Marx sett som ein Messias-figur

GJESTEKOMMENTAR: 5. mai 2018 er det 200 år sidan Karl Marx vart fødd. Kven var denne mannen? Kva har han å seie i dag? Var han kommunist av den seinare austblokk-typen? Eller ein Messias?

Karl Marx (5. juni 1818–14. mars 1883) var ein tysk forfattar, intellektuell, samfunnsforskar, filosof og politisk økonom. Saman med Friedrich Engels utarbeidde han det teoretiske grunnlaget for kommunismen. Foto: NTB Pluss arkiv

  • Eirik Magnus Fuglestad
    Eirik Magnus Fuglestad
    Forskar ved Ruralis – Institutt for rural og regional forsking; PhD i sosiologi og master i nasjonalismestudiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Historia er full av Messias-figurar. Til dømes: Ein sommardag i 1841 kjem eit spetakkel buldrande og brautande gjennom gatene i den tyske byen Bonn. Det er to fulle ungdommar på høglys dag, dei rid på kvart sitt forskremte esel medan dei kaukar ut blasfemiske kraftsalver og andre vulgaritetar. Kven er dei?

Den eine av karane har usedvanleg sterk skjeggvekst (ein spion noterte seg seinare sjokkert at denne mannen visst ikkje barberte seg i det heile), og han har nyleg skrive ein doktorgrad om forskjellen mellom filosofane Demokrit og Epikur sine natursyn. Konklusjonen i avhandlinga var at religionen måtte føya seg under den overlegne rasjonaliteten til den moderne filosofien. Avhandlinga vart prisa av mange for å vera genial, men forfattaren valde altså å pøbla rundt i Bonn i staden for å søka ei akademisk stilling, for «det ville vera synd om det ikkje vart nokon att her som dei heilage mennene kunne bli sinte på». Denne skjeggete mannen var Karl Marx.

Karl Marx-monumentet i Chemnitz aust i Tyskland (tidlegare DDR). Biletet er teke 1. mai i år, då venstreaktivistar kvilte ut etter ein protest mot ein demonstrasjon i regi av høgreradikale grupper. Foto: Matthias Rietschel, Reuters/NTB Scanpix

Radikal i tydinga av ordet

Marx sitt hovudverk, «Kapitalen» (bok 1, bok 2 og bok 3), er fryktelig kjedelig, konstaterte Harald Minken i Morgenbladet i vinter (krev pålogging). Han har sjølvsagt rett. «Kapitalen» er tung og traust og tåkeseig – og dei færraste har lest heile greia (og ikkje eg, i alle fall). Det er gjerne denne boka ein tenkjer på når Karl Marx sitt namn vert nemnd. Og så ser ein kan hende føre seg eit grått bilete av ein alvorleg mann med meir skjegg ein julenissen og alle Bibelen sine patriarkar til saman. Men fokuserer ein for mykje på dette (som ein ofte gjer), gløymer ein Marx på eselryggen, opprøraren Marx − den messianske Marx.

Det som Marx gjorde, var først og fremst veldig radikalt. Han kritiserte alt og alle ganske notorisk, han var ein outsider. Marx nekta til dømes å vedkjenna seg til noka form for klubb eller parti, og han skal ein gong ha sagt om ein fransk marxistisk klubb som han nekta å vera med i, at dersom dei var marxistar, ja, så var i alle fall ikkje han nokon marxist. Han enda i ulage med nært sagt alle, både venner og fiendar, og han hadde til slutt mest ingen venner att. Ein stabeis var han, ein som alltid ville ha rett, og ikkje nådig mot motstandarane sine argument. Han hamna i nevekampar og i dueller i fekting.

Kolossal intellektuell kapasitet

Mest av alt var Marx i opprør mot det rådande, kapitalistiske samfunnet som vaks fram. Han var ein av dei først systematiske kritikarane av dette samfunnet, og framleis i dag er mange av innsiktene han gjorde grunnlag for forsking og forståing av dette samfunnssystemet som no totalt omsluttar alle aspekt ved liva våre.

Førsteutgåva av «Das Kommunitische Manifest», som framleis er «frelsesbibelen» til kommunistar verda rundt. Og svært velskrive.

Kampen som Marx førte, var først teoretisk. Han hadde hadde ein kolossal intellektuell kapasitet, og kampen han førte mot kapitalismen byrja med ein kamp mot filosofen Hegel. Via dette konstruerte Marx imponerande analysar og bitande kritikk. Ofte flott og rikt formulert. Gå og les «Det kommunistiske manifest», som Marx gav ut i 1848! Det er fullt av talande, treffande og inspirerande formuleringar. Friskt skrive og «moderne» som skulle det vore nedteikna i morgon.

Til dømes: «Borgarskapet», skriv Marx, «har ikkje late noko anna band tilbake mellom menneska enn den nakne interesse, den kjenslelause “kontante betaling”. Det har drukna det fromme svermeriet, den riddarlege begeistringa og det spissborgarlege vemodet sitt heilage gys i den egoistiske berekninga sitt iskalde vatn. Det har oppløyst det personlege verdet i bytteverdi, og i staden for dei tallause garanterte og erverva fridomane, sett inn den eine, samvittighetslause handelsfridom» (oversett til nynorsk av underteikna).

Portrettet av Karl Marx pryda 100-marksetelen i DDR (Aust-Tyskland). Foto: NTB Scanpix

Fargerik type

Men teorien skulle brukast i praksis. Marx skal ei gong har sagt noko slikt som at teori utan praksis er som onani: greitt nok, og ganske godt, men til sjuande og sist ufruktbart. Her ligg kanskje noko av det som gjer Marx mest relevant i dag – han gir oss teoretisk skisser som kan brukast til å identifisera innebygde svikt i sjølve fundamentet for samfunnet vårt. Kan nye urokråker i dag bruka teoriane til Marx til å snu samfunnet til det betre?

Bakom den radikale revolusjonære kritikken var også ein barnsleg og lunefull mann. Ein gong då Marx var full, låste han ein medstudent inne på rommet sitt då dei kom heim frå ein pøbb, og nekta å sleppe han ut. I ei lang brevveksling med sin livslange venn og kompanjong Friedrich Engels, bruker Marx side på side på å mobba ei baronesse som han kallar feit, og han bruker store delar av brevet til å snakka om kor mykje og høgt denne baronessa prompar. Sivilisasjonskritikk på høgt og lågt nivå – Marx heldt seg ikkje for god til å gjera begge deler.

Marx var også romantisk. I studietida brukte han kveldane til daggry på å skriva svermeriske kjærleiksdikt. Han gifta seg med ei adelskvinne, Jenny von Westphalen, som han var med heile livet, og som han elska – og likevel sette han barn på tenestejenta deira. Og livet med kona og barn levde Marx lenge på flukt: Tyskland, Frankrike, Belgia.

Statue av Karl Marx og Friedrich Engels i ein park i Shanghai i Kina. Engels (t.h.) hadde saktens òg skjegg, og ikkje minst bart. Foto: Aly Song, Reuters/NTB Scanpix

Han på eselryggen

Til slutt enda Marx i England, der han døydde berre 64 år gammal, statslaus og venelaus. Berre ei handfull menneske kom i gravferda. Men som ein Messias fekk Marx eit etterliv. For ikkje meir enn 30 år sidan levde halve verda under eit statssystem inspirert av Marx. Framleis lever over ein milliard menneske i Kina under eit styre som hevdar vera inspirert av Marx. Det er likevel ikkje først og fremst slik Marx bør verta hugsa. Han bør verta hugsa som ein radikal opprørar og ei urokråke – ein mann som vigde livet til nådelaus kritikk av det beståande.

Ein seinare marxist (som Marx sjølv altså ikkje ville kalla seg), Walter Benjamin, har ein stad skrive (punkt 2) at alle menneske har ei veik, messiansk kraft i seg, ei kraft som kan frigjerast til å skapa ei betre verd. Marx si messianske kraft kan frigjerast om ein ser forbi det grå steinhovudet, forbi den trauste kapitalen og forbi austblokk-kommunismen, og heller til pøbelen Karl Marx, han på eselryggen.

  • Eirik Magnus Fuglestad har ein doktorgrad i sosiologi og ein mastergrad i nasjonalismestudiar. Han er òg odelsgut frå Bjerkreim. Red.mrk.
  • Tidlegare tekstar av han finn du her.

Les også

  1. Ateisten Aslak Sira Myhres tro på det gode

  2. Tom Hetland: «Kva er det med Piketty?»

  3. Hva gjør du når noen vil gi deg en seks og en halv meters Marx-statue?

Publisert:
  1. Kommunisme
  2. Filosofi
  3. Gjestekommentar
  4. Eirik Magnus Fuglestad

Mest lest akkurat nå

  1. Da Tomas (14) landet i denne hoppe­gropen, ble han lam fra halsen og ned

  2. Farse har blitt Jærens mest populære lunsjrett

  3. Naboklager førte ikke frem. Omstridt Hundvåg-hus godkjent

  4. Denne gaven tar helt av: – Dette er all time high. Vi har aldri sett slike tall

  5. Go-Ahead kutter avganger på Jær­banen allerede fra fredag

  6. Lagmannsretten vil løslate Gunn Merete Lodes drapsmann fra forvaring