etter nye skattar. Men alt eg fant var mark.

Hausting og utvinning

Mynten eg fant kjentest tydeleg som min. Ein kan likevel lure på om eg hadde gjort meg fortent til pengane. Rett nok hadde eg grove og leita. Men at eg skulle kome over noko så verdifullt, var likevel rein flaks. Gleda var uansett kort, etter som eg brukte opp alle pengane med det same.

Naturen har mykje å by på, men det er ikkje alt som varer. Som meitemark er skog, fisk og vatn fornyelege. Med god forvaltning vil dei aldri slutte å gje. Som mynten eg fann, kan oljen berre utnyttast éin gong. Heller enn inntekt er pengar frå olje dermed å rekne som formue. Brukar ein dei opp, er dei borte for alltid, og sjølv sit ein att som mindre rik. Difor har me Statens pensjonsfond utland (Oljefondet), for at kjøpekrafta frå oljen kan sikrast for ei lang framtid.

Språket kan nyttast til å kaste lys og nyansar over forteljinga om norsk ressursrikdom, slik åtte forfattarar gjer i den nye boka «Rikdommens språk». Eit tema eg har engasjert meg i er eigarskap. Språket og retorikken spelar ei viktig rolle både for makt og merksemd, og i vårt tilfelle handlar dette om rett og legitimitet til å disponere over oljerikdommen.

Alle er opptekne av at akkurat
deira perspektiv skal forme
den rådande forteljinga
om saksfeltet som opptek dei.

Strid om sanninga

Sterke interesser brukar store ressursar i ein stadig strid om «sanninga», eller om dreieboka for dei store forteljingane om samfunnet rundt oss. Her finn me næringslivsinteresser og kapitalmarknadsinteresser, arbeidstakarinteresser og politiske interesser, miljøinteresser og klimainteresser, lokale interesser og nasjonale interesser.

Ingeniørorganisasjonen Tekna har fått skrive i stein kor viktige ingeniørane har vore for landet. Denne bautaen har dei fått reist i Jåttåvågen i Stavanger, der dei store betongplattformene vart bygde.

Alle er dei opptekne av at akkurat deira perspektiv skal forme den rådande forteljinga om saksfeltet som opptek dei. For med gjennomslag for framstillinga aukar sannsynet for gjennomslag for interesser. At språk og retorikk er spesielt viktig i forhold rundt oljerikdommen, er ikkje vanskeleg å forstå, ettersom det her dreier seg om enorme økonomiske verdiar.

Og interessegruppene tek gjerne imot hjelp, stundom frå uventa hald. TV-serien «Lykkeland» bygger til dømes godt opp under narrativet om at ingen i verda har lykkast like godt som oss i å sikre ressursverdiar for fellesskapen. Det etterlatne inntrykket er at rikdommen er sikra fordi me er flinke og hardtarbeidande, og i alle fall ikkje fordi me har vore heldige. Store fellesressursar blir allereie brukte for å halde ved lag narrativet om oljeverksemda nærmast som eit moderne norsk folkeeventyr.

Kriseretorikk i klimapolitikken

At retorisk kapital er ein maktfaktor i klimapolitikken, er elles Greta Thunberg eit godt eksempel på. Som ein moderne Don Quijote starta ho med skulestreik i einsemd og har sidan fyrt av knallharde krisemeldingar mot olje- og gassnæringa, og sett fram sterk appell til politikarane om hardare lut i klimapolitikken. Hennar bruk av kriseretorikk, kombinert med barnlege perspektiv og fremming av demokrati, har skapt politiske bølgjer og medverka til ambisjonen i Europa om å bli det første klimanøytrale kontinentet i verda.

Opphavleg handlar eigarskap om rett og legitimitet til å disponere over materielle verdiar. Den som har ordet i si makt, kan soleis opparbeide indirekte eigarskap til ressursrikdommen, etter som gjennomslag for interesser er tett knytt til gjennomslag for bodskap.

No skjerpast greiene

Mykje tydar elles på at kampen om den dominerande forteljinga er hardare i dag enn tidlegare. Det lèt nemleg til at merksemda rundt oljeformuen har flytta seg dei siste åra – frå dei som påstår å ha skapt (sic!) rikdommen, til dei som er meir opptekne av å disponere rikdommen. Etter femti år med vind i segla får no olje- og gassverksemda meir motvind, frå ressursknappleik og klimapolitikk. Dermed er heller ikkje støtta frå politisk hald like sterk og samstemt som tidlegare.

Saman med den enorme opphopinga av finansformue i Oljefondet har dette skiftet gitt ei ny vinkling i den offentlege samtalen om ressursrikdommen. Nye politiske vindar set no store samfunnsoppdrag i sentrum for merksemd og prioriteringar i staten sine utgifter til investeringar og forbruk.

Fremst i rekka av slike samfunnsoppdrag står kanskje grøn omstilling, som respons på klimautfordringa. Resultatet er ei rekke krav og forventningar om at ressursrikdommen bør kanaliserast mot meir eller mindre vidløftige satsingar som skal bidra til grøn omstilling og andre store samfunnsoppdrag, som til dømes er avleia av FN sine mål for berekraftig utvikling.

Språk er makt

Om ein tese skal stå att, så er det kanskje at språket og forteljingane er viktige faktorar i den stadige rivaliseringa rundt ressursrikdommen i Noreg. Val av omgrep, retoriske grep og vinkling av historieforståing blir brikker i eit stadig spel om sanninga. Kampen står om kven som har skapt rikdommen, kven som har rett på rikdommen og kva for føremål rikdommen skal tene.

Med enorme verdiar innanfor nær rekkevidde er kampen om eigarskap til oljeformuen omfatta av sterke interesser. Men om det er tal og rekneskap som har dominert rivningane så langt, så vil kanskje orda og forteljingane spele ei vel så viktig rolle i tida som kjem.


Følg på Twitter: @mohnitor

Publisert:
  1. Retorikk
  2. Oljefondet
  3. Olje og gass
  4. Klaus Mohn
  5. Gjestekommentar

Mest lest akkurat nå

  1. Hommersåk samles i sorg – igjen

  2. Det trengs et forbud mot bruk av robot­klippere om natten og strenge reguler­inger for bruk om dagen

  3. Marte (19) og Tor Martin (19) omkom i MC-ulykken i Gjesdal: – Dette er ufattelig og grusomt

  4. Før visste bare lokal­kjente om stølen. Så kom en «tur­fluenser»

  5. Tea Egenæs elsker 60-talls­huset i Stav­anger: – Alt tre­verket gir den gode atmos­færen og sær­preget

  6. 31 trafikk­drepte på samme tid i fjor – 60 nå: Kaller inn til krise­møte