Den siste olje

GJESTEKOMMENTAR: Oljeepoken er på hell, men utsiktene kan reddast av måtehald og smidig omstilling

Stopp leiting etter ny olje, sa Fatih Birol, toppsjefen i IEA, 18. mai. Det passar dårleg for norsk oljepolitikk. Ei omlegging med dempa leiteaktivitet er dermed det mest fornuftige og sannsynlege, skrive Klaus Mohn, UiS-rektor, økonomiprofessor og tidlegare sjeføkonom i dåverande Statoil.
  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Rektor og professor, Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Nasjonaldagen i år markerte ein krossveg i norsk olje- og klimapolitikk. Dagen etter presenterte nemleg IEA-leiar Fatih Birol ein ny rapport som inneber at ingen nye oljefelt kan settast i drift om ein skal ha sjanse til å avgrense den globale temperaturauken til 1,5 grader. Brått stilna kritikken mot IEA, som lenge har vore mistenkt for å verne oljeinteressene og undervurdere omstillingspotensialet til fornyeleg energi. Med den nye rapporten hadde miljøinteressene fått ein ny stjernespelar på laget. For norsk olje- og klimapolitikk stakk rapporten der det gjer mest vondt.

Les også

IEA-rapport sår tvil om nye olje- og gassfelt: – Kommer ikke til å sette noen sluttdato

Kva var det som brast?

Norske oljeinteresser har lenge kjempa mot miljøinteressene for å halde ved lag eit skilje mellom oljepolitikken på den eine sida og klimapolitikken på den andre. Her har oljeinteressene støtta seg tungt på IEA, og især den årlege flaggskiprapporten World Energy Outlook, som nærmast har utvikla seg til eit orakel for norsk oljepolitikk. Med tverrvendinga frå IEA for to veker sidan brast demninga som så langt har skilt norsk oljepolitikk og norsk klimapolitikk. Etter dette vil ingen lenger kunne hevde at dei to politikkområda ikkje heng saman.

Interessefellesskapen rundt olje- og gassverksemda har elles avvist avgrensing av oljeutvinning som ein reiskap i klimapolitikken. Av naturlege årsaker har ein heller retta merksemd og politiske tiltak mot forbruk og etterspurnad, med prising av CO2-utslepp som det viktigaste tiltaket. Med dette har ein sett til side forsking som har indikert at det er pengar å spare ved å kombinere ein reduksjon av utvinningstakten med tiltak som kan dempe forbruket av fossile brensel.

Utvikling eller avvikling?

Sjølv om det beste for den globale fellesskapen kan vere å la oljen ligge, så vil alle land med olje- og gassressursar instinktivt kjempe for sin rett til å vinne ut siste rest. Noreg er ikkje noko unntak. Interessa for å halde oljeverksemda ved lag stikk djupt, og er spesielt sterk langs kysten og utanfor dei største byane. At den norske fagrørsla og næringsinteressene står saman om å sikre aktivitet, sysselsetting og inntening frå norsk olje- og gassverksemd, er heller ikkje så vanskeleg å forstå. Når dei store politiske partia konkurrerer om breie lag av veljarar, er det dermed ikkje til å unngå at resultatet blir utvikling heller enn avvikling for norsk oljeverksemd.

Debatten har lenge gått høgt om utvikling versus avvikling i norsk olje- og gassverksemd. MDG har nok stått fremst i køen for avvikling, med luftig mål om å avvikle utvinning av olje og gass innan 2035. Men debatten om avvikling har òg trengt inn i meir etablerte politiske parti, med ungdomspartia som pådrivarar.

Etter som klimautfordringa tårnar seg opp, blir kontrastane sterkare mellom norsk oljepolitikk og internasjonal klimapolitikk.

Skrifta på veggen

Med rapporten i førre veka rykker omstillinga nærmare. Det er nemleg ikkje berre i Noreg at styresmaktene lyttar til IEA, som er eit underbruk av den internasjonale organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD). I EU vil rapporten styrke innsatsen for å stoppe offentleg finansiering av olje- og gassprosjekt. Og no ryktast det at vegringa mot finansiering av fossile brensel er på veg til å bli politikk sjølv for G7-landa.

Det let seg neppe gjere å stoppe utvinninga frå felt som allereie er i produksjon. Dette ville vere eit alvorleg brot på forståinga mellom regjeringa og næringsinteressene, som i tillegg ville sette store økonomiske verdiar på spel. Av same grunn er det nær sagt umogleg å stoppe utviklinga av felt der investeringar og utbygging allereie er i gang.

Likevel vil det no bli særs vanskeleg å forsvare målretta stimulering av investeringar i olje- og gassverksemd, slik ein gjorde med krisepakka for eit år sidan. Det same gjeld kostnadskrevjande tiltak for å forlenge levetida for oljefelt, som til dømes elektrifisering med kraft frå land, som òg vil møte meir motstand etter det siste utspelet frå IEA.

Leiteaktiviteten er det lettare å gjere noko med. Leiteaktivitet er risikable investeringar som blir stimulerte av skattemessige rammevilkår og gjennom tildeling av leiteareal, der siktemålet er å oppdage nye olje- og gassressursar for utvikling og utvinning om 10–15 år (!). Ei omlegging av politikken for å dempe leiteaktiviteten er dermed den mest sannsynlege og fornuftige responsen på dei nye internasjonale signala. Her vil konsekvensane vere avgrensa for aktivitet og sysselsetting på kort sikt, men på lengre sikt vil ei demping av leiteaktiviteten uvegerleg føre med seg ei raskare utfasing av olje- og gassverksemda.

Les også

Klaus Mohn: «Kunnskap, integritet og kritisk refleksjon kan sikre raskare og betre grøn omstilling»

Tid for å tenke nytt

Oljeepoken har vart i femti år og har gjort Noreg til eit av verdas rikaste land. Inntektene har avleira meir enn 10.000 milliardar kroner på Statens pensjonsfond utland. Men mykje vil ha meir, og norsk politikk går framleis ut på å halde aktivitet og inntekter frå olje- og gassverksemda ved lag så lenge som råd.

Etter som klimautfordringa tårnar seg opp, blir kontrastane sterkare mellom norsk oljepolitikk og internasjonal klimapolitikk. Om Noreg sitt omdøme rundt olje og klima har slått sprekker dei siste åra, så blir det ikkje betre etter dette. Med mindre ein justerer kursen, vel og merke. For sjølv om oljealderen er på hell, så kan måtehald og omstilling framleis legge til rette for ei mjuk landing.

Følg på Twitter: @mohnitor

Hilde Øvrebekk: «Det internasjonale energibyråets rapport om energimarkedene stemmer ikke lenger med den norske oljefortellingen. Så hva nå?»

Les også

  1. Mener IEA endrer premissene for norsk oljedebatt: – Bør være en skikkelig vekker

  2. Trenger ingen flere olje- og gassfelt etter 2021

  3. Et nytt veiskille for olje­industrien

  4. Nesten 100 Høyre-delegater stemte oljekritisk

  5. Solberg: Hovedlinjen i oljepolitikken ligger fast

Publisert:
  1. Klaus Mohn
  2. Oljepolitikk
  3. Gjestekommentar
  4. IEA
  5. Klima

Mest lest akkurat nå

  1. Siktede i avhør etter drapet på Nav-ansatt

  2. En komplett skan­dale i Sirdal

  3. Fra 2019 til 2020 økte den totale mengden med 30 kilo per innbygger

  4. Her åpner en ny Dolly Dimples med musikk­pub

  5. Pfizer: Vaksinen trygg for barn mellom 5 og 11 år

  6. Rødgrønne valg­vinnere varsler fjerning av HRS-støtten