Reddar ein fattige ved å gi til dei rike?

KOMMENTAR: Fleirtalet av dei som neste år får gratis SFO, søskenmoderasjon og gratis skulemat i Stavanger, har råd til å betala det sjølv. Men har Stavanger kommune råd?

Publisert: Publisert:

Dei raudgrøne innfører gratis SFO for førsteklassingar, søskenmoderasjon og gratis skulemat til neste år. Det kostar titals millionar i året. Foto: Jon Ingemundsen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Etter at Stavangers nye, raudgrøne fleirtal la fram sitt forslag til budsjett for eit par veker sidan, har eit minne frå studietida dukka opp. I ei forelesing i samanliknande politikk om den nordiske velferdsmodellen hugsar eg at forelesaren sa: «Som kjent er vegen til helvete brulagd med gode intensjonar.»

«Helvete» er i denne samanhengen ikkje bokstaveleg talt eit brennande inferno, men handlar om eit dilemma ambisiøse velferdsstatar som Sverige og Danmark har hamna i – og som stadig fleire bekymrar seg for at vil ramma Norge. Nemleg at ei stadig utbygging av velmeinte velferdsordningar på eit visst tidspunkt vil bli uråd å finansiera.

Verdiskapingsgapet

Sosialdemokraten – og sosialøkonomen – Jens Stoltenberg var veldig klar over dette, over verdiskapingsgapet mellom statlege inntekter og utgifter i framtida. Det var derfor hans regjering i 2001 innførte den såkalla handlingsregelen, for å sikra langsiktig og forsvarleg bruk av oljeformuen i oljefondet.

Dagens statsminister Erna Solberg frå Høgre er også veldig klar over problemet – sjølv om hennar koalisjonsregjering stadig bruker for mykje pengar. Solberg har lese si eiga perspektivmelding frå 2017, som viser dramatiske tal for framtida. Mens det i 2013 var vel to personar over 67 år per ti personar i yrkesaktiv alder, vil talet i 2060 vera fire personar over 67 år per ti personar i yrkesaktiv alder. Med andre ord: Dei ti personane i yrkesaktiv alder skal finansiera dobbelt så store pensjonar som i dag.

Skal dette reknestykket gå opp, er det avgjerande at dei ti faktisk jobbar og betaler skatt til dei er 67 år – minst! Mens realiteten er at sjukdoms- og uførefråvær aukar meir i Norge enn i andre land – sjølv om alt tyder på at me blir stadig friskare.

Intensjonen bak alle velferdsordningane me har innført i Norge har vore god. Problemet er korleis desse kolossale og aukande utgiftene skal finansierast.

Over til kommunen

La oss venda blikket frå nasjonalt til kommunalt nivå, til Stavanger. Etter mange feite år har melodien frå rådmannen dei siste åra vore at byen står overfor store økonomiske utfordringar framover. Byens nye politiske fleirtal har heller ikkje lagt skjul på at det er tøffe tider og vanskeleg å få budsjettet til å gå opp – ikkje minst fordi dei går glipp av 100 millionar kroner i statlege rammer til neste år. Pengane må sparast inn. Det krev kutt i budsjettet.

I denne finansielle situasjonen innfører dei raudgrøne gratis SFO for alle førsteklassingar i kommunen – til 30 millionar kroner i året; søskenrabatt mellom barnehage og SFO – 11 millionar i året; og gratis skulemat, først i bydelar med levekårsutfordringar, men som i siste år av fireårsperioden er rekna til å kosta 12 millionar kroner.

Igjen: Intensjonane er dei aller beste, noko som kan lesast ut frå dei første setningane i budsjettdokumentet: «En kommune bør først og fremst måles etter hvordan den behandler de med minst ressurser. For Stavangers politiske flertall er det viktig å prioritere de som har størst behov for gode tilbud fra kommunen.»

Dilemmaet

Her kjem dilemmaet: Prioriterer ein dei som har minst ressursar og størst behov når ein innfører universelle ordningar? Altså ordningar som omfattar absolutt alle, både dei med store og små ressursar? Og som dermed blir mykje, mykje dyrare for kommunen enn om ein prioriterte – i praksis målretta – tiltaka mot dei som treng det mest?

Det interessante er at Stavanger allereie har gratis SFO for barn frå låginntektsfamiliar, og gjennom eit prøveprosjekt med språkstimulerande tiltak. 554 stavangerbarn har gratis SFO i dag.

Dei nye ungane som skal få gratis SFO, er dermed barn som kjem frå familiar der hushaldsinntekta ligg over 277.500 kroner for eineforsørgarar og 435.000 kroner om det er to vaksne i hushaldninga og dei har eitt barn i SFO. Eller 370.000 kroner (eineforsørgar) eller 522.000 kroner (to vaksne) om ein har to barn i SFO.

Les også

Kampen om barnefamiliene

Les også

Gratis SFO for førsteklassinger i Stavanger

Les også

Gratis SFO gir jubel og håp om full dekning

Då Stavanger la fram si levekårsundersøking i mai, viste den at forskjellane aukar – og at ingen by har så sterk vekst i barnefattigdom som nettopp Stavanger. 13,3 prosent av kommunens barn levde i låginntektsfamiliar i 2016. Ifølgje Ap’s Arnt-Heikki Steinbakk utgjer dette 3000 barn under fattigdomsgrensa i Stavanger.

Men frå hausten 2020 skal altså dei 86,7 prosentane av barn som ikkje lever i låginntektsfamiliar, få gratis SFO og søskenmoderasjon. Stavanger er blant kommunane i Norge som utmerker seg med ei høgare medianinntekt (391.700 kroner i 2016) enn det nasjonale snittet. Nå skal husstandar med millioninntekter få gratis SFO frå eit politisk styre som vil prioritera dei med størst behov.

Alternativet ville vore å bruka meir pengar på dei som trong det mest, mens me som har råd til å betala 3000 kroner i SFO i månaden, kunne betalt sjølv. Det ville i alle fall blitt langt billegare for kommunen.

Det bringar meg til min gamle forelesars neste poeng om vegen til helvete: Det er nesten umogleg å kvitta seg med velferdsordningar – same kor dyre dei er. Kva politikar vil gå til val i Stavanger om fire år og foreslå å fjerna gratis SFO, søskenmoderasjon og gratis skulemat, som jo er kjekt å få i hendene – enten du er fattig eller rik?

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. – Kva må til for at eg skal bli ein varm Trump-tilhengar?

  2. Viking må bytta navn!

  3. Kva er denne gjengen sin største kulturpolitiske tabbe?

  4. – Koronakrisen har vist at kulturpolitikarane ikkje skjønnar seg på kulturfeltet

  5. – Abid Raja: Det er ikkje frisyren din som er det vesentlege no, men kulturpolitikken

  6. "Skal me ha eit levande mediemangfald også etter korona, må folk rett og slett abonnera"

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Perspektivmeldingen
  3. Stavanger kommune
  4. Barnefattigdom
  5. Arnt-Heikki Steinbakk