Sivs tale og folks kvardag

KOMMENTAR: Det viktigaste med Frp? At dei insisterer på at folk må få sjansen til å velja sjølv.

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

For Siv Jensen starta Margaret Thatcher i Storbritannia og Ronald Reagan i USA ei fridomsbølgje, ei bølgje Carl I. Hagen tok til Norge. Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Når målingane er tunge, når Sp har gått forbi og er Norges tredje største parti, når personlege feilskjer blir mange og oppryddinga temmeleg uklar, når partiet berre såvidt syns på målingane i Oslo, når taxisjåføren ut til landsmøtehotellet fortel kor inderleg leie innvandrarane i Oslo er av at Frp stadig rakkar ned på dei, når det snart er kommuneval og Frp skal ut og slåss om å få så mange ordførarar som muleg, då er det eit sjakktrekk å få Sylvi Listhaug inn i regjeringa igjen. Og det på same dag som Frp opnar eit landsmøte som elles kunne blitt ganske tungt å få til å letta.

KrF sikrar Listhaug

Listhaug tar over for Åse Michaelsen, som eldre- og folkehelseminister. Og KrF, som for eitt år sidan var blant dei som aller hardast gjekk ut mot dåverande statsråd Listhaug, så hardt at ho til slutt gjekk av for ikkje å velta heile regjeringa, dei sit nå i regjering saman med henne. Dei sikrar fleirtal for regjeringa i Stortinget. Dei sikrar at alle statsrådar sit langt tryggare enn for eitt år sidan. Også Listhaug.

Ein kan bli svimmel av det. Sylvi Listhaug i regjering er ein rød klut for mange, eit sterkt kort for Frp, og eit nesten uforståeleg solid handslag frå statsminister Erna Solberg (H) til hennar viktigaste samarbeidsparti. Som soleklart er Frp.

Fire gonger reiste landsmøtet seg og applauderte under partileiar Siv Jensens opningstale. Då ho sjølv kom, då ho nemnde Sylvi Listhaug , då ho lovprisa oljenæringa, og då ho lova pengar over statsbudsjettet til å riva bommar. 200 millionar kroner. Kva bommar det blir, sa ho ikkje. Det var heller ikkje nødvendig for å få applaus.

Les også

KrF legger lokk på en rekke spørsmål om Sylvi Listhaug

Les også

Jensen varsler riving av bomstasjoner for 200 millioner

Det viktigaste for Frp

Mest snakka Siv Jensen om fridom til å leva livet ditt slik du vel å leva det. Om eit enklare liv. For folk flest.

For Siv Jensen starta Margaret Thatcher i Storbritannia og Ronald Reagan i USA ei fridomsbølgje, ei bølgje Carl I. Hagen tok til Norge.

I små og store ting, i å villa ha opne butikar etter klokka 17, oppheva forbodet mot parabolantennar, mot ståhjuling, la folk byggja 50 kvadratmeter garasje utan å søkja kommunen, kjempa for private velferdstilbod - som barnehagar, og for private helsetenester. Seinare på landsmøtet skal dei diskutera om dei vil gå for å fjerna fedrekvoten heilt. For at familiane skal få velja sjølv. Å gi skattelette for bedrifter er for Frp å gi folk større slagkraft til sjølv å skapa, å vera mot eigedomsskatt er å gi familiane fridom til sjølv å bestemma kor dei pengane trengst mest.

Dette er ikkje berre viktig for Frp. Det er viktig for norsk politikk og norsk debatt. Det er viktig at nokon kjempar for at folk skal få velja sjølv - og meiner mindre statleg innblanding er måten å få det til på. Sjølv når folk finn på å velja ting du ikkje ville vald. Også når det gir litt humpar i vegen.

Grenselaust

For det finst nesten ikkje grenser for kva norsk politikarar vil styra, måla, kartleggja og vita. Og nesten uansett parti. Regjeringa, der Frp sjølv sit, har nettopp motteke ein rapport som entusiastisk ber dei om å kartleggja absolutt alle barn i norske barnehagar, for å finna ut korlesi gutane skal gjera det betre på skulen. KrF vil undersøkja norske familiar for å finna ut korleis dei kan få par som er gifte til å fortsetja å vera gifte, livskvaliteten vår skal målast tettare og betre med meir private spørsmål. Alt det vi kan kalla liberale parti i Norge, som i si sjel nettopp skulle kjempa for at enkeltmennesket ikkje blir meir tynga ned og og styrt av staten enn strengt nødvendig, synes å vera med på den galeien.

Så kan ein sjølvsagt diskutera om løysingane til Frp er gode. Når trengst det faktisk store, statleg styrte ordningar for å ta vare på folk flest sin fridom? Er det riktig, som Frp meiner, at å byggja ut så mange mil motorveg ein berre klarer, kosta kva det kosta vil, gir fridom både for den enkelte og for bedriftene rundt forbi? Eller burde ein finna andre løysingar?

Er det riktig å snakka så bastant om problema blant innvandrarar i nokre delar av Oslo? Vil det sikra alles fridom i dei bydelane framover, eller vil det stigmatisera heile grupper menneske på ein slik måte at dei får ein vanskelegare, mindre fri kvardag?

Er det riktig at norsk olje og gass må vera ein del av løysinga på klimakrisa, fordi vår teknologi kan bidra til å kutta utsleppa globalt? Eller er det å stikka hovudet i sanden, overlata til andre å ta ansvar, og til og med risikera å køyra norsk økonomi på dunken, fordi ein ikkje skiftar gir og finn andre levevegar før olje og gass brått er utdaterte som eksport?

Gode på hopping

Sjølvsagt er det lite av på-den-eine-sida-og-på-den-andre-sida i ein landsmøtetale som skal samla folk og gi dei mot og krefter og gjera dei stolte av kva dei står for.

Det einaste Frp-Siv driv med av slikt, er den lett forvirrande hoppinga mellom å visa kva regjeringspartiet Frp har klart å forandra, og kva oppviglaren Frp stadig krev av forandringar.

Det er ei småfrekk hopping. Det er ikkje sikkert dei eigentleg er meir liberale enn dei andre regjeringspartia. Dei er kanskje berre best på småfrekk hopping ut av det klamme grepet firepartisregjeringa har på dei alle saman.

Dessutan finst det nok både minstepensjonistar, foreldre med svært sjuke barn, og fortspringande helsearbeidarar som meiner dei har sett svært lite til at Frp krev noko forandring som gjer deira kvardag enklare. Snarare tvert i mot.

Men likevel. Når Frp snakkar sak, når dei snakkar om å gi folk større fridom i kvardagen, så er dei på sitt viktigaste i norsk politikk

Les også

Frp brøt ut i latter da Siv Jensen gikk til oljeangrep mot Jonas Gahr Støre

Les også

Frekkheitas nådegåve

Les også

«Kvifor, kvifor i all verda, reiser de dykk ikkje opp, Bent Høie, Ketil Solvik-Olsen eller Solveig Horne?»

Publisert: