Ei verd på vippepunktet

GJESTEKOMMENTAR: Etter ein generasjon med framgang, står vi overfor eit meir krevande tiår internasjonalt – og nasjonalt. Utan betre og meir effektivt internasjonalt samarbeid gjer vi det verre for oss sjølv å løyse våre felles problem.

Syriske flyktninger i Bekaa-dalen i Libanon. Krig og klimaendringer vil gjere millionar av menneske heimlause dei neste ti åra.
  • Bård Vegar Solhjell
    Bård Vegar Solhjell
    Direktør i Norad
Publisert: Publisert:

I 1990 vart omkring 1,9 milliardar menneske rekna som ekstremt fattige etter utrekningane til Verdsbanken. Dette utgjorde 36 prosent av menneska i verda. I 2015 var talet redusert til 737 millionar. Trass i sterk folkeauke minka talet på ekstremt fattige til under ti prosent. I tillegg har tilgang til utdanning, helsetenester og rein energi auka. Barnedødsfrekvensen har gått ned. Sjølv om mange framleis har lite å leve for og er utsette, er dette fantastiske framsteg. Verda var ein suksess – til nyleg.

Tilbakeslag

Der vi står i dag, i 2021, er det teikn til at framgangen flatar ut – ja blir til tilbakeslag. Idet denne teksten står på trykk, er ein pandemi som har verknader på tvers av alle sektorar, den dominerande utfordringa for heile verda. Nedgangen i fattigdom har vore svakare dei siste åra. Dette er ein tendens som kan bli forsterka av covid-19-pandemien. Aukande ulikskap mellom land er med på å redusere veksten og auke fattigdommen. Covid-19 og alt det fører med seg kan bli meir enn ein hump i vegen for fattige land – det kan bli eit stort tilbakeslag som pregar dette tiåret.

Krig = fattigdom

Samtidig fører teknologisk endring til nye mogligheiter for utvikling for fattige land som ikkje hadde slike moglegheiter for ein generasjon sidan, og til nye moglegheiter for utviklingssamarbeidet. Eit anna utviklingstrekk er at ein aukande del av dei ekstremt fattige lever i dårleg fungerande eller krigsherja land, meir enn 40 prosent. Det krev nytenking om korleis vi gjennom utviklingssamarbeid kan nå dei fattigaste og samtidig bidra til utvikling gjennom å hjelpe til med tiltak som baserer seg på forståing av konteksten i det einskilde landet og den einskilde regionen.

På same tid som det har vore gjort store framsteg når det gjeld sosiale og økonomiske menneskerettar, opplever vi ein tilbakegang i sivile og politiske rettar. Partnarar som jobbar med sivilt samfunn, rapporterer stadig om truslar og vanskelegare arbeidsforhold, noko som krev auka merksemd frå Norad. Viktige globale initiativ som svara på globale utfordringar, har vorte møtte med meir motstand.

Naturen går tapt

Eit av dei mest dramatiske utviklingstrekka i verda fram mot 2030 er likevel dei fundamentale endringane i livsgrunnlaget vi opplever: klimakrisa og tapet av natur. Dei globale klimaendringane har allereie fått konsekvensar for menneske og samfunn. Sjølv med innfriing av Parisavtalen er det truleg at temperaturen globalt vil auke med rundt tre gradar celsius. Det vil få enorme konsekvensar. Tap av natur heng tett saman med klimaendringane og kan ifølgje FN sitt naturpanel (IPBES) få endå større konsekvensar for oss menneske enn klimaendringane. Det er ikkje så rart: Vi menneske er heilt avhengige av naturen for å få mat, klede, energi og medisinar – ja, det meste.

Klimaflyktningar

Fattige land blir hardast ramma. Samtidig er dette dei landa som har minst ressursar å bruke på å tilpasse seg. Verdsbanken reknar med ein auke i talet på ekstremt fattige på rundt 100 millionar menneske fram mot 2030, berre på grunn av klimaendringar. Nedbygging av natur og klimaendringar påverkar temperatur og lokal flora og fauna. Dette kan igjen få store negative innverknader på matproduksjonen. Migrasjon som følgje av dette kan bli omfattande, spår FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR) og Flyktninghjelpen.

Dei store økologiske endringane skaper ei verd på vippepunktet. Desse endringane utgjer ein trussel mot økonomisk og sosial framgang i fattige land. Vi må førebu oss på eit tiår med fleire uventa kriser.

Vi er ei verd

Det verste som kan skje er om vi vender oss innover. For problema er globale. Covid-19 oppstod truleg på ein ulovleg dyremarknad i Wuhan i Kina. I løpet av månadar var det spreidd til heile verda. Klimaendringane rammar heile verda. Den globale ulikskapen får konsekvensar stort sett alle stader, då verdsøkonomien knyt oss saman. Omfattande krigar og konfliktar, som den i Syria, kan ikkje lenger føregå utan at konsekvensane spreier seg og får innverknad på våre liv.

Difor er internasjonalt samarbeid naudsynt for å løyse dei store globale utfordringane, som også er våre utfordringar. Vaksinetilgang, klimaendringar, migrasjon og økonomisk ulikheit er blant dei – dei har alle innverknad på våre liv. Vi må velje å løyse dei saman med andre, ikkje kvar stat kvar for seg.

Dei store økologiske endringane skaper ei verd på vippepunktet. Desse endringane utgjer ein trussel mot økonomisk og sosial framgang i fattige land. Vi må førebu oss på eit tiår med fleire uventa kriser
Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Bård Vegar Solhjell
  3. Koronaviruset
  4. Flyktninghjelpen
  5. Parisavtalen

Mest lest akkurat nå

  1. Heller ikke denne gang mobiliserer Rogaland KrF for Olaug Bollestad

  2. En komplett skan­dale i Sirdal

  3. Pfizer: Vaksinen trygg for barn mellom 5 og 11 år

  4. To Nav-ansatte i Bergen kniv­stukket under bruker­møte

  5. Her åpner en ny Dolly Dimples med musikk­pub

  6. Brann­vesenet må hjelpe en per­son ned fra tre