Kåre Willoch til minne

KOMMENTAR: Kåre Willoch vil bli hugsa som statsministeren som moderniserte Norge. Og som eit klokt, alltid tenkjande menneske.

Tidlegare statsminister Kåre Willoch døydde måndag 6. desember.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Kåre Willoch døydde i dag. Han blei 93 år gammal. Han har hatt alle verv som tenkjast kan i Høgre. Han blei vald inn på Stortinget i 1957. Han var statsminister frå 1981–1986, og før det, på 1960-talet, var han handelsminister. Etter at han gjekk ut av partipolitikken, var han Fylkesmann i Oslo og Akershus. Og i fleire tiår etterpå ein tydeleg og klartenkt samfunnsdebattant.

Eg har vage minne frå eit tidleg 80-tal, om ein roleg, nesten-smilande mann, med eit strokent talespråk, ikkje berre svært fjernt frå mitt jærske, anna hadde eg nok aldri forventa av ein statsminister, men også fjernt frå dei han delte tv-studio med. NRK-journalistar. Og Gro Harlem Brundtland. At dei to aldri blei einige, at ho heva stemma, aldri han, fekk eg også med meg.

I ettertid står han som statsministeren som opna opp Norge. Sleppte inn meir luft, rett og slett. Tillèt lengre opningstider i butikkane våre, opna eteren for andre kanalar enn NRK, lét oss få ha nærradioar. Tida var overmoden for slikt.

Han ville også opna den stramme styringsøkonomien. Folk skulle ikkje måtta bu i burettslag til evig tid, fordi prisen på det dei var regulerte, og gjorde det umogleg å klara gapet over til hus som ikkje var det. Og han ville ikkje at folk skulle stå med hua i handa når dei bad om lån i banken.

Så prisreguleringa for burettslag blei avvikla, og bankanes kredittramme fjerna. Mens renta blei halden låg. Det opna for store utlån. Vi fekk jappetid, som snudde til langvarige nedgangstider etter eit oljeprisfall i 1986. Gro Harlem Brundtland fekk jobben med å stramma inn. At Willoch sine endringar ikkje berre opna opp, men også førte til ubalanse i økonomien, var spørsmål han likte dårleg å koma inn på.

For han sjølv var måtehald i alt rettesnora. Ikkje for mykje, ikkje for lite.

Men mannen med det strokne talemålet, som ein gong flytta han så langt vekk frå alt som var mi livsverd, skulle i fleire tiår etter at han gjekk ut av politikken, stå som eit alltid klokt, alltid tenkjande menneske. Han rykka oss nærare. Han markerte seg i verdispørsmål, med varme og styrke. Han nyanserte norsk israelspolitikk ved å insistera på å sjå dette også frå palestinsk side. Han heva stemma mot diskriminering, mot undertrykking og det han såg var urett. Vi visste alle at han sjølv hadde eit barnebarn, Philip, med Downs syndrom, og at Philip hadde lært Willoch mykje.

Han snakka varmt for å auka eingongsstøtta til unge foreldre, for å få fleire kvinner til å føda barn, og fleire til å føda tidlegare – han roste SV for å føreslå å auka den støtta. Han åtvara mot klimakrisa under Arendalsveka for tre år sidan. «Det gleder meg meget», sa han då han fekk høyra at orda hans hadde blitt delte og lytta til av svært mange.

Han vil bli ståande som ein av dei viktigaste statsministrane i Norge. Men også som ei av dei viktigaste stemmene i store verdispørsmål i fleire tiår etterpå. For også den eldre Kåre Willochs kloke stemme gjorde Norge opnare. Vi trengde han. Og vi seier takk!

Publisert:
  1. Kåre Willoch
  2. Høyre (H)

Mest lest akkurat nå

  1. Testet positivt? Dette gjør du

  2. Konen var skeptisk da de ringte fra «Mesternes mester»: – Hun hadde aldri sett meg grine før

  3. Skamslått Borgli vil gå nye runder om huset i Oalsgata

  4. Har du lagt merke til er at kampropet «ubuntu» er borte. Hva skjedde?

  5. Stavanger-investorer sprøyter penger inn i e-sport-satsing - vil ikke røpe beløpet

  6. Folk for­tjener bedre og sanne svar fra en olje- og energi­minister midt i en strøm­krise