Korona korrigert

GJESTEKOMMENTAR: Krisa i dag kan ende opp med å endre tankesett, verdisett og levesett – for alltid.

Publisert: Publisert:

«Kanskje me kan ende opp med å føretrekke litt meir enn før av det me no blir pålagt, etter som tida me går gjennom minner oss om at det faktisk ikkje går så aller verst», skriv Klaus Mohn. Foto: NTB scanpix

  • Klaus Mohn
    Rektor, Universitetet i Stavanger; professor i økonomi
iconDenne artikkelen er 211 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

Det er morgon ein kvardag i førre veke. I fred og ro sit eg heime på kjøkenet med ein kopp kaffi. Her inne knitrar det blidt i peisen. Der ute er det stilt i gatene, idet sola lurar seg lydlaust opp over eit døsig nabolag. Ingen skulle tru at verda var i ulage. Men han lyg diverre ikkje, den lågstemte radioen, om farsotta som no går over landet.

Krise for helse og økonomi

Koronaviruset er over oss med ei urovekkande utvikling i smittespreiinga, internasjonalt, nasjonalt og regionalt. Regjeringa har sett i verk tiltak som er dei mest inngripande sidan 2. verdskrigen. Universitetet i Stavanger er stengt, studentane er borte og dei tilsette er heime. Sjølv har eg akkurat fått ei grundig oppdatering frå leiaren av krisestaben. Og enno har ikkje dagen begynt.

Eit alvorleg økonomisk tilbakeslag er neppe å kome utanom. Oljeprisen har stupt, og no skyt arbeidsløysa i veret. Inntektene sviktar for føretak og hushald, og fallande bustadprisar og aksjekursar tærer på formuane. Desse verknadane er truleg forbigåande. På eit eller anna tidspunkt vil koronaviruset ha brent ut, og verda vil kunne vende tilbake til ein ny normal. Meir interessant er det om den nye normalen vil vere annleis enn den me så langt har vore vane med.

Ikkje alt går over

Trugsmål om terror-åtak, spesielt etter 11. september 2001, lèt etter seg verdssamfunnet med sikkerheitskontroll på flyplassane, strengare grensekontroll og redusert tillit – innanfor land og mellom land. Om krisa driv ei kile inn i medvitet vårt – mellom det som ein gong var og det som ein gong kjem: Kva vil stå att når det heile er over?

Tankesett, språk og åtferd er område der korona-krisa potensielt kan ha varige verknadar. Til dømes kan innhaldet i ulike omgrep bli annleis enn i dag, ord kan få nytt innhald, og måten me kommuniserer på kan endrast etter som omfanget av kommunikasjon utan direkte kontakt grip om seg. Me har allereie sett ei forenkling og rasjonalisering av talespråket, som kanskje kan akselerere når skjermbasert kommunikasjon gradvis tek ei større rolle enn den direkte samtalen.

Eit hovudtiltaket i kampen mot smittespreiing er å redusere talet på kontaktpunkt mellom enkeltmenneske. Utanfor den enkelte sin inste krins er den direkte kontakten dermed avskoren, brått og brutalt. Slutt på organisert trening og friluftsliv. Slutt på å henge på kjøpesenteret og drive gatelangs med gjengen. Slutt på restaurantbesøk og uteliv. Sjølv i matbutikken risikerer ein å bli møtt med «Hald avstand!» om ein kjem innanfor korona-krinsen på ein meter eller to.

Sosial samanpressing

Med krisa har kvardagen endra seg for veldig mange av oss. Krinsen av menneske me har rundt oss er redusert til ein brøkdel av det me er vane med. For dei av oss som set pris på sine nærmaste, kan jo situasjonen gje eit kjærkome høve til å styrke banda i familien, få kjærkomen ekstratid til samtaler, samvær og nærleik.

For andre er kanskje familielivet meir komplisert, og for dei kan arbeidsplassen ha vore ei kjelde til avkopling og opplading. Korona-karantene kan gjere slike heimar til trykk-kokarar, med verknadar det er vondt og vanskeleg å tenke på. Kor mange dette kan dreie seg om, vil me kanskje få ein indikasjon på i skilsmissestatistikken i tida som kjem.

Eller i talet på barnevernssaker. For verst er situasjonen for ungar som i utgangspunktet ikkje har det så enkelt på heimefronten. Ei sak er at ungar i denne kategorien vil ha eit dårlegare læringsmiljø i heimen enn ungar i velfungerande familiar. Verre er det at risikoen for forsøming og vanstell no aukar. Her gjeld det å vere på vakt.

Mindre ut- og innfart

Eit siktemål med regjeringa sine tiltak er elles at folk skal halde seg i ro. I praksis har reguleringane avskore oss alle frå reising både innanlands og utanlands. Ikkje får me reise til hytta, og ikkje ein gong om ho er i same kommunen der me bur. Med økonomisk tilbakeslag, redusert reiseaktivitet og mindre behov for person- og varetransport vil korona-krisa ha gunstige verknadar på miljø og klimautslepp.

Spørsmålet som melder seg er likevel om regimet me no er ein del av vil endre våre tankesett, medvit og vanar på lengre sikt? Vil me slå oss til ro med meir ferie og fritid til nærområda når alt dette er over? Eller vil alle som ein vende tilbake til vanar med vinterferie i Austerrike, sommarbustad i Frankrike og helgeturar til New York?

Det som står att

Dei direkte verknadane av korona-krisa er dramatiske, med kraftig regulering av direkte kontakt, økonomisk tilbakeslag og bortfall av inntekter. Stor formue, høg utdanning og eit velfungerande politisk system gjer Noreg godt rusta til å stå av akkurat denne forbigåande stormen. Spørsmålet er kva som vil vere arven frå korona-krisa, kva ho vil gjere med oss på lengre sikt.

Tankesett, verdisett og levesett kan potensielt bli påverka på varig basis av unntakstilstanden me går gjennom i dag. Me kan ende opp med å tenke annleis om globalisering, økonomisk vekst og materiell framgang. Me kan ende opp med justerte verdiar av kontakt, nærleik og sosialt fellesskap. Eller kanskje me kan ende opp med å føretrekke litt meir enn før av det me no blir pålagt, etter som tida me går gjennom minner oss om at det faktisk ikkje går så aller verst.

Følg på Twitter: @mohnitor

Publisert:

Korona-viruset

  1. Pasienter med mistanke om smitte kan bli liggende i korridor

  2. Prioriterer utvalgte grupper - andre må vente til 1. desember

  3. Melby vil ha endringer i fra­værs­reglene på videre­gående skole ut skole­året

  4. Åpent for søknader i tredje krisepakke til idretten

  5. Ny smittebølge møtes av målrettede tiltak istedenfor massenedstenginger

  6. Når pandemien er over…

Les også

  1. – Politikk i krise(n)

  2. – Tanker om håp i en vanskelig tid

  1. Korona-viruset
  2. Gjestekommentar
  3. Klaus Mohn