USA: Eitt steg fram og eit hundreår attover?

GJESTEKOMMENTAR: 4. juli i år, USA sin sjølvstendedag, var den første etter at den historiske dommen Roe v. Wade frå 1973, som sikra kvinner sin rett til abort i USA, vart omstøytt.

Sterke protestar på den nye abortlova utanfor delstatsforsamlinga i Arizona, ein av delstatane som no tek frå kvinner retten deira til å bestemme sjølve.
  • Marte C.W. Solheim
    Marte C.W. Solheim
    Professor og leiar for Senter for innovasjonsforskning, Handelshøgskolen ved UiS
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Den siste høgsterettsdommen, Dobbs v. Jackson, vart offentleggjort den 24. juni og betyr at delstatane sjølve kan bestemme om abort skal vere lov. Fleire delstatar har allereie innført forbod mot abort.

Vi går dermed inn i ein epoke som ikkje berre vil bere preg av utryggje abortar, men også brei kriminalisering av graviditet, skriv skribenten Jia Tolentino i The New Yorker. Statsleiarar frå heile verda kallar det grufullt og forferdeleg. Tidlegare president Barack Obama kallar det eit angrep på essensielle fridomar.

Samstundes ser ein at nokre, som til dømes den tyske politikaren Beatrix von Storch, uttalte at avgjerda sender eit signal om håp for ufødt liv, og Mike Pence, tidlegare visepresident i USA, rosar Høgsterett si kjenning på Twitter. Vidare seier Pence at vi må ikkje kvile før livets heilagdom er tilbake i sentrum av amerikansk lov i alle statar i landet.

Les også

Gunnar Grendstad: «USAs føderale nei til abort»

Eit USA ute av takt

USA går i motsett retning av den generelle trenden der over 50 land har liberalisert sine abortlover, medan berre nokre få land i dette hundreåret har redusert tilgangen til abort. Dette står i sterk kontrast til at støtta for abort i befolkninga i USA generelt er høg.

I eit skriv signert av meir enn 100 globale helseorganisasjonar hevdast det at mange amerikanske delstatar er klare til å vedta mykje meir restriktive lover enn i dei fleste andre utvikla land, og at USA er ute av takt med det globale samfunnet si forplikting for å fremje menneskerettane.

Retten til abort må vere knytt
til menneskerettar og kvinner
sin rett til sjølvbestemt abort.

Sett på nært hald

Den dominikanske republikk i Karibia er eit av dei 24 landa i verda der abort er ulovleg. Der har eg sjølv har budd i fleire år og på nært hald sett kva kriminalisering av abort kan medføre. Forbodet forhindrar ikkje abortar, men fører til at dei skjer illegalt og ofte under svært farlege tilhøve. Fleire har vorte skada eller mista livet.

Ei av dei mykje omtalte sakene i landet er saka om den 16 år gamle Rosaura Almonte som ikkje fekk cellegift for leukemien ho vart diagnostisert med i 2012, ettersom ho var sju veker gravid. Legane meinte nemleg at den naudsynte behandlinga ville kunne ha negative effektar på fosteret.

Diskusjonen om Rosaura skulle få tilgang på medisin drog ut over 20 dagar, og Rosaura døydde halvannan månad etter at ho kom til sjukehuset.

Dette er berre ei av mange slike historier. Ein skal ikkje måtte forsvare høvet til å kunne ta abort fordi det skuldast situasjonen som Rosaura var i, eller grunna grufulle handlingar som valdtekt. Retten til abort må på generelt grunnlag vere knytt til menneskerettar og kvinner sin rett til sjølvbestemt abort.

Det gjer inntrykk å oppleve slike dystre skjebnar på nært hald. Det handlar òg om at det vert auka grad av ulikskap knytt til kven som kan ta abort, til dømes i ein annan delstat eller eit annan land, og dei som ikkje har økonomi til å ta slike val.

Verre enn før 1973

Fleire medium måler eit dystert bilete av kriminalisering av graviditet med frykt for at det vert brei, statleg overvaking av gravide kvinner, legar ved klinikkar og alle som er i kontakt med ein graviditet som ikkje vert fullført.

I podkast-serien «Det store bildet» har Sofie Høgestøl og Eirik Bergesen ein spesialreportasje om abortlova og omtaler det som eit spøkelse frå fortida.

I The New Yorker skriv Jia Tolentino at vi skal ikkje attende til tida før Roe. Vi skal til ein mykje verre plass. Ho trekker fram at der abort har vore eller snart vil bli forbode, kan svangerskapstap no potensielt bli etterforska som eit brotsverk. Her viser ho til nettlesar-historikk, tekstmeldingar, stadsdata, betalingsdata, informasjon henta frå mens­syklus-appar og at påtalemakter kan undersøke alt dersom dei trur at tapet av ein graviditet kan ha vore medvite.

Dette er ikkje berre svært inngripande i privatlivet, men ein høgst dystopisk tanke å forfølge.

Abort som kulturkamp

Vidare kan vi i The Washington Post lese at forkjemparar for retten til abort rundt om i verda uttrykker bekymring for at snuvendinga i USA kan gje næring til rørsler for å gå attende også andre stadar og styrke andre anti-kvinne og anti-kjønn-rørsler.

Det handlar altså om meir enn abort, det handlar om ein kulturkamp.

USAs president Joe Biden gjekk hardt ut mot høgsterettsdommen då han talte til folket, og han sa òg at «abortspørsmålet står på stemmesetlane i mellomvalet» til Kongressen i november. Han kalla det ein trist dag der kvinner sine fundamentale rettar er tekne frå dei, og at kvinner sine liv og deira helse no står i fare.

Framover vil vi kunne sjå denne kulturkampen spele seg ut i det politiske biletet – og i kvinner sine liv. Fleire tiår med positiv utvikling knytt til likestilling, og kvinner sine rettar, møter stadige tilbakeslag.

Publisert: