Vi kan ikkje leve på ønskebrønnar
GJESTEKOMMENTAR: Olje og gass har vore ei gullgruve i 50 år, men no har ei ny tid starta: Den norske staten risikerer å tape på investeringar i nye felt. Heile grunnlaget for petroleumspolitikken sklir vekk.
- Bård Vegar SolhjellGeneralsekretær, WWF Verdens Naturfond


Langt nord i Norskehavet er det om kort tid klart for opninga av det mykje omtala gassfeltet Aasta Hansteen. Når mange år med planlegging, førebuingar, utrekningar og kompliserte fraktoperasjonar resulterer i produksjonsstart, kjem det utvilsamt til å sprute både gass og champagne. Vi er vande med å feire store funn av fossile ressursar i dette landet, feire at ingeniørkunsten sigrar over naturkreftene og at staten får pengane vi treng til sjukepleiarar, politifolk, sjukeheimar og vegar.
Mens den ekte Aasta Hansteen var ei framtidsretta, til tider grensesprengjande kvinnesakskvinne, er notidas Aasta ein gigantisk konstruksjon av stål som skal nyttast til å hente opp gass langt mot nord.
Imponerande? Ja visst. Grensesprengjande? Utvilsamt. Framtidsretta? Nei. Det er ikkje eingong særleg sannsynleg at det vert lønsamt, i alle fall ikkje for dei av oss som ikkje tek del i champagneskålinga.
Gassplattformen Aasta Hansteen forankret i Norskehavet
Økonomisk tap for staten?
Denne veka presenterte vi i WWF Verdens naturfond notatet «Norges dyreste ønskebrønn». Vi har rekna ut kor lønsamt Aasta Hansteen-gassfeltet i røynda ligg an til å verte. Vi har nytta offentleg tilgjengelege data og estimata på tariffkostnadane som er tilgjengelege gjennom Gassco. Våre funn syner at med dagens marknadsutsikter for gassprisen i Europa, vil selskapa som har investert i Aasta Hansteen, tene pengar på feltet, medan den norske staten vil tape. Årsaka er korleis oljeskatten i Noreg er innretta, der staten tek brorparten av den økonomiske risikoen i nye felt.
I dag vert selskapas eigne vurderingar av kor lønsamt eit prosjekt kan verte, lagt til grunn for dei politiske avgjerdene. Dette skjer trass i at det kan vere stor skilnad på kva som løner seg for staten og kva som løner seg for selskapa. I den seinaste stortingsmeldinga om petroleumspolitikken vart ikkje forskjellen på lønsemd for staten og selskapa drøfta.
Men det er store skilnadar på kva som løner seg for staten og kva som løner seg for selskapa, det er lett å sjå i dømet Aasta Hansteen. Våre reknestykkje syner at dersom prisen på gass held seg mellom 1,52 og 1,88 kroner per standard kubikkmeter, så vil oljeselskapa tene medan staten tapar. Ingen kan vite sikkert kva prisen på gass vil verte i framtida, men det er ganske mykje som tyder på at han kan hamne nettopp i dette prisrommet. Gass som skal leverast om fire år, det vil seie i fyrste halvdel av Aasta Hansteen si produksjonsperiode, vert no handla i gassmarknaden for om lag 1,74 kroner per standard kubikkmeter. Om dette vert snittprisen for gass frå Aasta Hansteen-feltet, syner våre reknestykkje at staten vil tape 4,4 milliardar 2018-kroner etter skatt, medan selskapa på si side kan sitte igjen med 2 milliardar 2018-kroner etter skatt.
At ein miljøorganisasjon ikkje jublar over opninga av eit nytt gassfelt, er kanskje ikkje overraskande. Men det er korkje sårbare naturområde eller klimautslepp vi har konsentrert oss om denne gongen, det er spørsmålet einkvan med ansvar for offentleg velferd og arbeidsplassar burde stilt seg sjølv: Vil dette faktisk løne seg, eller er det berre noko vi trur fordi det er slik det har vore dei siste 50 åra?
– Staten kan tape milliarder på Aasta Hansteen
Dobbelt håplaust
Det vert naturlegvis ikkje betre om vi legg til klimaperspektivet. Olje og gass er den største kjelda til dei klimautsleppa som nett no forårsakar enorme øydeleggingar for natur og folk over heile verda. Om vi skal hindre at planeten får totalt feber, med alle dei skadene det vil innebere for avlinger, leveområde for dyr og menneske, livet i havet og det meste anna vi kan tenkje oss, må vi kutte fossile brensel og leggje om til ei fornybar framtid. Vi har ikkje noko anna val. Berekningar syner at Aasta Hansteen-feltet vil sleppe ut 2,1 millionar tonn CO2 frå konstruksjon og produksjon gjennom heile levetida si. Å nytte 4,4 milliardar offentlege kroner på å sleppe ut dryge to millionar tonn CO2 er ikkje berre håplaus klimapolitikk, det er også håplaus økonomisk politikk.
Ein kan vere lite eller mykje oppteken av klimaet, men sjølv ikkje klimanektarar vil meine det er rett at vi skal opne olje- og gassfelt som Noreg taper store pengar på. For å sikre at petroleumsprosjekt blir framtidig lønsame for staten, har vi no bedt finansminister Siv Jensen om å gå inn i Aasta Hansteen-feltet og alle nye felt på sokkelen og gjere eigne utrekningar om statens inntekter. Det er ganske oppsiktsvekkjande at eit stort gassfelt, eit prestisjeprosjekt som det har vore knytt høge forventningar og mange store ord til, kan ende opp med å verte direkte ulønsamt for staten. Når staten taper pengar på investeringar i nye felt, har heile grunnlaget for petroleumspolitikken sklidd vekk.
Det er petroleumsnæringa som skal skape verdiar for staten. Ikkje omvendt.
- Twitter: @bardvegar