Nei! Nei, nei, nei!

KOMMENTAR: Ingen skal bli drepne, skada, truga eller skremt for kven dei er, eller for kven andre trur dei er.

Det var terror i Oslo i natt. Det ser ut til at den var retta mot skeive.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Kommentator
Publisert: Publisert:

Det skulle ha vore Pride-parade i Oslo i dag. Den er avlyst. Etter råd frå politiet.

Også her?

Ein 42 år gammal mann, norsk statsborgar, er sikta for drap, drapsforsøk og terror i natt. Han skaut folk, skaut folk som var ute på byen. I eit område med utestader, der nokre av dei samlar skeive. Det var kvelden og natta før Pride.

Denne morgonen fekk vi vita at to er døde, 10 er alvorleg skadde, sannsynlegvis skotne, 11 har lettare skadar, etter kaoset og panikken som oppstod.

Nå veit vi også at PST kallar det ein ekstrem islamistisk terrorhandling. Dei har følgt med på mannen i fleire år. Han har valdshistorikk, han har slite med psykisk helse. Seinast i mai hadde PST samtalar med han, men vurderte då at han ikkje hadde valdsintensjonar. Dei har vore bekymra for radikalisering, etter at mannen knytta seg til eitt ekstremt, islamistisk nettverk.

Han er ikkje avhøyrt ennå. Kven terrorhandlinga retta seg mot, veit vi lite om.

Men sjølv om vi ikkje veit så mykje ennå, kjenner skeive på den mest grufulle beskjeden ein kan få: Kan du også i Norge, også i Oslo bli skoten på - ønskt død - for å vera den du er, for å krevja å få elska den du vil, uansett kjønn, legning, tru?

I staden for å gå i paraden vi nå har diskutert opp og ned og i mente, på ganske polarisert vis, blei alle som hadde tenkt å gå der, bedt om å halda seg heime. Finna den nærmaste flokken sin. Kohorten. Inn i dei kohortane skal vi alle bli med. Uansett haldning eller tru. Rundt dei kohortane skal vi alle stilla oss.

Det tok berre minutt frå meldinga om skytinga kom, til politiet var på staden og gjerningsmannen arrestert. Vi veit han var kjent for PST, vi veit han har iransk bakgrunn, men er norsk statsborgar. Han var altså ein av oss. Han er ikkje avhøyrt.

Men vi veit at mange av dei vi deler dette landet med, venner, kollegaer, folk, har blitt redde. Nokon har mista sine. Nokon veit ikkje korleis det går med sine.

Det første vi skal gjera, det første vi kan gjera, er å stilla oss opp for dei. Med dei. Uansett. Norge er eit demokrati. Folk skal ikkje kjenna seg truga for kven dei er. Folk skal ikkje måtta gøyma kven dei er. Folk skal ikkje bli skotne ned på open gate.

Så skal vi venta til vi veit meir. Ein annan dag, uansett, skal vi fortsetja diskusjonane – alle diskusjonar. I ord.

I dag går alle tankar til alle pårørande. Og til alle dei som akkurat nå kjenner at det kunne ha vore dei.

Publisert:
  1. Pride
  2. Terror
  3. Oslo

Mest lest akkurat nå

  1. E39: Køer etter påkjørsel bakfra på Vikeså

  2. Barna lå og sov da det begynte å brenne: – Vi har vært svinheldige

  3. Nå er det slutt for «oljemesså»

  4. Utslitte turister trenger hjelp ned fra fjellet

  5. Jonas Gahr Støre mener at folk flest ikke forstår strømkrisa. Han har litt rett i det

  6. Fem boliger i rekkehus totalskadd