Berre ein gris – behandlar vi dyra bra nok i Noreg?
GJESTEKOMMENTAR: Med den kunnskapen vi no har fått, kan det spørjast om dyrevelferdspolitikken tar nok omsyn til dyra sine behov.
- Svein Erik TuastadStatsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger


Veganarane, som er mot all utnytting av dyr, har nyleg søkt om offentleg støtte som livssynssamfunn. Det skapte spetakkel. Meiningane deira aktualiserer ein djupare debatt om dyreetikk. Ifølgje Aksel Braanen Sterri, eit friskt pust i norsk politisk tenking, vil ettertida dømme oss hardt moralsk for måten vi behandlar dyra på. Internasjonalt har tonesetjande politiske filosofar som kanadiaren Will Kymlicka og ikkje minst den omstridde australiaren Peter Singer konkludert på liknande måtar.
Trumfar økonomiske interesser dyreetikken?
Barna til Dagros
Tre døme illustrerer viktige sider i dagens norske dyrepolitikk; først gjeld det kyr. Forskaren Julie Føske Johnsen ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) har dokumentert korleis ku-mødrene vert heilt ute av seg i dagevis når kalvane vert tatt frå dei rett etter fødselen. Dei som får vere med kalvane, vert mykje meir nøgde og det same gjeld for kalvane, viser oppfølgingsstudien hennar.
Det andre dømet handlar om grisar. Grisane er sosiale og intelligente dyr. Manglar høvet for dei til å drive med aktivitetar som er naturlege for grisar, til dømes rom nok til å kunne følgje rangordningar, vil mange grisar oppleve store påkjenningar. Sist sommar synte NRK dokumentarfilmen «Griseindustriens hemmeligheter». Den avslørte dyremishandling og eit haldningsproblem i næringa.
Det siste dømet gjeld pelsdyrnæringa. Aktivisme og mobilisering mot pelsdyrhald har ført til at norsk pelsdyrhald skal verte avvikla innan 2025 av velferdsgrunnar.
Eg kjem tilbake til døma. Dei viser at dyrepolitikken både har sterke og svake sider. Men også kva som skal utgjere den etiske standarden, høyrer med i ein debatt om dyrepolitikken.
Etterpå måtte hun ringe grisebøndene, og si: «Jeg var ikke den jeg ga meg ut for»
Økokrim: Dyrevernsaktivist handlet i nødrett da hun deltok i mishandling av griser
Tre grisebønder siktet av Økokrim etter NRK-dokumentar
Piraya fikk Fritt Ords Honnør for dokumentarer om dyremishandling
Tre etiske syn
I 1970 gav Peter Singer ut boka Animal Liberation. Han konkluderte med at menneska ikkje bør kunne behandle dyr berre ut frå kva som tener menneska. I kraft av å oppleve smerte og glede har dyr interesser som har moralsk vekt. Det tyder sjølvsagt ikkje at menneska og andre dyr har like interesser. Men ideen hans om at mennesket er arts-sjåvinistisk er ein viktig dyreetisk posisjon som til dømes også veganarane deler.
Den norske politikken og lova om dyrevelferd representerer ein motsett posisjon. Dyrevelferdslova er tufta på god dyrevelferd og respekt for dyr, slår føremålsparagrafen fast. Ei viktig formulering, i paragraf tre, er at. Dyr skal behandlast godt og beskyttast mot fare for unødige påkjenningar og belastningar.
Bestemminga om å unngå unødige påkjenningar er svært vid. Paragrafen må forståast slik at dyra sine interesser er klart underordna menneska sine interesser utan krav om at det skal liggje føre ein klar dokumentert nytteeffekt for menneska. Det er nok at det er tatt velferdsomsyn til dyra.
Eit tredje etisk syn er ein mellomposisjon. Den amerikanske filosofiprofessoren Jeff McMahan slår fast at menneske på ein annan måte enn sjimpansar, hundar og grisar er fornuftsstyrte og i stand til å gjere avanserte moralske avvegingar. I tråd med historisk liberal tenking grunngjev det autonomi og menneskerettar, men ikkje dyrerettar.
Men innanfor ein annan av dei viktige filosofitradisjonane, utilitarismen, eller nyttefilosofien (jamfør Singer), tel det meir at også dyr opplever glede og smerte. Difor har dyr interesser som ein rettferdig politikk må ta inn over seg.
Det følgjer at mennesket i prinsippet bør kunne drepe dyr. Men gitt at dyr sine interesser også tel, må nytteeffekten då vere klår.
Alf Berg: «Veganer-alarmen ringer: Budbringeren må skytes! Fort!»
Norsk dyrepolitikk
Den norske politikken er kunnskapsbasert; det er ein styrke. Døma med kyrne, grisane og pelsdyroppdrett oppfor er talande: Vi avviklar pelsdyroppdrett og har innført krav om at grisane skal kunne leve i tråd med sine sosiale instinkt. Og forskinga til Julie Føske Johnsen indikerer at nye innsikter kan bane veg til betre velferd for Dagros og barna hennar. Jamvel om det skjer brot på dei etiske standardane, høyrer det også med i biletet at det går føre seg eit kontinuerleg utviklingsarbeid.
Når det er sagt, er det eit ope spørsmål om ikkje dyrevelferdslova likevel bør reviderast. Dyrevelferdslova og tilsynsinstansen følgjer rimeleg høge standardar, men med kunnskapen vi no har, kan det likevel spørjast om politikken tar nok omsyn til dyra sine behov. Det gjeld å presisere betre kva som er akseptable påreknelege påkjenningar og å krevje at nytteeffekten for menneska må vere påviseleg stor.
Eirik Magnus Fuglestad: «Dyremishandling som strukturelt problem»
Berre ein hund
«Bed Gud varna deg, og bruk vitet ditt!» sa han [faren] mykje mildare enn han var van, liksom halvt baade undren og ottefull; «for du veit daa det, det er berre ein hund!»
Slik er avsluttinga i Per Sivle si forteljing «Berre ein hund» om Per som i skjul passar på hunden han er så glad i. Til slutt vert hunden skoten.
For Per var Hall meir enn berre ein hund. Men faren si haldning i det nemnde sitatet er det òg verdt å merke seg. Han viser respekt for kjenslene til guten og er halvt «baade undren og ottefull».
Det var ei fin innstilling: Der kjenslene og kunnskapen møtest, vert god politikk til.