Årets fredelegaste landsmøte?
KOMMENTAR: SV vil ikkje lenger melda Norge ut av Nato. Det er fred i partiet. Regjeringsmakt? Nja. Kvifor det?
- Solveig G. SandelsonKommentator

SV oppstod av Nato-motstand. Av dei som meinte det ikkje var klokt med to blokker kald krig. Som verken ville ha Warszawa-pakta eller Nato, verken Sovjetunionen eller USA. Som meinte at det måtte finnast ein tredje veg.
Heilt til nå har SV hatt med seg ei setning om å melda Norge ut av Nato.
For mange i SV trur eg det har vore omtrent som abort-saka har vore for KrF. Det er hjarteslaga, det dei har vore villige til å stå for heilt aleine, uansett. Sjølv når det ikkje er realisme i det, sjølv når håpet og trua på det berre lever heilt inne i partibobla. For mange andre har det vore noko ein lar vera i fred, sjølv om dei finn det uforståeleg. Dei har latt det liggja.
La stå?
Nato-motstanden i Norge er så liten at den nesten ikkje er merkbar. Sjølv blant SVs eigne medlemmer er den så liten at den nesten ikkje er merkbar.
Kunne SV likevel la det stå, det med å villa melda Norge ut? Men ikkje snakka så mykje om det? Partileiar Audun Lysbakken stilte spørsmålet, og svarte klart nei. Han meiner SV er eit for viktig parti i norsk politikk til å halda seg med vedtak dei ikkje meiner alvorleg. Då vil dei heller ikkje bli tatt alvorleg. Det nye forslaget tar med seg kritikken av Nato, men ser det ikkje lenger som ei løysing å melda Norge ut.
Debatten
Det var ein lang, lang debatt, fredag ettermiddag og kveld. Men alle debattar i SV er lange, lørdag morgon har rundt 100 teikna seg for neste debatt før klokka er ni. Det er halve landsmøtet. Dei har berre tid til å sleppa til 55.
Sikkerheitsdebatten var fredeleg. Med mange forslag så klart, om å støtta alt frå radikale dissensar til små, språklege justeringar. Redaksjonskomiteen endrar litt, og kjem tilbake med justert forslag. Landsmøtet kjem med innvendingar til nitten av dei. Som alle må stemmast over. Alle blir ståande slik dei var. Ingen blir endra. Tjuande gongen dei skal stemma, er det om dei skal vedta heile forslaget. Det blir vedtatt med stort, stort fleirtal.
Dei samlar seg, til slutt. SV vl ikkje lenger melda Norge ut av Nato.
Den debatten sa mykje. Om SV. Om kor sterkt Ukraina-krigen endrar synet på verda omkring oss. Om klokt forarbeid frå Audun Lysbakken sjølv. Eit tydeleg standpunkt frå sjefen, med raust nok rom for dei som meiner noko anna.
Fred
Det seier også mykje om kor fredeleg det er i SV for tida. Kor godt partiet lever utanfor regjering. Kor mykje dei meiner dei har fått til. Kor klart dei kan peika på regjeringspartia når dei likevel ikkje får til nok.
Det går så bra utanfor regjering at det bekymrar nokre av dei som står fremst og drar. Dei er redde for at SV-folk ikkje lenger skal sjå poenget med regjeringsmakt.
Inn i regjering nå? Då måtte i tilfelle korta delast ut heilt på nytt. Ein måtte starta med blanke ark. SV vil ikkje vera med på å letta skuld og nederlag for regjeringspartia, blir det sagt på gangen. Om tanken skulle vera at det er lettare å dela slikt på tre, enn på to.
Og akkurat nå er vel skuld og nederlag det regjeringspartia samlar mest av.