Ideen om bistand til oljeutvinning fortener refleksjon, revurdering og revisjon

GJESTEKOMMENTAR: Både forsking og erfaring tyder på at berre dei færraste lukkast i å realisere ei balansert økonomisk, politisk og sosial utvikling med utgangspunkt i olje- og gassutvinning.

Norad-programmet Olje for utvikling skal hjelpe med å få hjula i gang i utviklingsland, som i Ghana, ein stor mottakar i programmet. Men verkar det i praksis imot hensikta? Foto: NTB

  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Rektor, Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Bistandsprogrammet Olje for utvikling nyttar den norske modellen for ressursforvaltning som utgangspunkt for utviklingsstrategiar i ressursrike låginntektsland. Viktige paradoks og dilemma reiser spørsmålet om oljeutvinning eigentleg er så godt eigna som grunnlag for langsiktig økonomisk og sosial utvikling. Difor er det bra med drøfting og debatt om innretting og utsikter for norsk bistand til oljeutvinning.

Frå bakken til banken

Når det er mykje ein har lyst på og løna ikkje strekk til, er det lett å ty til sparegrisen. Mange vil vere einige i at dette neppe er smart i det lange løp. Det er på same viset med ressursrikdom. Olje og gass er ein del av nasjonen sin sparegris. Om ein tappar ned olje- og gassressursane og brukar opp pengane, blir ein mindre rik.

Med ei langsiktig, nøktern og fornuftig forvaltning av naturressursar, kan olje og gass legge grunnlag for høgare økonomisk og sosial velferd. Noreg er eksempel på eit lite, velutvikla land med mykje olje og gass som har lukkast godt med å realisere store inntekter gjennom konverteringa av olje og gass til finansformue. I sin tur har ressursrikdommen dermed lagt grunnlag for høgare forbruk og velferd.

Eksempla frå andre delar av verda er diverre ikkje like oppløftande. Med låg kompetanse, svakt byråkrati, skjøre institusjonar, mangel på infrastruktur og konsentrasjon av politisk makt er vegen lang frå ressursrikdom til vekst og velstand. Forskarar på området diskuterer framleis om tilgang til olje og gass i det heile tatt har positiv innverknad på potensialet for utvikling og velstand og velferd.

Dette er bakgrunnen for at norske styresmakter driv eit eige program for bistand under overskrifta Olje for utvikling (Ofu). Føremålet er å nytte norske erfaringar til å hjelpe samarbeidsland i forvaltninga av olje- og gassressursar på eit vis som legg til rette for berekraftig (!) økonomisk vekst og velferd. Programmet blei etablert i 2005, blir koordinert av eit eige sekretariat i Norad, omfattar i dag eit samarbeid med 15 land og har eit samla årleg budsjett på over 300 millionar kroner. Sidan oppstarten for 15 år sidan er det delt ut over tre milliardar kroner under programmet.

Les også

Hilde Øvrebekk: «Equinors tvilsomme pengebruk»

Dei beste intensjonar

At erfaringar i Noreg med forsvarleg forvaltning av olje- og gassressursar kan delast med ressursrike land andre stader i verda, kan i utgangspunktet sjå ut som ein god idé. Om sannsynet kan aukast for at ressursrike land vil lukkast i å konvertere naturressursar til økonomiske verdiar og velferd for fellesskapen, burde jo dette vere til gagn for alle partar. Noreg sitt engasjement for å mobilisere olje- og gassutvinning i ressursrike utviklingsland reiser likevel ei rekke spørsmål og dilemma.

Olje og gass er ikkje-fornybare naturressursar. Dette inneber at eventuelle gevinstar for økonomi og velferd er av forbigåande karakter, med mindre ein lukkast i å forvalte ressursinntektene i eit langsiktig perspektiv. Både erfaringar og forsking tydar på at dette svært sjeldan er tilfelle blant land som har svake institusjonar og låg kapasitet i offentleg forvaltning. Støtte til institusjonsbygging og kapasitetsutvikling verkar dårleg om makta er samla på få hender og politikken er driven av utsikter til personleg vinning, slik tilfellet ofte er i utviklingsland.

Om erfaringsoverføringa frå Noreg faktisk skulle ha ein verknad, er det heller ikkje opplagt at det er den verknaden ein tenkte seg. Institusjonsbygging og styringskapasitet vil nemleg ikkje ruste mottakarlanda til berre å gjennomføre god politikk, det vil òg auke gjennomslaget for ein eventuell dårleg politikk. Suksess vil dermed føresette at styresmaktene i vertslandet er velmeinande, og at alt dei manglar er kunnskap. Dette er neppe eit heilt typisk mønster for utviklingsland som er rike på olje- og gassressursar.

Les også

Jon Lomøy (tidl. Norad-direktør): «Kampen mot fattigdom vil stå i 31 land»

Paradoks og dilemma

Forskinga visar at ein langsiktig utviklingsstrategi basert på utvinning av olje og gass har avgrensa sjansar for å lukkast. Verknaden av ressursrikdom på økonomisk og sosial utvikling er uklår, og både forsking og erfaring tyder på at berre dei færraste lukkast i å realisere ei balansert økonomisk, politisk og sosial utvikling med utgangspunkt i olje- og gassutvinning. Ressursrikdom av dette slaget fører like gjerne til overforbruk, forureining, tap av konkurranseevne, etterslep i innovasjon og produktivitet, politisk uro og konflikt.

På toppen av dette kjem paradoksa knytt til klimautfordringa. Globale klimaendringar fører med seg ei rekke risikofaktorar for økonomi og samfunnsutvikling, både internasjonalt og i Noreg. Etter fleire tiår med forhandlingar ser ein no at viktige land i verda samlar seg om politiske ambisjonar for å dempe forbruk og utvinning av fossile brensel. Gjennomslag for ein ambisiøs klimapolitikk vil innebere at all utvinning av olje og naturgass blir mindre lønsamt, og investeringar og utvinning difor vil måtte gå ned. I motsett fall vil klimapolitikken spele fallitt og klimaendringane vil halde fram.

I denne situasjonen er det altså at norske styresmakter legg ned stor innsats for å mobilisere nye volum av olje og naturgass for utvinning i låginntektsland. Både erfaringar og utsikter tydar på at dette er ein politikk som er moden for revurdering og revisjon.

Heile Kåkånomics-programmet

Les også

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Klaus Mohn
  3. Bistandspolitikk
  4. Norad
  5. Kåkånomics

Mest lest akkurat nå

  1. De trodde munnbind beskyttet. Så gikk de syke på jobb i sykehjemmet.

  2. Denne gaven tar helt av: – Dette er all time high. Vi har aldri sett slike tall

  3. Risa har dratt inn milliardbeløp på vindkraft - nå vil de helst ikke snakke om det

  4. Denne lunsjretten får du bare tak i på Jæren: - Vi får ukentlig henvendelser fra utflyttede jærbuer

  5. Ingve Bøe-bloggen: «Gudegaven lekte med spissen Bamba»

  6. Go-Ahead kutter avganger på Jær­banen: - Disse avgangene innstilles