Kjære Equinor: Gratiskonsert på Torget var kanskje ikkje så lurt nå?

KOMMENTAR: Equinors 50-årsgåve til «heimbyen» Stavanger er å fly inn artistar frå Oslo, ha gratiskonsert på Torget – og gjera det endå vanskelegare for regionens kulturliv å selja billettar.

19. juni i fjor besøkte Dagny Mablis-festivalen i Stavanger og song for eit betalande publikum i Vålandskogen. 14. juni i år syng ho på Torget, men då gratis for publikum.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Kjære Equinor!

Gratulerer med dagen! Tenk at det har gått 50 år sidan du etablerte deg her i Stavanger, rett nok under eit anna – og forståeleg – namn. Det er absolutt verdt ei feiring! Du har vore viktig for Stavanger-regionen – og Stavanger-regionen har vore viktig for deg.

Det er for så vidt også ein hyggeleg tanke å arrangera gratiskonsert på Torget på bursdagen 14. juni. Sånn at alle kan bli med på festen, lizm.

Men så er det eit par ting eg lurer på: Då de hadde planleggingsmøte, korleis kom de på at de skulle fly inn Dagny frå Oslo, Chris Holsten frå Oslo, Cezinando frå Oslo, Emma Steinbakken frå Oslo, Vinni frå Oslo, Ramón frå Oslo, Stina Talling frå Bergen og konferansier Ronny Brede Aase frå Oslo? Izabell kan jo ta ein Voi ned til Torget. Men kva har alle desse andre med Equinors «heimby» Stavanger å gjera?

Kvifor inviterte de ikkje f eks Morten Abel, Janove, Thomas Dybdahl, Kvelertak, Skambankt, Beharie, Isah, Tønes, Stavangerkameratene, Sløtface, Tore Pang, Tøfl, Valp, Froddien, Randi Tytingvåg, Hilde Selvikvåg, Hanne Sørvaag, Ingenting, Sigvart Dagsland, Reidar Larsen, Dag Sindre Vagle, Olav Larsen? Eller nokon frå det klassiske miljøet i Bjergsted, der de jo allereie samarbeider med Stavanger Symfoniorkester? Kva med nokon frå jazzmiljøet?

Kulturhovudstad

Tingen er nemleg det, kjære Equinor, at på dei 50 åra du har vore i Stavanger, har byen endra seg. Stavanger er ikkje lenger berre misjonshovudstad, oljehovudstad eller energihovudstad. Stavanger har også blitt ein levande kulturby – endåtil Europeisk kulturhovudstad i 2008. Her har vakse fram eit stort og mangfaldig musikkliv. Du har faktisk bidrege til det sjølv, blant anna som kultursponsor. Så kvifor viser du ikkje det fram, når du skal arrangera gratiskonsert på Torget i Stavanger for å feira 50 år i byen?

Kanskje spurde du nokre av artistane på mi liste. Kanskje kunne dei ikkje. Helga før gratisarrangementet dykkar, skal til dømes Mods spela to dagar på stadion. Med seg har dei Stavangerkameratene, Tøfl, Froddien og Vestlandsfanden. Det arrangementet er på ingen måte gratis for publikum. Det ville nok ikkje vera så lurt av Abel & Co å konkurrera med seg sjølv gjennom å stilla på gratisarrangement på Torget få dagar etter. Vil du sjå Mods, finst det framleis billettar igjen på fredagen.

Same dag som du, kjære Equinor, byr på gratiskonsert på Torget, er det forresten betalt konsert med Judas Priest i DNB Arena. Der finst framleis billettar. Guns´n Roses på Forus Travbane dagen etter har berre dei dyraste billettane igjen.

Mablis-festivalen går av stabelen tre dagar etter gratisarrangementet ditt. Der står Skambankt og Beharie på plakaten, blant mange andre. Så det ville nok ikkje vore så lurt å opptre gratis tre dagar før. Om målet var å selja billettar, meiner eg. Mablis er ikkje utselt.

Konkurrera med gratis

Du veit sikkert dette frå før av, kjære Equinor. Men det er veldig vanskeleg å konkurrera mot noko som er gratis.

Eg veit ikkje om du les kultursidene i den største avisa i «heimbyen» din Stavanger, kjære Equinor. (Eg tek for gitt at du er abonnent og ivrig lesar.) Men Aftenbladet har gjennom eit par år skrive mykje om kor hardt særleg kulturlivet blei råka av koronaen. Kulturen var først til å bli stengt ned, og sist til å få opna opp.

Nå viser det seg at publikum på ingen måte er tilbake, kanskje fordi dei har fått nye vanar, gudane veit. Sjølv om det er haugevis av musikarar som vil spela konsertar, viser det seg at folk vegrar seg for å kjøpa billettar. Dermed har det blitt endå vanskelegare å få kulturlivet til å gå rundt økonomisk – og det var sanneleg ikkje enkelt frå før av.

Les også

Publikum sviktar kul­turen – men ikkje på Sølv­berget

Les også

Long covid for kulturlivet

Ditt bidrag til dette, kjære Equinor? Å by på gratiskonsert på Torget – med Oslo-artistar som har null relasjon til din «heimby», Stavanger. Å bruka dei finansielle musklane dine til å konkurrera med eit hardt prøvd kulturliv som prøver å gå rundt i ei vanskeleg tid.

Forslag

Sjølv om tanken er god, kjære Equinor, syns eg ikkje du burde arrangert gratiskonsert på Torget. I alle fall ikkje nå. Har du framleis omsorg for byen din, burde du brukt desse millionane på ein annan måte. Spons fleire, både breie og smale, aktørar som prøver å skapa eit levande kulturliv i Stavanger gjennom heile året. Ikkje berre ein tirsdag ettermiddag i juni.

Eller kva med å sponsa ein kulturbillett til alle som bur i «heimbyen» din, kjære Equinor? Slik at du bidreg til det kulturlivet treng aller mest nå: Å få det betalande publikumet tilbake.

Då bidreg du, kjære Equinor, til kulturbyen Stavanger. Til at «heimbyen» din Stavanger blir ein god by å bu i også dei 50 neste åra. For deg. For dine tilsette. For alle oss andre.

For det er her du bur, sant?

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. Ei vekes kulturell makt­demonstrasjon

  2. Kjære Equinor: Gratis­kon­sert på Tor­get var kan­skje ikkje så lurt nå?

  3. I 2022 er det ikkje berre kvinnene som treng særleg vern

  4. Over natta blei eg den livredde 14-åringen igjen

  5. Det viste seg å vera langt enklare å stå utanfor og kritisera enn å sitja med ansvaret

  6. Kva er viktigast, kunstens fridom eller politiske krav om mangfald?

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kulturpolitikk
  3. Stavanger
  4. Equinor
  5. Mablis