Kvifor får menn flest prisar?

KOMMENTAR: I det siste har eg gjort det til ein vane å telja kvinner. Det var svært fort gjort når det gjeld lista over dei som har fått Rogaland fylkes kulturpris.

Skodespelar Sally Nilsson er ein sjeldan fugl. Ho er ei av svært få kvinner som har fått Rogaland fylkes kulturpris. Kvifor er det framleis flest menn som får slike prisar? Foto: Fredrik Refvem

  • Heidi Hjorteland Wigestrand
    Heidi Hjorteland Wigestrand
Publisert: Publisert:

Ni kvinner og 36 menn har fått denne prisen sidan 1979. Tre av desse ni deler i tillegg prisen med ein mann. Her er det noko som skurrar. Kvifor har så få kvinner i Rogaland blitt funne verdige ein slik pris?

Kvinners pristørke er ei nasjonal utfordring. I 2018 gjekk til dømes 70 prosent av alle litteraturprisar til menn.

For meg er dette eit mysterium. Det er jo lenge sidan kvinnene reiste seg frå bekken der dei låg på kne og vaska klede og ikkje hadde tid til å gjera forfina åndsarbeid som dei kunne vinna gjæve prisar og medaljar for.

Menn opp og i mente

Lista over kven som har fått Stavanger Aftenblad sin kulturpris, er ikkje mindre mandig. Denne prisen er blitt delt ut 70 gonger sidan 1951. Berre åtte av desse har gått til kvinner åleine. Fem kvinner fekk prisen saman med menn.

Sjefredaktør Lars Helle i Aftenbladet erkjenner at avisa gjennom generasjonane har vore for mannsdominert på mange arenaer, og at altfor få kvinner har fått avisas kulturpris, men dei siste åra har fordelinga mellom kjønna vore jamn. To kvinner og to menn har fått pris, og dessutan to institusjonar med profilerte kvinner i sentrale posisjonar. I Helles tid har juryen alltid sett på kjønn og geografi, i tillegg til prestasjon og innsats.

Kva er det som hindrar kvinner å vinna prisar i vår tid? Er det lange morspermisjonar og organisering av familielogistikken som gjer at det ikkje blir tid til å yte lang og tru teneste?

Det viktigaste i livet er ikkje å vinna pris. For mange kvinner (og menn) er sikkert det å få barn og familie meir verd enn tusen prisar. Likevel tykkjer eg det er interessant å sjå i kor stor grad kvinner går under radaren i vårt såkalla likestilte samfunn. Det er innlysande at det i heile Rogaland må vera så mange kvinner som har lagt ned lang nok innsats for kulturlivet, at dei i det minste i nyare tid burde utgjort halvparten av prisvinnarane, både på fylkeskommunen og Aftenbladets prisliste.

Ei liste over prisvinnarar vil aldri famna alle. Til det er det for mange flinke folk der ute. Det vil alltid finnast både kvinner og menn ein vil sakna som prisvinnarar. Det er til å leva med, men ikkje at halvparten av fylkets innbyggarar er marginalisert.

Gunn tok grep i Odda

Det betyr ikkje at alle menn som har fått prisar er uverdige. Konsekvensen ville berre vore at kvar verdig mann ville ha måtta venta litt lenger på sin pris, fordi kvinner også regelmessig skulle få sine høgst fortente utmerkingar.

Frilansjournalist og artist Gunn Gravdal Elton hadde lenge sett seg lei på same mannsdominans i gamle Odda kommune. Menn vann kulturprisen år etter år. Menn delte ut prisar til gode kompisar, som utan tvil hadde gjort mykje bra, men poenget var at Elton visste om mange kvinner som også hadde gjort svært mykje bra. Dei fekk nesten aldri pris. For ti år sidan begynte ho difor ein stille kampanje for å betre kjønnsbalansen. Ho bombarderte kommunen med forslag til kvinnelege priskandidatar, og etter rundt fem år, gjekk den eine kandidaten hennar inn. Ifølge Elton fekk Odda kommune gradvis auga opp for kor skeivt kulturprisane trefte, og kjønnsbalansen er i betring.

Det er ikkje alltid det er dei mest synlege som fortener prisar. Eltons råd er at ein leitar litt. Dei kvinnene som Odda har heidra dei siste åra, kunne blitt funne for årevis sidan om ein hadde løfta blikket vekk frå alle mennene, hevdar ho.

Bakkemannskapet som gjer at kjendisar blir kjendisar, kan med fordel få fleire av desse prisane, for det er kulturarbeidarar og frivillige i by og bygd som skapar scenen stjernene får skina på. Og blant denne gruppa er det mange kvinner å velja blant.

Spel inn kvinner!

Eltons metode var å føreslå kvinner til prisar. Fram til alle gjer som henne, er tendensen at menn heiar på menn, og at kvinner heiar på dei same mennene.

Det er regional-, kultur- og næringsutvalet i fylket som vurderer innkomne forslag og bestemmer kven som skal få Rogaland fylkes kulturpris. Det sitjande utvalet har delt ut to prisar, i år til forfattar Tore Renberg, i fjor fekk musikar Frank Tønnesen prisen. Åtte av dei 15 som sit i utvalet er kvinner.

Utvalsleiar Inghild Vanglo (Ap) skriv at spørsmålet om kjønnsbalanse er kjent og har vore med i vurderingane rundt prisutdelinga dei to siste åra. Det er fleire grunnar til at utvalet har landa på dei ulike prisvinnarar. Nokre år har talet på innsende kandidatar vore lågt og med varierande kjønnsbalanse. Ho understrekar at langvarig innsats for kulturlivet, og ikkje kjønn, er det formelle kriteriet for prisen.

Vanglo er likevel overtydd om at utvalet også vil ta problemstillinga på alvor i dei komande åra, basert på dei kandidatane som blir spelt inn. Ho oppmodar dei som er opptekne av dette om å nominera gode kandidatar ved første høve, som er vekene før fristen for forslag går ut 1. april neste år.

Mitt råd til utvalet er at om innspelte kandidatar er få, bør fylket droppa å dela ut prisen desse åra. Det må vera betre enn å gi prisen til nok ein mann.

Å få fram kvinner betyr ofte at ein må tenkje seg litt om. Gjer me noko på autopilot, gagnar det i hovudsak menn. Når du skal føreslå ein priskandidat, er det fort gjort å tenkje på dei mest framoverlente, som ofte er menn. Ikkje gjer det kvart år!

Ei liste over prisvinnarar vil aldri famna alle. Til det er det for mange flinke folk der ute. Det vil alltid finnast både kvinner og menn ein vil sakna som prisvinnarar. Det er til å leva med, men ikkje at halvparten av fylkets innbyggarar er marginaliserte.

Les også

  1. Ein barnehage i Gjesdal begynte å ringe far først når eit barn blei sjukt. Då skjedde noko uventa

  2. Debatten om bok­omslaget til Hadia Tajik starta med eit lesar­brev i Aften­bladet. Det viser kva spreng­kraft det kan ha å skriva og meina noko

  3. Berre knapt 30 prosent av kjeldene i avisene er kvinner. Og det er ikkje berre journalistane sin feil

  4. – Eg trur koronakrisa har dunka liva til urbane menneske inn i ein rytme som minner meir om våre bygdeliv

  5. «Eg er glad eg ikkje er eit husdyr. Då hadde eg levd farleg, for eg er ei høne som er i ferd med å gå tom for egg.»

  6. Tre styrepils i 60 knop

Publisert:
  1. Kjønn
  2. Pris
  3. Likestilling
  4. Lars Helle
  5. Odda

Mest lest akkurat nå

  1. Først løp han Norge på langs og knuste verdensrekorden. Så ble han rammet av syndromet som gjør løperen tom og trist

  2. Oransje farevarsel: Svært kraftig styrtregn - vannlekkasjer flere steder

  3. Politiet fant usikret dynamitt, en bombe - og bazooka i kjelleren

  4. Røyk fra leilighet i Verven - ikke behov for evakuering

  5. – Byhaugtunnelen for syklister, det er lov å snu i tide!

  6. Rødt-Mimir om fødekapasiteten på nye SUS: – En skandale