Frp er partiet for mannfolk flest

GJESTEKOMMENTAR: Framstegspartiet kallar seg eit liberalistisk parti. Liberalisme er å kjempe for individet sin fridom. Men ikkje alle sin fridom, må vite.

Publisert: Publisert:

Foto: NTB Scanpix

  • Jarl Wåge
    Lærar og skribent
iconDenne artikkelen er over to år gammel
  • Aftenbladet har rettet opp ett utsagn nede i saken, for å få fram at Haugeli tviler på at abort-vedtaket hennes går gjennom.

I januar vedtok Stavanger Frp å be landsmøtet utreie innføring av «juridisk abort». Det vil seie at mannen skal ha høve til å fråskrive seg alle plikter og rettar om han gjer ei kvinne gravid og ho bestemmer seg for å bere fram barnet. Og det før barnet er født.

Grunngjevinga er at det i dag bare er den eine parten, kvinna, som kan avbryte foreldreskap. Den brutale Frp-bodskapen er at om mannen vil ha barnet fjerna og kvinna vel å bere det fram, så kan ho pinadø ha det så godt, klare seg på eiga hand og ta seg av «lausungen» som best ho kan.

Les også

Stavanger Frp vil ha utredet juridisk abort

Som i tidlegare tider

Det osar middelalder av dette vedtaket. Akkurat slik var det før feministar fekk kjempa gjennom lover og reglar som vernar kvinna så ho ikkje hamnar i «uløkka», som det heitte før vi fekk lovreguleringar. Då kunne mannen, far til barnet, sleppe unna utan forpliktingar. Ofte var det herren i huset som gjorde tenestejenter gravide. Dei gravide mista jobben og måtte leve til spott og spe i ein slags evig gapestokk. Ungane som desse kvinnene sette til verda, blei kalla «lausungar» og var ofte uglesett og utstøtte.

Frp kallar seg «partiet for folk flest». I denne saka er dei i høgste og pinlegaste grad «partiet for mannfolk flest».

Kvifor i all verda vil liberalistiske menneskje stemme for eit slikt forslag?

Som om dette ikkje var nok

Om det er det juridiske abortvedtaket i Stavanger som har inspirert Aust-Agder Frp, er ikkje godt å seie, men dei gjorde i alle fall nyleg eit vedtak som igjen viser at dette slett ikkje er partiet «for kvinnfolk flest». Dei ønskjer ganske enkelt at kvinner som ønskjer å ta abort, skal betale for inngrepet sjølve.

Silje Flaten Haugeli, som frontar vedtaket, uttaler til NRK Sørlandet at dette handlar om at kvinner må lære å ta konsekvensen av eigne val. «Alle vet hva konsekvensene av ubeskyttet samleie er», er det moralistiske postulatet hennar. Haugeli vedgår at det er eit kontroversielt vedtak, og ho tvilar på at forslaget går gjennom. Men «Det er mange liberalistiske mennesker i partiet som vil stemme for», hevdar ho.

Skal dette vere utgangspunktet, er det uendeleg mykje folk må betale for sjølve på sjukehus.

Ei lissepasning

Det er då eg lurer: Kvifor i all verda vil liberalistiske menneskje stemme for eit slikt forslag? Korleis kjempar ein for individet sin fridom ved å tvinge kvinner som har blitt gravide, særleg fattige kvinner, til å betale for abort? Ikkje eitt ord om at det er ein mann med på å gjere ei kvinne gravid. Ingen ting om at «gravøren» skal vere med å betale. Slikt ville då aldri «partiet for mannfolk flest» finne på å foreslå.

Aust-Agder Frp og Silje Flaten Haugeli serverer forresten dei mest vidunderlege lissepasningar til oss som gjerne vil score mål på dei. Ja, det er nesten så ballen er ferdigscora. «Det handler om å ta konsekvenser av handlinger vi gjør», ifølgje Haugeli. Ja, vel. Skal dette vere utgangspunktet, er det uendeleg mykje folk må betale for sjølve på sjukehus.

Søtsaker, oveting og eit liv i passivitet kan gjere at folk må ha insulin i årevis for å overleve. Skal dei betale sjølve?

Kva med diabetes, kols og lungekreft?

Alle veit at ubeskytta sex kan ha ei rekkje uønska konsekvensar. Kva med kjønnssjukdommar? Skal behandling betalast av eigen pung? Folk med aids, som i årevis går på rådyre medisinar, skal dei legge ut for dette sjølve?

Har eg valt å vere storrøykar heile livet og pådrar meg røykebein, kols og lungekreft, er det óg resultat av eigne val. Alle veit kva risikoen ved røyking er. Å behandle slike livsstilssjukdomar er megadyrt og kan vere langvarig. Meiner Aust-Agder Frp at folk skal punge ut sjølve?

Diabetes er ein annan vanleg livsstilsjukdom. Søtsaker, oveting og eit liv i passivitet kan gjere at folk må ha insulin i årevis for å overleve. Skal dei betale sjølve, Haugeli?

Vi ser tragiske utfall av at folk vel å kjøre for fort og kjem i alvorlege ulykker. Enkelte må ligge på sjukehus i månadsvis, hamnar i rullestol for resten av livet og må stadig på rehabilitering. Dette er pasientar som kostar samfunnet millionar av kroner. Og eg spør: Meiner de i Aust-Agder Frp at trafikkskadde skal ta konsekvensane av eigne val og dekke gigantutgiftene sjølve? Viss svaret er nei, lurer eg på: Kvifor pokker stiller de andre krav til ei gruppe medsystrer som har blitt gravide, enn til folk som har risikert eigne og andre sine liv med halsbrekkande fartsorgiar?

Stavanger Frp vil at det nettopp er det far skal kunne gjere. Stikke av.

Ufyseleg

Mange har med styrke hevda at Frp er eit anti-likestillingsparti. Dei har foreslått å fjerne likestillingsombodet fordi det er likestilling nok. Framståande kvinner i partiet skryt av at dei aldri har sett sine bein i eit 8.-marstog, samtidig ivrar dei for å avvikle det mest likestillingsfremjande tiltaket Noreg har sett på mange år, øyremerkt pappapermisjon.

På under ein månad har vi sett to ufyseleg kvinnefiendtlege forslag frå Frp. «Fridomspartiet» vil ta frå kvinnene to rettar dei har stått på barrikadane for i mange tiår: Retten til å bestemme over eigen kropp og velje å føde barn om det er det dei vil, utan at far bare kan stikke av. Stavanger Frp vil at det nettopp er det far skal kunne gjere. Stikke av.

Og no vil altså Aust-Agder Frp med eit pennestrøk ta frå kvinnene den retten dei kanskje har kjempa aller hardast for, nemleg retten til fri abort.

Partiet for folk flest? Aldri i livet!

Les også

Steiler over Frp-forslag om å utrede juridisk abort

Les også

– Det er ingen angrerett på barn, Stavanger Frp!

Les også

– Frp må endre sitt slagord til «frihet uten ansvar»

Les også

Juridisk abort avvist av Frp’s fylkesårsmøte


Publisert:

Les også

  1. Forslaget om å egenbetaling for abort: – Klønete forsøk!

Mest lest akkurat nå

  1. Høiland fikk tøff beskjed av Berntsen

  2. – De første 15 minuttene med 10 mann har gått greit for Sandnes Ulf. Fortsatt 18 minutt pluss tillegg igjen

  3. Dei tek over lokalet til Sjå Inge: – Vil vere ein restaurant/­kafé med trykk på kafé

  4. – Stigende smitte­trend for Sandnes

  5. Beboere slukket kjøkkenbrann i Sandnes

  6. Ryfylke­tunnelen måtte stenge et felt på grunn av tysk sykkel­turist

  1. Gjestekommentar
  2. Jarl Wåge
  3. Stavanger FrP
  4. Fremskrittspartiet (Frp)
  5. Politikk