Ein hyllest til oljearbeidaren

GJESTEKOMMENTAR: Det er ingen grunn til å rette peikefingeren mot dei som har sikra vår velstand. Vi bør heller hylle dei.

Publisert: Publisert:

På veg ut til Ekofisk igjen, ristande og med høyrselvern på. Landet har mykje å takke desse og alle andre i olja for. Foto: Jon Ingemundsen

  • Bård Vegar Solhjell
    Generalsekretær, WWF Verdens Naturfond
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Då eg vaks opp på 1980-talets Vestland, såg verda ganske annleis ut enn ho gjer i dag. Dagsrevyen var kjelda vi gjekk til for nyhende, ingen tenkte på å bli vegetarianar og få ting gjorde foreldre stoltare enn å ha døtrer og søner som byrja i olja.

Åra har kome og gått sidan den gong. Kunnskapen om menneskeskapte klimaendringar har utvikla seg enormt. Ekstremvêr herjar verda rundt. Klimapolitikk har blitt ein viktig del av så godt som kvar einaste politiske konferanse og møteplass. Og vi har fått ei ny kjensle: klimaskam.

Folk skal ikkje skamme seg over jobben sin. Det er heilt feil.

Engasjementet som bikka litt over

Når eg les om oljearbeidarar i Noreg som opplever at klimaskam har nådd deira bransje, vert eg litt perpleks. Til Bergens Tidende fortalde Hege Cecilie Nordeide nyleg at ho knapt vågar å fortelje folk kva ho jobbar med, i frykt for reaksjonane. Det er noko veldig nytt i oljelandet Noreg. Og det er ikkje bra.

På eit vis er jo det eit uttrykk for eit aukande klimaengasjement. Eit medvit rundt korleis vår eigen aktivitet påverkar klimagassutsleppa, her heime og ute i verda, dit oljen vår vert eksportert. Eg og mine kollegaer i WWF Verdens Naturfond er letta over at saka vi lenge har slite med å få gehør for, no blir tatt på største alvor. Utfasing av fossil energi er eit viktig tema i politikken og i samtalar rundt middagsbord landet rundt.

Men folk skal ikkje skamme seg over jobben sin. Det er heilt feil. Nett som det er feil å legge skulda for klimaproblemet på dei mange tusen kvinner og menn som har eller har hatt arbeidsplassen sin i olja. Dei har bidratt til å forme Noreg til det det er, ein av dei beste stadane å bu i verda.

Teknologien er ikkje den same i dag som på Haltenbanken i 1985, men verdien av arbeidet som er lagt ned på sokkelen, tidlegare og seinare, skal ikkje undervurderast. Foto: Jonas Haarr Friestad

Ein takk er på sin plass

Inga skam. Tvert om. Vi skuldar oljearbeidarane ein stor takk for arbeidet dei har gjort og gjer, ikkje ein peikefinger for eit felles globalt problem vi må løyse. Vår sosiale framgang, sterke økonomi og trygge velferdsstat er eit resultat av mange krefter: teknologi, kompetanse, politisk klokskap, sterke folkelege rørsler, eit ansvarleg næringsliv og kvinners inntog på arbeidsmarknaden. Men det viktige arbeidet som er gjort med hente ut petroleumsressursane, er ein viktig del av historia dei siste 50 åra.

Medium, vi miljøforkjemparar og mange andre har ofte behov for å generalisere og forenkle. Det finst to sider: dei gode og dei vonde. Dei som står på rett side av historia, og dei som står på feil.

Men det er jo ikkje slik verda fungerer. Langt derifrå. Trongen til å sette menneske inn i motsettande kategoriar, å male verdsbilde med brei pensel, gjer at nyansane forsvinn. Vi kan gløyme at det vi er kritisk til i dag ein gong var godt grunngjeve.

Fortidas garantistar for Noregs velferd kan syne seg å bli garantistar for ei grøn omstilling.

Oljearbeidarane kan bli framtida vår

I fleire tiår har oljebransjen sysselsett nokre av våre aller mest kunnskapsrik og kompetente hovud. Vi har utvikla kunnskap og teknologi dei fleste land berre kan drøyme om. Det er ein ressurs det ville vore temmeleg uheldig å vende ryggen bort frå.

Oljearbeidarar – om det er teknologar, ingeniørar, geologar eller fagarbeidarar – har kompetanse som kan syne seg å bli ein nøkkel til den vellykka omstillinga til det fossilfrie samfunnet vi må bli. Fortidas garantistar for Noregs velferd kan syne seg å bli garantistar for ei grøn omstilling.

Eit godt døme er havvind. Skal vi fullt ut gjere bruk av dei gode føresetnadene vi har langs kysten til å byggje ut denne teknologien, kjem vi til å ha bruk for offshore-kompetansen som er bygd opp.

Men moglegheitene stoppar ikkje der. Ta det norske selskapet Inrigo, til dømes. Inrigo, som har kontor både i Trondheim og i Kamerun, gjekk frå å vere eit oljeteknologiselskap som arbeidde offshore til å setje i verk eit grønt skifte over til vatn og energi. Dei leverer mellom anna reinseanlegg innan oppdrett, vatn- og avløpssektoren, og dei lager anlegg som reinsar biogass.

Ikkje berre næringar til havs kan nyte godt av kompetansen vi allereie har. Teknologikompetansen og ingeniørkompetansen i oljebransjen kan brukast på mange andre felt. Berre vi vågar. Berre vi satsar.

Det kjem ikkje av seg sjølv. Vi treng ein politikk som sikrar grøne jobbar. Ein politikk som startar omstillingsprosessen for oljearbeidarane før det er for seint – før olja ikkje har ein marknad meir. Grøne jobbar er trygge jobbar, og dét er bra både for dei som har dei – og for vår alle si felles velferd.

Norske oljearbeidarar fortener ei takk, også frå oss som arbeider med miljø. Og dei fortener at vi ser kor avgjerande viktig kompetansen og arbeidskrafta kan bli i eit grønt skifte. Igjen treng Noreg at menneske deltek i å skape eit nytt økonomisk fundament.

Les også

Debatt: «Ikke skyld på oljearbeiderne»


Les også

Sven Egil Omdal: «Noen har au pair, andre mister AAP»

Les også

Statsråd Anniken Hauglie: «Derfor endret vi AAP-ordningen»

Les også

Sven Egil Omdal: «Har statsråd Hauglie ikke lest sin egen proposisjon?»


Publisert:

Les også

  1. Slik er det å være fattig i verdens rikeste land

  2. – Å bli kjent med fattige barn i Stavanger har gjort noe med oss

Mest lest akkurat nå

  1. To nye tilfeller av koronasmitte i Sandnes

  2. Stavanger-kvinne blir tidenes yngste deltakar i «Mesternes mester»

  3. Nordmenn på reise fikk karantene-sms

  4. Flere tidligere toppolitikere kjemper om samme lederjobb i Stavanger

  5. 80 syklister og elsparkesyklister bøtelagt i Oslo

  6. Landro: - Vi har det tøft nå, men ansvaret er mitt

  1. Olje og gass
  2. Klima
  3. Offshore
  4. Bård Vegar Solhjell
  5. Gjestekommentar