Frå vondt til verre for Sølvberget

KOMMENTAR: Så var det ikkje «bare» dei to millionar kronene dei raudgrøne vil kutta i budsjettet, men 3,5 millionar kroner Sølvberget må spara til neste år. Korleis løyser Stavangers nye fleirtalskameratar den klemma?

Publisert: Publisert:

I 2014 viste Eirik Faret Sakariassen partifelle Bård Vegar Solhjell rundt på Sølvberget. SV var ute av posisjon, og SV hadde akkurat foreslått eit nasjonalt bibliotekløft til ein milliard kroner. Foto: Jan Zahl

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Stavangers ferske, raudgrøne fleirtal har på kulturfeltet plassert ein durabeleg drittpakke i sitt eige fang. Eirik Faret Sakariassen (SV) risikerer å starta sitt virke som styreleiar på Sølvberget med å leggja ned Madla bibliotek - og gjera vonde kutt i fleire av Sølvbergets kjerneoppgåver.

Dette må smerta eit SV-hjarte som bankar for biblioteket. Det må vera ein forferdeleg start for raudgrøne parti som prøver å framstå som kulturvennlege. Det finst knapt nokon institusjon som tydelegare representerer raudgrøne hjartesaker som barn og unge, inkludering, integrering og gratis lågterskeltilbod enn Sølvberget og biblioteket.

For å sitera frå Dokument 8-forslaget Bård Vegar Solhjell la fram då SV i 2014 foreslo eit nasjonalt bibliotekløft på 1 milliard kroner: «Biblioteka er blodårene i det kulturelle systemet fordi dei gjer kunnskap og kultur, litteratur og verdiar tilgjengeleg til alle grupper i samfunnet, uavhengig av sosiale, økonomiske og geografiske skiljelinjer».

Å starta sin periode med å leggja ned eit bibliotek er ein symbolsk katastrofe overfor raudgrøne veljarar - og ein lissepasning til opposisjonen.

Alt dette veit sjølvsagt Sølvberget-sjef Anne Torill Stensberg. Kuttforslaget ho og leiinga på Sølvberget har lagt fram er i praksis eit politisk dokument som legg eit tungt, tungt press på Sakariassen og hans raudgrøne kameratar.

Ikkje minst sidan ho viser til at den reelle avstanden mellom Sølvbergets behov og det dei raudgrøne nå foreslår å løyva er på heile 3,5 millionar kroner, når Sølvberget frå nyttår overtek ansvaret for biblioteka på Rennesøy og Finnøy. Stensberg har ryggdekning for reknestykket i sitt eige styre - der Sakariassen allereie er ein av representantane.

Sølvberget blir med dette ramma av to ukoordinerte stormar samtidig: Dei får både større ansvar og større kutt. Mitt tips er at dei raudgrøne, i alle eit stykke på veg, kjem Sølvberget i møte.

Det er ikkje synd på dei raudgrøne som nå må handtera dette. Det er deira eigne prioriteringar - og manglande tankar rundt kulturfeltet - som har brakt dei i denne kattepina. Som dei sjølv må koma seg ut av.

Men dette er altså prisen for å gå frå opposisjon til å få makta dei har lengta etter så lenge.

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. – Kor mange er nok? 500? 5000? Heile Moria?

  2. Rajas (nesten) umulige hovudpine

  3. – Korleis blir livet fram­over om folk er endå meir forsiktige enn styres­maktenes smitte­råd?

  4. – Kva må til for at eg skal bli ein varm Trump-tilhengar?

  5. Viking må bytta navn!

  6. Kva er denne gjengen sin største kulturpolitiske tabbe?

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Bibliotek
  3. Eirik Faret Sakariassen
  4. Kulturpolitikk
  5. Madla og Kvernevik