Meir glede av ein ekstra naturfagstime?

KOMMENTAR: Høgre vil ha meir lærings­glede i ungdoms­skulen. Eller meir kontroll og fleire plikter, som det også heiter.

Høgre, her ved Erna Solberg og Jan Tore Sanner, vil ha ein meir variert ungdomsskole. Så dei legg inn ein time til med naturfag.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

«Ungdomsskolen må bli mer praktisk og variert og gi økt motivasjon for både faglig og sosial læring», seier Jan Tore Sanner (H) på Høgre sine heimesider.

Glede?

Dermed kunne ein jo tru at Høgre ville bli riktig glade for at dobbelt så mange lærarar som før søkjer vidareutdanning i fag som musikk, kunst- og handverk og kroppsøving. For Høgre er jo også opptekne av kor viktig ein god lærar er. Og over halvparten av lærarane som underviser i desse faga i dag, manglar utdanning i dei. Du kan fint få undervisa i musikk med to grep på ein dårleg stemt gitar frå 9. klasse som høgaste utdanning.

Men Høgre er skuffa. «Regjeringen må gjerne skryte av at søkingen til andre fag har gått opp, men tallene er heller et eksempel på at regjeringen svikter i innsatsen for å løfte grunnleggende ferdigheter og basisfagene i skolen», seier Sanner til Utdanningsnytt.

I 2014, mens Høgre var i regjering, innførte dei høgare kompetansekrav for lærarane i norsk, engelsk og matte, med tilbakeverkande kraft. Støre-regjeringa har fjerna det kravet.

Meir glede?

Høgre vil intensivera opplæringa i lesing, rekning og engelsk for dei som stiller svakt når dei begynner på ungdomsskulen. Det vil dei gjera til ei plikt. Større variasjon? Ein ekstra natur­fags­time i veka. I matematikken skal ein kunna velja litt, for eksempel litt meir praktisk rekning i 9. og 10. klasse. Eitt valfag skal vera yrkesretta.

Så legg dei på ein ekstra nasjonal prøve i engelsk, for at lærarane – og politikarane! – skal kunna kontrollera om elevane har lært det dei skal.

Dei vil gjera rådgjevarane betre, og innfører kompetansekrav for å få det til. Dei vil ha eit nasjonalt fråværsregister, innføra registrering av fråvær frå første skuledag i grunnskulen og gi skulane plikt til å følgja opp frå første dag. Dei vil ha oppfølgingstenesta inn i ungdomsskulen for å følgja opp dei som held på å ramla ut.

Sikkert?

Drivkrafta bak reforma, som Høgre kallar alt dette, er å løysa «flere sentrale utfordringer som i dag hemmer mestring og læringsglede i ungdomsskolen.»

Meir intensiv læring ved pulten, meir kontroll. Tydelegare todeling, mellom dei som fiksar ein teoritung skule, og dei som ikkje gjer det. Dei siste treng tiltak, meiner Høgre. Og tidleg innsats.

Viss berre dei som er svake i lesing, skriving og engelsk, får meir intensiv undervisning i lesing, skriving og engelsk, viss alle tar ein kontrollprøve til, viss heile grunnskulen over heile landet set i gang med å dokumentera fråvær frå første time, så synest Høgre sikre på at det vil utløysa både meistring og læringsglede i ungdomsskulen. Og meir variasjon, med den der ekstra naturfagstimen.

Kva dei skal ta vekk? Uklart. Timetalet i grunnskulen har lagt på seg tilsvarande to heile skuleår. Berre halvparten kan knytast til at skulen har blitt 10-årig. Dei fleste av timane har kome i tillegg, i norsk og matematikk, for dei minste.

Eller?

Eg synest også det er viktig at alle barn i Norge lærer seg å lesa skikkeleg. Men er ikkje sikker på at meir av same medisin er det som verkar best.

Det kunne vera at fleire vil oppleva meir meistring med ein hakket meir variert skuledag. Viss for eksempel praktiske og estetiske fag får både breiare og høgare plass. For alle.

For nokon kan engelsken kjennast lettare viss den er ein songtekst i musikktimen, for nokon kan matematikk først gi meining når du skal kjøpa måling til ein vegg eller dobla ei oppskrift på spagetti bolognese.

«De barna som har anlegg for snekring, omsorgsarbeid, matlaging eller betongstøping, får nesten ikke utviklet ferdighetene sine på skolen og får heller ikke særlig uttelling for dem», skriv sosiolog Astrid Hauge Rambøl i ein pamflett frå Manifest tankesmie. Manifest er kjent for å stå langt til venstre i norsk politikk.

Folk er jo ulike, barn også, det har eg trudd at Høgre satte ganske høgt, eigentleg. Men ikkje i skulen.

Synd

Det er reint sørgelege greier Høgre kallar reform. Sjølv om dei prøver seg med litt meir variasjon i valfag, sjølv om dei vil gjera det lettare for skulane å laga alternative opplegg til dei som droppar heilt ut. Dei synest først og fremst fastlåste i eit gammalt mønster som ikkje tener nokon. Det er synd. Fordi Høgre i ideologi skal vera opptekne av individet – enkeltmennesket. Fordi dei er det partiet folk stolar mest på når det gjeld skule. Ein kunne tenkja seg at Høgre ville vera rausare med enkeltmenneska, sjølv når dei er barn, ungdommar eller lærarar.

Arbeidarpartiet har ikkje særleg stor sjølvtillit i skulepolitikken – eller tillit, for den del. Men regjeringa dei styrer driv forsiktig på med ei slags tillitsreform. Med å ta vekk det der kravet til lærarar i basisfaga. Med å ta vekk mykje av målesystemet i universiteta. Med å sjå på kor mykje måling og testing og rapportering dei kan ta vekk frå grunnskulen. Det er ikkje så lett å sjå fine ting denne regjeringa driv med. Men dette håpar eg dei lykkast med.

For meg er det rart at store, sterke Høgre er så opptekne av krav, kontroll og måling. Eg skulle ønska dei ville løysa det grepet litt. La skulen pusta. Det kan vera det ville koma gode menneske ut av det. Og det kan vera fint med musikklærarar som kan meir enn det dei sjølv lærte på ungdomsskulen.

Publisert: