Journalistar er betre enn ryktet sitt

GJESTEKOMMENTAR: Som journalist er eg og mine yrkesfellar ofte i kontakt med pårørande. Heldigvis er uhyre få av oss så sleske som journalisten i «Lykkeland» i sitt møte med menneske i krise.

Journalistar viser sitt sanne eg i møte med pårørande. Heldigvis er dei fleste respektfulle og oppfører seg ikkje som den oppdikta Aftenblad-journalisten i «Lykkeland».
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Lykkeland-journalisten er ein karikatur som smiskar, smålyg og blir krakilsk om andre mediefolk nærmar seg intervjuobjektet hans. Å framstilla ein journalist slik er ei fornærming mot ei heil yrkesgruppe.

Folkeskikk er viktig

Dette gir vatn på mølla til menneske som likar å omtala oss som journalistpakk. Men eg trur journalistar er langt betre enn ryktet sitt, sjølv om Juristforbundets si undersøking viste at berre 48 prosent av nordmenn har stor tiltru til oss, medan 85 prosent stolar på forskarar. Utfordringa er at serieskaparar og samfunnet ikkje ser kor bra me trass alt oppfører oss.

Årsaka er truleg ein miks av mytar og det at journalistar avdekker ubehagelege sanningar. I tillegg er yrkesgruppa truleg oftare enn forskarar i kontakt med sårbare menneske. Sjølv om me ter oss respektfullt, kan nærværet vårt likevel kjennast skremmande og som ei påminning om det fæle som har skjedd.

Eg er frilansjournalist for Pårørendesenteret og har intervjua mange ulike personar i denne rolla. Eg har også intervjua mediefolk om korleis dei ter seg i møte med pårørande etter dramatiske hendingar.

Tidlegare redaktør i Romerikes Blad Lars Lier meiner at jaget etter gode historier frå overlevande og pårørande etter leirraset i Gjerdrum ikkje gjekk ut over folkeskikken til pressefolka. Lokalavisa hadde lenge før raset vore forsiktige i si tilnærming til pårørande etter ulukker.

Både Lier og journalist Hans Petter Aass, som har dekka krimsaker for VG og Aftenbladet, understrekar at det er viktig å nærma seg pårørande forsiktig. Forsøk på kontakt kan godt skje via eit mellomledd. Ta alltid eit nei for eit nei. Pårørande har inga plikt til å snakka med journalistar, og det må me respektera.

Det samla trykket

Det er gjerne summen av journalistar som er utfordringa, meir enn den enkelte journalist, påpeiker Aass. Viss du opnar døra for ein journalist, kjem det fort fleire. Då kan interessa opplevast masete for pårørande som i slike saker hamnar i ei ufrivillig kjendisrolle.

Han seier at journalistar må balansera samfunnsansvaret ein har til å informere om dramatiske hendingar med omsynet til kva informasjon som blir publisert, med tanke på dei pårørande.

Kven er pårørande etter ei ulukke? Det er ikkje alltid like innlysande, korkje for hjelpeapparat eller journalistar. Ein lærar, nabo eller eks-stemor kan alle bli «usynlege» pårørande.

Sjølv visste eg knapt kva ordet pårørande var då eg kom til Pårørendesenteret. Eg tenkte ikkje over at eg sjølv også er og har vore pårørande, til liks med dei fleste andre rundt meg. Og eg ante absolutt ingenting om kva innsats pårørande dagleg legg ned for velferdsstaten i Norge.

Det er i møte med dei svakaste og mest sårbare gruppene ein journalist viser sitt sanne eg. Men sjølv om ein ikkje er nokon bølle-journalist, er det i slike møte fare for å misforstå eller bli misforstått, trass i at ein vil vel.

Er personen klar for intervju?

Journalistar flest ser på det som ei tillitserklæring og eit stort ansvar å få komma heim til folk og trø inn i det nakne livet. Er den pårørande klar for eit intervju, eller er sorga for fersk? Bør personen beskyttast mot seg sjølv?

Av og til kan ein komma skeivt ut fordi ein ikkje heilt har forstått kva den andre står i. Intervju kan blir trekte eller bodskapen komma skeivt ut. Då er det viktig at journalistar orsakar seg. Det er betre merkevarebygging av journaliststanden enn eit tåredrypande intervju som gir mange klikk og hjarte.

Journalistar må fortsetja å oppsøka pårørande og løfta fram pårørandesaka, fordi me alle er eller vil bli pårørande i løpet av livet, og fordi pårørande er limet i velferdsstaten. Pårørande sit med viktig informasjon, ikkje berre etter ulukker. Maratonløpet som mange kvardagspårørande står i, gir dei eit ekstra godt blikk for glipene i velferdsstaten.

Difor er det viktig at journalistar og ikkje minst samfunnet ser dei pårørande med interesse og respekt. Statsforvaltar og tidlegare helseminister Bent Høie har lenge vist interesse for dei pårørande. Dei står nemleg for ein like stor del av pleie og omsorgsoppgåvene som dei offentlege helse- og omsorgstilboda.

Les også

Tarald Aano: «Først fikk Lykkeland-serien kjeft for å ha karikert kristne. Nå fortjener serien ros for å ta tro og tvil på alvor»

Pårørande treng journalistar

Norge har difor fått ein nasjonal pårørandestrategi, og organisasjonar som Pårørendealliansen er pådrivarar for ein meir pårørandevenleg velferdsstat der arbeidsgivarar ikkje berre er fleksible med småbarnsforeldre, men også tek høgde for tidsklemme nummer to som oppstår når middelaldrande arbeidstakarar skal syta for at tenestetilbodet rundt gamle, heimebuande foreldre fungerer som det skal og må køyra mor til legen i arbeidstida.

Skal gamle bu heime stadig lenger, treng dei opplagde pårørande, ifølge Høie. Dessverre viser undersøkingar at pårøranderolla kan gå på helsa laus, og føra til at ein del fell heilt eller delvis ut av arbeidslivet fordi summen av pårørandeansvar og vanleg jobb blir for krevjande. Utan pårørande kneler velferdsstaten. Pårørande treng journalistar som følgjer med på arbeidsdelinga. Heldigvis er ein bråte høflege og empatiske journalistar klar til å halda tak i liva til pårørande, som jo er alle sine liv.

Publisert: