Det veksande trugsmålet frå ekstremistar

GJESTEKOMMENTAR: Ti år etter 22. juli er høgreekstremisme eit veksande terrortrugsmål internasjonalt. Både ein polarisert amerikansk valkamp og koronakrisa kan bidra til å gjera vondt verre.

Publisert: Publisert:

Føderale sikkerheitsstyrkar i byen Portland i Oregon. Slike styrkar er utpeikte som fiendar både av den ekstreme venstre- og høgresida. Foto: Caitlin Ochs, Reuters/NTB scanpix

  • Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist

I byrjinga av juni vart politimenn i Santa Cruz i California lurt inn i eit bakhaldsangrep. Ein av dei, 38 år gamle Damon Gutzwiller vart drepen. To andre vart såra.

Gjerningsmannen, Steven Carrillo, vart også treft i skotvekslinga, men flykta til fots. Ikkje lenge vart han overmanna av ein mann i nabolaget, og politiet fekk slik kontroll på han. Nokre dagar seinare vart også ein annan mann, Robert Justus, arrestert.

Ei merkeleg rørsle

Ifølgje etterforskarane trefte dei to mennene kvarandre på ei facebookgruppe med band til den såkalla «Boogaloo»-rørsla. Der diskuterte dei åtak på det dei kalla «soup bois», suppegutar, eit omgrep som innanfor dette miljøet vert nytta som utnamn på føderale politistyrkar. Etterforskinga tyder på at dei to var saman om eit åtak retta mot ein føderal rettsbygning i Oakland heilt sist i mai. Då vart politimannen Patrick Underwood drepen av skot frå ein bil som køyrde forbi.

Boogaloo-rørsla er eit fenomen det kan vera vanskeleg å bli klok på. Rørsla er lite einskapleg, men har røter i ein våpenglad, digital subkultur som har vakse fram på såkalla chanforum. Sjølve namnet kjem frå ein ikkje særleg god breakdance-spelefilm frå 1984, men vert nytta som kodeord for ein komande amerikansk borgarkrig. Ordbruken har også utvikla seg vidare, til «big iglo» og «big luau». Dermed har referansar til både igloar og hawaiifestar vorte ein del av den interne sjargongen, og ein kan finna bilete av tungt væpna menn i hawaiiskjorter, som til dømes har dukka opp i demonstrasjonar.

Motstand mot føderale myndigheiter er eit gjennomgåande trekk. Delar av rørsla er utvilsamt høgreekstrem. Og i etterforskinga mot Carrillo dukka det snart opp meir som peikte mot boogaloorørsla, blant anna ein bodskap han hadde skrive i sitt eige blod på bilen sin.

Boogaloo-koplinga skriv også åtaket i Santa Cruz inn i ei større historie.

Det største trugsmålet?

I midten av juni gav tenkjetanken Center for Strategic & International Studies (CSIS) ut ein rapport som konkluderte med at USA står føre eit veksande terrorismeproblem, og også at det største trugsmålet truleg kjem frå høgreekstremt hald.

Dei syner til at omfanget av høgreekstreme åtak og terrorplott har auka i dei siste seks åra, at dei utgjorde to tredjedelar av tilfella i 2019 og at dei mellom 1. januar og 8. mai utgjorde 13 av 14 døme. Det siste var knytt til ekstrem islamisme.

På den eine sida er dette eigentleg ikkje vidare overraskande nyhende: Høgreekstrem terror har lenge utgjort ein betydeleg del av terroråtaka i USA. På den andre sida er det også uttrykk for ein trend ein også ser i andre vestlege land. Medan den ekstreme islamismen både har lidd militære nederlag i land som Syria og har fått større vanskar med å spreia bodskapen sin til nye potensielle rekruttar, har trugsmålet frå høgreekstremt hald auka.

I februar sa PST at høgreekstreme utgjer eit like stort terrortrugsmål som ekstreme islamistar her til lands. I juni sende dei ut ei pressemelding der dei skildra «økt omfang av radikalisering til høgreekstremisme» som sannsynleg. Dei peikte også på at fleire her til lands kan verta sårbare for radikalisering, grunna sosiale og økonomiske utfordringar i kjølvatnet av koronapandemien.

Noko tilsvarande vert peikt på av CSIS i amerikansk samanheng. Dei meiner at både eit stadig meir polarisert politisk klima og koronapandemien indirekte kan føra til fleire åtak, det siste både fordi arbeidsløyse og sosialt elende gjer såjorda for ekstremisme betre og fordi motstand mot smitteverntiltak kan verta nytta som påskot for åtak mot føderale og statlege myndigheiter.

To døme er illustrerande: I mars 2020 vart Timothy Wilson, som hadde koplingar til nynazist-grupper, drepen i ei skotveksling med FBI-agentar som ville arrestera han for eit planlagt bombeåtak på eit sjukehus i Missouri. Wilson hadde planlagt eit åtak over tid, men hadde vald sjukehuset som angrepsmål for å skaffa seg meir merksemd. I juni køyrde til dømes Harry H. Rogers – som sjølv hevda å leia ei Ku Klux Klan-gruppe – inn i ei gruppe Black Lives Matter-demonstrantar i Richmond, Virginia.

Ei vanskeleg vurdering

Det er sjølvsagt vanskeleg å gjera ei vurdering av kva som utgjer det største terrortrugsmålet, også fordi det ikkje med naudsyn er det mest openberre trugsmålet som faktisk resulterer i eit åtak.

I Noreg, som i utgangspunkt har eit svært lite og dårleg organisert høgreekstremt miljø, vart me likevel råka av høgreekstrem terror både 22. juli 2011 og med Philip Manshaus sitt åtak på al-Noor-moskéen i Bærum 10. august 2019, eit åtak utført etter at han drap si eiga adoptivsøster. Terrortrugsmålet frå ekstrem islamisme vart på båe tidspunkta – og med rette – sett på som det største her til lands.

Det er likevel lita tvil om at høgreekstremismen er i vekst som terrortrugsmål. Og i høgreekstreme radikaliseringsprosessar speler høgreekstreme subkulturar på nett til stadigheit ei rolle.

Publisert:

Les også

  1. Mistenkte høyreekstremister pågrepet under USA-protester

  2. Høyreekstremister nører opp under protestene i USA

  3. USA: Minst 38 drepen av høyreekstreme i 2019

  4. Tyskland: Angrepet i Hanau var et rasistisk terrorangrep

  5. Medier: Høyreekstremister planla terrorangrep mot moskeer i Tyskland

  6. PST med ny trusselvurdering: Dette er de største sikkerhetstruslene mot Norge

  7. Portlands ordfører gasset av Trumps utsendte sikkerhetsstyrker

Mest lest akkurat nå

  1. Stor uenighet. Politisk hastverk. «Fem personer»-regelen kom på tvers av råd

  2. Vil legge ned 180 barne­hage­plasser neste år: Disse kommune­delene blir rammet

  3. Beboer på Lervig sykehjem har testet positivt for korona: – Spesiell og uavklart situasjon

  4. - Litt blonder er tydeligvis alt som skal til

  5. Venninnene kjøpte 800.000 over pris­antydning. Dette er grepene som kan gi heftige bud­runder

  6. Eg er stolt når til­sette ved universi­tetet er med i opp­lyst og høveleg meinings­bryting

  1. Øyvind Strømmen
  2. Gjestekommentar
  3. Høyreekstremisme