Kven skal ut?

KOMMENTAR: Russetida er brutalisert. Og dei brutale sidene ved den kan utspela seg gjennom alle tre åra unge går på vidaregåande – ein stad dei ikkje har alternativ til å vera.

Det som skjer i bussen, blir i bussen.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Det sit ein gut i eit klasserom i ein by i Rogaland. Alle dei andre gutane i klassa er med i ei russegruppe. Utanom han. Dei andre har stemt han ut. Om det var alle, om han veit av kven, om han veit kvifor? Det veit eg ikkje. Men eg er sikker på at det går ut over skuledagen hans. Og sjølvbildet hans. Og eg er heilt sikker på at han ikkje er aleine. Men i sitt klasserom, og sin kvardag, er han det.

Slik også den guten faren skreiv om i Aftenbladet er det. Han som hadde gleda seg til å bli russ sidan han var liten. Som klarte å få bli med i ein russebuss. Så blei han stemt ut, i siste sving. Nå har han ingen. Verkeleg ingen.

Dei er mange

Det finst jenter som i første vidaregåande, mens dei er femten eller seksten, må stilla seg opp i ein ring dersom dei vil bli med på ein russebuss. Så får ei etter ei tommel opp eller tommel ned. Av dei som bestemmer. Det finst prøveperiodar og prøvefestar. Der må du prøva å bevisa at du er kul nok. Mange får nei. Dei er ikkje kule nok.

Alt for fire år sidan fortalde politiet her i Rogaland om jenter ned i ungdomsskolealder som måtte strippa utanfor russebussen for å få sleppa inn. Og om jenter som fekk vera med bussen etter å ha utført seksuelle handlingar. Dei som ikkje får bli med? Leftovers.

Og visst fleire som ikkje har fått bli med i ei gruppe eller ein buss, går saman om sin eigen buss? Restebussen. Taparbussen.

Hardt og lenge

Det er ikkje realityprogram, dette. Det er real life. Ofte er det dei du trudde var dei beste vennene dine som stemmer deg ut. Etter kvart skal dei ha like genserar med gruppas eigen logo, også i klasserommet. Og du skal sitja synleg aleine, midt i blant dei, kvar dag. Kanskje i fleire år.

For kven som skal ha russebuss saman, kven som skal få bli med, blir ofte bestemt i overgangen mellom ungdomsskulen og vidaregåande. Ein av dei mange kommersielle aktørane, russebussmarked.no, fortel at dei inngår kontraktar med elevane i første klasse på vidaregåande. Altså når dei er 15 og 16. Kostnaden for å leiga ein buss frå dei ligg på mellom 400.000 og ein million kroner, alt etter kva utstyr bussen skal ha. Den same aktøren tilbyr også ungdommane dugnader som ein måte å få inn pengane på. Dei står i eit forretningsforhold til dei i nesten tre år. Gjennom heile vidaregåande.

Det kostar dei dyrt

Det er vanleg at bussen har minst to konsept i løpet av denne tida. Då har dei sleppfest, for å avsløra konseptet – ein logo, eit namn, kanskje ein russelåt. På russelåt.no, for eksempel, kan du bestilla spesialskriven russelåt til rundt 60.000 kroner. Ein av bussane i år skal ha hatt fire sånne konsept. Med fire spesialbestilte låtar.

Bussane har kanskje også kontraktar for alle sine medlemmar. Det vanlege er 20–25 på ein buss. Det som skjer i bussen, blir i bussen. Det er lukka. Fysisk lukka – nokon er innanfor, nokon er utanfor. Og psykisk lukka – du kan ikkje lett styra etter eigne verdiar og eige kompass. Det er gruppas som gjeld.

Det finst unge jenter og gutar som på heile vidaregåande er så redde for at dei til slutt ikkje skal få bli med nokon stad i russetida, at dei er med på alt. Gjennom tre år. Med klump i halsen for kor lenge det vil halda, med dårlegare karakterar på skulen enn det dei treng for å koma vidare til det dei eigentleg vil. Og det finst unge jenter og gutar som ikkje stoppar festinga etter 17. mai, men fortset gjennom sommaren, for så å bli møtt av like hardt festande fadderveker på universitetet i andre enden.

Det finst netter der politiet her har hatt 30 oppdrag på russen. Og det finst nesten ingen lokale lenger som vil husa ein stor russefest. Så har festinga blitt lagt til bussane, så fjernar russen seg meir og meir frå resten av oss. Gruppepresset blir sterkare. Justisen som styrer det også. Dei kommersielle aktørane fleire og fleire.

For seint

Unge i Norge kan ikkje enkelt velja vekk vidaregåande skule. Alternativa finst ikkje. Men dei kan bli valde vekk, av dei andre, i same klasserom. Av vennene sine. Konsekvensane kan vera at ein ikkje har nokon å sitja med i lunsjen, ingen å vera med i friminutta, ingen å vera med i helgene. Ingen å game med heime frå rommet sitt. Dei er opptatte, og dei vil ikkje ha deg med. Det er mobbing sett i system, over det som må kjennast som uendeleg lang tid.

Vi kan ikkje overlata til russen å fiksa opp i dette. Vi kan ikkje overlata det til russen sine foreldre heller. Jo, dei kan snakka med russen, om verdiar, om kva du ikkje skal bli med på. Men det er for seint. Ungdommane står alt midt i dette ekstreme gruppepresset.

Bussane lever sine eigne liv og er i stor grad sentrum for det som skjer. Russefeiring er i teorien ikkje ein del av skulen, det skjer på fritida, det er grenser for kva skulen er sikre på at dei har lov til å gjera.

Sjølv om det finst ein paragraf 9 A-2 i opplæringslova. Den seier at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø. Mange, mange har ikkje det nå. På grunn av russetida, som kan følgja dei gjennom heile vidaregåande.

Ikkje berre kan dei bli stemte ut. Dei kan bli med på ting dei ikkje vil, fordi presset er for sterkt, kostnaden for høg ved å la vera. Før, imens og etterpå skal dei stilla på skulen med alle som veit. Kva du gjorde, kva du nekta. Kva du prøvde å bremsa.

Kven av oss skal utpå nå? Ikkje for å moralisera, ikkje for å peika på naive foreldre, eller på unge utan ryggrad. Ikkje for hektisk å forsikra alle som høyrer at vi veit det skjer fine ting i russetida også. Det er for seint for alt det nå. Nokon må utpå for å endra.

Kven er det?

Les også

  1. Fortviler over russetiden: – Nå som det er blitt som dette, gleder jeg meg ikke lenger

  2. – Det er vi som er midt­punktet og drar andre inn

  3. I dag starter russetiden: – Det er viktig at folk får vite hva som skjer

  4. – Mange barer og utesteder som tidligere har sagt ja til å leie ut til russ, har nå begynt å si nei

  5. 150 russe-oppdrag på én uke - i hele fjor loggførte de 195 oppdrag

  6. «Ingen skal måtta ned på kne for å få vera del av eit fellesskap, Tix»

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det beste dei klarte på SUS den kvelden, var å pressa ei sjuk jordmor på vakt. Det er ikkje godt nok

  2. Jan Groths strek er eit opent bidrag til andres tankar. Fleire av oss burde prøva på det

  3. – Denne samtalen er tynn­sliten, seier sjaman Durek Verrett. Det syns eg også

  4. – Alvorleg sjuke barn blir kaste­ballar. Og vi ser det ikkje

  5. Den norske abort­lova er ein skjør balanse mellom to liv. Er den balansen truga nå?

  6. Det går ikkje lenger å tru at dette ikkje vil gå utover behandlinga av pasientar og arbeidssituasjonen til dei tilsette

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Russetid
  3. Mobbing