Når skal landbruket slutta å veksa?

KRONIKK: På den økonomiske vekstens heilage alter ofrar me vår beste sjanse til å driva berekraftig forvaltning av dyr og jord.

Publisert:
Eirik Magnus Fuglestad
Forskar ved Ruralis – Institutt for rural og regional forsking; PhD i sosiologi og master i nasjonalismestudiar

Det er mogleg for bøndene å driva berekraftig i høve klimautslepp – men ikkje med å gje den einskilde bonden ansvaret for det i eit tvers gjennom rote økonomisk system. NTB scanpix

I den klimapolitiske debatten vert mjølk og kjøt ofte trekt fram som verstingar når det gjeld utslepp av klimagassar. Såleis byrjar kantiner i Storbritannia å forby sal av kjøt. Å eta mindre kjøt er noko av det beste du som enkeltmenneske kan gjera for klima, lyd omkvedet.

Det er sant. Dersom ein skal tru den rådande forskinga – og det skal ein – står storfehald for høge utslepp av klimagassar globalt sett. Og som den siste rapporten frå FN understrekar, trengst ei radikal omlegging av det globale landbruket, ikkje berre for å redusera utslepp av klimagassar, men også for å ta vare på jordressursane og det biologiske mangfaldet.

Bøndene forstår

Dette veit på sett og vis også bonden. Til motsetnad frå mange av dei urbane analytikarane og høgtsvevande professorane, er bonden heilt på jordet, – og bra er det. Bonden veit at ho treng jorda og mangfaldet for å halda fram med drifta si. Inga mold, inkje jordbruk. Drive på rett vis kan beitebruk og husdyrhald vera del av eit økologisk berekraftige kretslaup som brukar ressursar til å metta folk, og som samstundes skapar biologisk mangfald og binding av karbon. Regenerativt jordbruk kallast dette – Dag Jørund Lønning, professor og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling, er ein av dei fremste talspersonane i Noreg for denne driftsmåten. Mantraet her lyd slik, på framandspråk: «It’s not the cow, it’s the how».

I fleire forskingsartiklar og rapportar som me har utarbeida ved Ruralis, kjem det fram at bøndene og samvirka, organisasjonane og rådgivinga alle meiner at kjøt og mjølke produksjonen høyrer ei klimanøytral norsk framtid til. Det kjem også fram at desse aktørane er viljuge til å tilpassa seg lågare utslepp. Samstundes er klart at dei også har interesser. Dei er økonomiske aktørar i ein marknad og må, som best dei kan, som alle andre marknadsaktørar, manøvrera seg i feltet mellom økonomisk og økologisk berekraft.

Vekstideologien

«Det seier seg sjølv at evig vekst på avgrensa ressursar er ei sjølvmotseiing», skriv Eirik Magnus Fuglestad. NTB scanpix

Det er i dette spennet rota til problemet ligg. Ein kjem sjølvsagt ikkje utan om dei naturlege utsleppa frå fordøyinga til drøvtyggjarane, ei heller konsekvensane av rovdrift og utarming av ressursar til bruk i produksjonen der dette skjer. Men det er ikkje nødvendig vis innebygd i jordbruket å utarma ressursar eller å driva på ein måte som skadar klimaet. Problemet er vekst og volum. Problemet er, som Arne Johan Vetlesen skreiv for ei tid tilbake: «[…] en samfunnsmodell der vekst er et mål i seg selv, hvor nok aldri er nok, og der naturen tas for gitt i rollen som middel. Det vi må erkjenne, er at modellen er problemet, ikke løsningen: oppskriften på en varslet kollaps.»

Det er ikkje storfehald og kjøtproduksjon i seg sjølv som skaper klimaendringar, det er det evinnelege gnålet om stadig vekst: Økonomien må veksa, alltid skal me skapa vekst, alltid skal forbruket aukast – auka forbruk er det den einaste målestokken økonomi i det systemet me i dag lever under. Dersom den sluttar å veksa, er økonomien usunn. Det seier seg sjølv at evig vekst på avgrensa ressursar er ei sjølvmotseiing. Det som verkeleg trengst, er å løfta blikket. Likevel lèt me som ingen ting. Som flinke undersåttar i eit middelaldersk kongedøme held me fram med lydig å forbruka meir og meir, slik at milliard profitten til dei 100 selskapa som står for 70 prosent av globale klimagassutsleppa, kan halda fram med å veksa.

Berekraftig sirkulærøkonomi

Men sjølvsagt, jordbruket må også ta sin del av kutting no, og raskt, for det er knapt med tid. Poenget er at jordbruket ikkje må ofrast totalt. Rett produksjon basert på grasressursane våre vil vera heilt essensielt i ein framtidig berekraftig, fornybar sirkulærøkonomi. For at dette skal kunne gå trengst ei total omlegging av måten me forstår økonomi og samfunn på. Kollektivt må me laga system som baserer seg på sirkulære prinsipp for velstand og bruk.

Men kva er det me vert servert som løysing? Jo, som svar på krisa vert me møtte med pulverisert, individuelt ansvar i den ny-liberale heilages ånd: Et mindre kjøt! Drikk mindre mjølk, men gløym ikkje alle tilboda på alle moglege varer! Gløym ikkje å forbruka, for guds skuld! Og ta med handlenett i staden for plastpose! Det individuelle ansvaret er berre forbruk maskert som klimatiltak.

Og slik, på den økonomiske vekstens heilage alter, ofrar me vår beste sjanse til å driva berekraftig forvaltning av dyr og jord dersom me ikkje saman legg grunnlag for dette, heller enn å undergrava det ved overdrivne kutt og skattar.

Ein skal ikkje gråta over spilt mjølk, men dette får vera dropen! Kan ikkje nokon heller fortelja oss at me som kollektiv må ta handling for å endra eit tvers gjennom rote økonomisk system?

Les også

Dette unge paret kjøpte storgård for 14,2 millioner

Les også

Norsk melkeproduksjon må kuttes med 100 millioner liter

Les også

Regjeringen dropper beredskapslager av korn

Les også

Tre grisebønder siktet av Økokrim etter NRK-dokumentar


Les også

Eirik Magnus Fuglestad: «Forvalting av dyr og jord går ikkje ihop med den industrielle logikken»

Les også

Eirik Magnus Fuglestad: «Dyremishandling som strukturelt problem»

Les også

Eirik Magnus Fuglestad: «Å putla i molda over ein kaffikopp på kontoret»


Elin Schanche er tiende generasjon gårdbruker på Utstein Gard på Klosterøy i Rennesøy kommune. For åtte år siden tok sønnen Anders over. Anders Minge


Publisert: