Samhald eller borgarkrig i Europa?

KOMMENTAR: Årets Kapittelfestival skulle handla om «Samhald». Men eit minst like tydeleg tema blei det motsette: Konflikt.

Publisert: Publisert:

EU og Europa kjempar med samhaldet. Vil fornuften eller galskapen sigra? Foto: Katarina Stoltz, Reuters/NTB Scanpix

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

– Lever me i ei mellomkrigstid? spurde Sven Egil Omdal.

Det var fredag ettermiddag i Stavanger, ein fredeleg, søkkrik provinsby i verdas beste land å bu i. Det var litteraturfestival i byen. På Møteplassen i byens nyoppussa, fancy bibliotek på Sølvberget var me ein god gjeng som hadde kome for å høyra Omdal og tre intellektuelle kapasitetar frå Utlandet diskutera (slutten på?) europeisk fellesskap.

Det var eit slags samhald i rommet, slik det gjerne oppstår når folk møtest på festival. Det var fredeleg harmoni, me sat trygt i skjul for hauststormen som herja utanfor.

Og så dukka altså dette spørsmålet opp. Lever me i ei mellomkrigstid? I ein illusjon om at me, liva våre, velstanden vår, landet vårt, Europa, er trygt?

– Kan bli krig

– Kanskje, svarte danske Kaspar Colling Nielsen. Han har skrive romanen «Den danske borgerkrig 2018–2024», der han skarpt, kritisk og satirisk skildrar kva som skjedde før, under og etter borgarkrigen hos vår nabo i sør. Krisen blei utløyst av ein kollaps i boligmarknaden som gjorde at folk blei fattige og desperate. Dei sette bankane i brann og hogde hovudet av politikarane.

– Det kan bli krig. Det er ekstremt ustabile tider i Europa. Ting me var vane med å vera einige om er i spel. Migrasjonskrisa deler Europa i to. Folk hatar kvarandre. Tatt ut i det ekstreme kunne det blitt borgarkrig i europeiske land, svarte dansken, som fryktar me i Europa er på kollisjonskurs mot at den stadig hardare retorikken når eit punkt der orda blir til handling.

Men det var jo ikkje dette Kapittel skulle handla om? Det skulle jo handla om samhald!

Sat me her og lulla oss inn i naive tankar fellesskap og kos − mens me eigentleg er ombord på Titanic?

Polarisering

Kapittel hadde altså vald ein positiv vri på det som kunne framstått som det mest nærliggande temaet å diskutera i vår tid: konflikt, polarisering, oppsplitting. Etter Brexit, etter valet av Donald Trump, etter migrasjonskrisa, etter utviklinga i Ungarn, Polen og Italia, etter Riksdagsvalet i Sverige, skal det noko til å konkludera med at «samhald» er det som pregar verda akkurat nå.

Eg jakta samhaldet heile denne festivalettermiddagen, mens stormen raste utanfor. Men eg fann stort sett bare vitnemål om det motsette.

Sylfest Lomheim skulle snakka om språkleg samhald, men peika på det motsette: At sosiale medium er usosiale stader der me kvar dag misforstår kvarandre − Lomheim meiner me heller burde snakka saman. Og det nordiske samhaldet? Ifølgje Lomheim sjanselaust, fordi det språklege samhaldet er i ferd med å forvitra. Det einaste språklege samhaldet som er igjen, er mellom Norge og Sverige. Finnane er på veg bort frå svensken, Island har snudd ryggen til nordiske språk, danskane har kludra språket sitt så alvorlig til at ingen skjønar dei − og knapt dei sjølve.

Europeisk pessimisme

Frå språket gjekk eg til Europa, der Colling Nielsen − på engelsk − altså ikkje utelukka krig. Nederlandske Geert Mak var nesten like pessimistisk. Mak meiner terroråtaket på USA i 2001 frå éi veke til den neste gjorde immigrasjonsdebatten religiøs og bringa islam inn som ny dimensjon. Han såg linjer frå finanskrisa i 2008 og fram til Brexit og Trump og dagens mange problem.

– Me ser ein reaksjon mot globaliseringa, folk føler seg forrådt av elitane, dei er leie av reformer utan å bli høyrde. Resultatet er tap av sosialt samhald, verdigheit og ritual, sa Mak.

Jommen sa eg «samhald».

Den einaste som var mindre mørk, var Alain Mabanckou, opphavleg frå Republikken Kongo:

– Eg har tru på at Europa vil ta til fornufta. Eg kan ikkje sjå for meg ein borgarkrig i Europa. De har ikkje råd til ein ny storkrig. Eg trur på dei som kjem til å seia stopp før det er for seint, sa Mabanckou.

Skandinavisk forskjell

Eg var innom Sverige, der Lena Andersson erklærte at Folkhemmet, dette stolte, optimistiske sosiale ingeniørskunstprosjektet nå var historie i Sverige. Og eg drog vidare til Norden, til Kalmarunionen 2.0, for det må vel eksistera noko felles kulturelt mellom oss her i nord?

– Eg meiner forskjellane mellom landa er spennande, og ser ikkje behovet for meir skandinavisk fellesskap. Det måtte i så fall vore basert på lyst, ikkje på plikt og pugging, sa Andersson.

– Me har kanskje liknande velferdssystem, men er ulike land med ulik historie, topografi og busetting. Me går ulike vegar i viktige spørsmål, sa Ivo de Figueiredo. Historikaren og forfattaren meiner me har vakse opp i det han kallar «mellomkrisetida». Altså ei fredeleg tid prega av optimisme og vekst, som nå er avløyst av diverse kriser.

Historikaren Geert Mak skulle ønska han kunne vore historikar i 2068, slik at han kunne sjå tilbake på vår tid, med fasiten i handa.

Omtrent slik me i 2018 kan sjå tilbake på 1928 og vita det folk på den tida ikkje ante: At dei levde i mellomkrigstida.

Les også

Solveig G. Sandelson: «Det fine snakket om ytringsfridom»

Les også

Øyvind Strømmen: «Motstemmene blir svakere i Ungarn»

Les også

Advarer mot at Trumps pressehat kan ende med vold


  • Les fleire kommentarar av Jan Zahl:
Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. – Kva må til for at eg skal bli ein varm Trump-tilhengar?

  2. Viking må bytta navn!

  3. Kva er denne gjengen sin største kulturpolitiske tabbe?

  4. – Koronakrisen har vist at kulturpolitikarane ikkje skjønnar seg på kulturfeltet

  5. – Abid Raja: Det er ikkje frisyren din som er det vesentlege no, men kulturpolitikken

  6. "Skal me ha eit levande mediemangfald også etter korona, må folk rett og slett abonnera"

Les også

  1. Er prisen for å ytringsfridom å enten flykta eller bli arrestert?

  2. Stavangers 2008-impotens

  3. Verdas beste tid er nå

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Donald Trump
  3. Sven Egil Omdal
  4. Kapittelfestivalen
  5. Europa