Samtalen med sjamanen

KOMMENTAR: -Denne samtalen er tynnsliten, seier sjaman Durek Verrett til VG. Det syns eg også.

Sjaman Durek Verrett og prinsesse Märtha Louise er her for å bringa eit anna nivå av bevisstheit inn i verda, forklarer sjamanen i ein video på Instagram.
  • Solveig G. Sandelson
Publisert: Publisert:

I videoen på Instagram, der Durek Verrett og prinsesse Märtha Louise kjem inn på rasismen og hatet dei har møtt, kjem dei også med råd om forhold menneske imellom. Og eitt av råda når ein samtale tar heilt av, er å ta deg ein luftetur. Finn ut kva som trigga deg sånn. Ta ansvar for det. Del det. Rett nok er det forhold mellom to dei snakkar om, men eg tok meg ein mental luftetur, likevel.

For kva er det som triggar meg sånn, ved det sjamanen seier?

Det er, med skam å melda, ikkje at han seier han og prinsessa har opplevd rasisme i Norge. Det har dei heilt sikkert, det skjer stadig, for eksempel når den som blir utnemnt til stortingspresident er av iransk opphav. Når vi får eit terrorangrep på ein moske til å handla om snikislamisering, når ein med utanlandsk klingande namn ikkje når opp i søknadsbunkane, når folk unngår deg bitte litt på gata, ikkje møter blikket ditt, ikkje snakkar til deg på same måten som dei snakkar til den kvite vennen din ved sida av deg, når dei tar for gitt at dine erfaringar ikkje er til å rekna med. Det skjer. Og det burde ikkje vera til å tola.

Dommen

I boka «Spirit Hacking», skriv Durek Verrett om då ein trollmann for gjennom kroppen hans som 14-åring, og om englar som fylte rommet etterpå. Ein av dei spurte «Is this the child of light, who has come to wake up the people?» Han skriv at vi er fanga i Matrix, og står overfor dommedag, av han kalla Blackout. Etterpå kjem det Great Age, rett nok for dei som har forstått at meininga med livet er «to lift and to shift, and to thrive.» Du kan også bli redda frå Matrix av enkeltmenneskes altomfattande kjærleik, som Mor Teresa, Nelson Mandela, eller Durek Verrett.

Det var i 2019, slik litteraturmeldar Cathrine Krøger refererte det i Dagbladet. Denne veka, på videoen, fortel sjaman Durek at det er ein enormt stor ting for folk i Norge at nokon i kongefamilien har valt ein svart mann. Og at det er ei kvinne som vel slik, det er verkeleg tøft for folk å forholda seg til, fordi dei sit fast i eit gammalt paradigme, dei blir svært opprørte og sinte. Dei forstår ikkje at verda ikkje kan bli verande den same, vi må endra denne planeten, vi må utvikla oss, vi må ta steget inn i eit anna nivå av bevisstheit.

Han og prinsessa opererer på eit anna nivå, seier han, dei fortel oss ikkje kva vi skal gjera, dei lever det. Dei er her for å setja dette nivået av bevisstheit inn i verda. Det er kva deira kjærleik bringar til verda. Dei vil ikkje forandra oss, dei vil la folk erfara det dei måtte trenga å erfara. Dei dømer ingen. Det er det vi andre som gjer. Vi som er fanga i Matrix.

Samtalen etterpå

Til VG nokre dagar seinare, seier sjaman Durek at han prøver å få i gang ein samtale. Han nemner andre som har blitt misforstått, og at dei alle var geni, som Albert Einstein, Helen Keller, Thomas Edison. Folk var ikkje klare for å lytta, læra, opna seg for nye måtar å tenkja på. Det er det han sjølv også prøver på, å opna opp for ein samtale.

Det er ikkje det eg høyrer. Eg høyrer at eg er uvitande og blind, fanga i eit mønster eg ikkje sjølv ser, at eg treng å utvikla meg, at han sit med sanninga, og vil ha den samtalen med meg frå det høgare nivået av bevisstheit han er på.

Er eg uvillig til det, stiller eg spørsmål ved det, så oppfyller eg jo berre påstanden om at eg lever i Matrix, at eg er ufri og fanga. Det gir meg ikkje lyst til å gå inn i den samtalen. Og eg ser ingen kjærleik i den.

Skuld og skam

I 2019 refererte også Cathrine Krøger til at sjamanen skriv om kreft som noko du har påført deg sjølv, også når det gjeld barn. Han skriv at det er enklare å spørja barn om kvifor dei har påført seg sjølv kreft, enn vaksne, barn svarar enkelt at det er fordi dei ikkje vil vera her lenger. Frå før hadde eg lest at sjamanen ikkje kunne hjelpa med kreft i stadium fire, for då har pasienten gitt opp håpet. Det var altså ikkje sjamanens krefter det skorta på, det var pasientens.

Sjaman Durek møtte massiv kritikk då, særleg for det han skreiv om kreft. Han kalla kritikken konstante angrep på han, mobbing, både av han og av prinsessa, at vi gjorde det for å selja aviser, og at det var skammeleg. Han lurte på om angrepa skuldast at han var svart, at han var kjærast med prinsessa, eller at han var sjaman.

Eg høyrde at det ikkje ein gong streifa han at dette kanskje var innvendingar og kritikk, men at det måtte skuldast våre dømande haldningar mot han.

På bokomslaget stod det at boka gir lesaren nøklar til å ta tilbake makta over seg sjølv, transformera seg sjølv, og lysa opp verda. Mens eg las at sjamanen kan påføra folk i alvorlege livskriser skuld og skam. Dei skal ikkje berre bera sjukdommen og vita at den kan ta livet frå dei, dei skal også bera at det er dei sjølv som har utløyst sjukdommen. For meg opnar ikkje det for å vera eit lys i verda, det opnar for å gå til grunne i skuld, skam, og sorg.

Og eg rullar meg saman som eit piggsvin, for å beskytta meg mot dette. Det er kanskje ein slags måte å ta ansvar på? For den samtalen vil eg ikkje inn i. Der ein som meiner å ha sett lyset, på den eine eller andre måten, gjerne vil ha meg til å høyra på han, og ikkje er framand for å bruka skuld og skam for å oppnå det. Vil eg ikkje, er det jo tydeleg at eg lever i mørket. Mine innvendingar tel ikkje, dei må skuldast noko i meg. Noko mindreverdig.

Sånne samtalar blir fort slitne tynne av mistru. Det syns eg også.

Les også

  1. – Alle sterke krefter, trussamfunn, ideologiar og religionar har ei bakside. Denne også.

  2. – Jeg kan love sjaman Verrett at jeg aldeles ikke ønsket meg å få kreft!

  3. «Å forkynna om Gud og Jesus for ukrainske flyktningar som så vidt har kome seg over grensa, er i beste fall steindumt»

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det beste dei klarte på SUS den kvelden, var å pressa ei sjuk jordmor på vakt. Det er ikkje godt nok

  2. Jan Groths strek er eit opent bidrag til andres tankar. Fleire av oss burde prøva på det

  3. – Denne samtalen er tynn­sliten, seier sjaman Durek Verrett. Det syns eg også

  4. – Alvorleg sjuke barn blir kaste­ballar. Og vi ser det ikkje

  5. Den norske abort­lova er ein skjør balanse mellom to liv. Er den balansen truga nå?

  6. Det går ikkje lenger å tru at dette ikkje vil gå utover behandlinga av pasientar og arbeidssituasjonen til dei tilsette

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Durek Verrett
  3. Prinsesse Märtha