Fakta skal ha makta i Norad!

GJESTEKOMMENTAR: Forsking om utviklings- og bistandsarbeid er avgjerande viktig for å lukkast. Og kunnskapsbasert kritikk av Norad er velkomen.

Publisert: Publisert:

Gerhard Henrik Armauer Hansen i arbeidsrommet sitt på Pleiestiftelsen i Bergen rundt 1895, der han med eit mikroskop oppdaga leprabasillen i 1873. Foto: Johan van der Fehr/Lepramuseet i Bergen

  • Bård Vegar Solhjell
    Direktør i Norad

Når ein startar i nytt arbeid, ligg ein gjerne litt lågt. Då eg møtte Norad for første gong før jul i fjor, gjorde eg eit unntak. Programerklæringa mi var: «Fakta skal ha makta!»

Det gjorde eg ikkje berre fordi det stadig vert snakka meir om alternative fakta og falske nyhende, men fordi eg er opptatt av at det vi gjer best mogleg skal bidra til å kjempe mot fattigdom og til å skape berekraftig utvikling.

Søkande og opne

Det er mange meiningar om kva som er god bistand – og i alle fall om kva som ikkje er det. Dette er ofte basert på overtyding og eigne synspunkt på korleis verda burde vere. Og altfor ofte tek vi menneske med oss erfaringar frå eit prosjekt og overfører dei til meiningar om korleis ting bør vere, sjølv om kontekst og samanheng er ulik.

Mitt ideal er at vi har klåre og prinsipielle mål og verdiar, men er søkande og opne om verkemiddel. Då må kunnskapsgrunnlaget vere slik at vi kan lære av det, og bruke det.

For å få til dette må tiltaka vere kunnskapsbaserte. Og for å få til det, treng vi forsking.

Les også

50 tegn på at verden går framover

Viktige partnarar

Forskinga har ei viktig rolle i å korrigere og rette opp feiloppfatningar om utviklingstrendar i verda. For eksempel trur dei fleste nordmenn at utviklinga i verda går mykje dårlegare enn det som er tilfellet. I ei tid med informasjonsoverflod og falske nyhende kan forskinga vere ei trygg hamn for sikker kunnskap – og ho kan korrigere feilaktige inntrykk.

Gjennom åra har det norske forskingsmiljøet innanfor utviklingsspørsmål vakse. Dette er særs viktige partnarar for oss i Norad. Forskingsmiljø ved institutt og universitet får støtte til utviklingsforsking frå Norad og gjennom ei rekke program i Forskingsrådet.

Av dei første utviklingsforskingsmiljøa i Noreg er Christian Michelsens Institutt (CMI), som denne veka feirar 90 år – sjølve markeringa av jubileet er utsett grunna koronaviruset. CMI vart oppretta av Christian Michelsen, den første statsministeren i det sjølvstendige Noreg, då han testamenterte formuen sin til opprettinga av eit institutt som skulle drive kulturelt og vitskapeleg arbeid. Michelsen trudde på kunnskap som eit middel for å byggje bru mellom nasjonar og folkegrupper. Og det var dette som fekk CMI til å rette seg inn mot forsking på utvikling.

Eit døme på vellukka forsking, finansiert av Forskingsrådet, er eit fiskeriprosjekt med Universitetet i Tromsø i spissen. Fiske er ei viktig ernæringskjelde i mange utviklingsland, ofte utan at fiskaren klarer tene særleg pengar på det. Forskingsprosjektet inkluderte forskarar og funn frå 15 land. Resultatet førte til at FNs organisasjon for ernæring og landbruk, FAO, endra retningslinene sine for fiske i liten skala. Vidare vart fiskarane si betydning og rolle i fiskeriforvaltninga synleggjort. Samtidig har det lagt føringar for korleis myndigheiter og sivilt samfunn kan skape ei positiv utvikling av fiske som veg ut av fattigdom.

Les også

Bård Vegar Solhjell: «Dei glade 20-åra – tiåret for løysingar»

Satsing i utviklingsland

Men det er ikkje berre i Noreg vi finansierer forsking. Forsking er sentralt for alle lands utvikling. I Noreg vert i overkant av to prosent av bruttonasjonalproduktet investert i forsking, i Afrika er dette nærare null for mange land. Hovudgrunnen er rett og slett underfinansiering frå myndigheitene i landet. Noreg, gjennom Norad, finansierer difor høgare utdanning og forsking ved kring 90 universitet og høgskular i 35 utviklingsland.

I tillegg gir vi direkte støtte til forskingsinstitusjonar i Afrika sør for Sahara for å bygge forskingskompetanse og kapasitet slik at landa sjølve kan identifisere og løyse eigne utfordringar.

Eit eksempel er Armauer Hansens Research Institute (AHRI) i Etiopia, som forskar på globale helsespørsmål. Noreg hadde ei sentral rolle i opprettinga av AHRI for 50 år sidan, og instituttet fekk namn etter den norske legen Gerhard Henrik Armauer Hansen. Han var doktor i Bergen og den som først identifiserte leprabasillen i eit mikroskop. Det hadde enorm betydning for behandlinga av spedalsksjuke. Forskingskapasiteten ved instituttet i Addis Abeba har blitt bygd opp over tid, og instituttet vert i dag fullt ut drive av etiopiarar. Finansieringa av instituttet kjem også i aukande grad frå etiopiske styresmakter. I 2016 fekk AHRI status som «Center of Excellence» innan medisinsk forsking og opplæring i regionen.

Slikt varmar hjartet til ein gammal kunnskapsminister.

Gi oss beskjed!

Noreg vil halde fram med å finansiere forsking om og for utvikling. Oppfordringa mi til utviklingsforskingsmiljøet i Noreg for dette og dei neste 90 åra er: Fortsett det viktige arbeidet, gi oss ny kunnskap til å løyse utfordringane og kritiser oss viss vi ikkje gjer ein god nok jobb.

Publisert:

Les også

  1. Den første «stavangerbølgen»

  2. – Viktig for barn å se at det nytter å hjelpe

  3. – Regnskogene er ikke «verdens lunger», de er viktigere enn som så

  1. Bistand
  2. Norad
  3. Gjestekommentar
  4. Bård Vegar Solhjell
  5. Bærekraft