Meir enn du gav fekk du att

GJESTEKOMMENTAR: Krig, klimakrise, kraftmarknad, inflasjon, krympflasjon. Det er dystre tider, og her til lands rapporterast det om dei lågaste framtidsutsiktene på 30 år. Mange kjenner seg åleine. Det er på tide å løfte blikket.

Ei handsrekning treng ikkje vere så mykje, men nytta kan vere stor. Gleda som føljer med òg – på begge sider.
  • Marte C.W. Solheim
    Marte C.W. Solheim
    Professor og leiar for Senter for innovasjonsforskning, Handelshøgskolen ved UiS
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Auka renter og aukande prisar på mat og straum ligg på toppen over det som ungdommar no uroar seg for kjem det fram i ein ny rapport gjennomført av Opinion på vegner av NHO. I fjor såg ein at uroa knytt til krig låg på topp, året før klimakrisa. No er det derimot uroa for eigen økonomi og utsikter til arbeid som når høgst opp. E24 skriv at nordmenn rustar seg for tøffare tider og at framtidstrua er den lågaste den har vore på tretti år.

Samstundes aukar einsemda, og særleg blant unge. Auka uro og einsemd krev at vi treng å ikkje kjenne oss åleine. Som kong Harald sa i nyttårstalen, så treng vi menneske å kjenne at vi kan gjere noko, for at livet skal vere så godt så mogeleg. Vi treng det særleg i urolege tider, og når vi står overfor utfordringar som er vanskelege å gjere noko med. Kong Harald sa at vi må erkjenne at vi treng kvarandre, for det minner oss på at vi ikkje er åleine. Det handlar om å løfte blikket.

«Det hjelper da litt,
nokre få forfrosne,
at du er varm!»

Viktigheita av å slå av ein prat

Vi lever i ei tid der ting går fort, og der det vert lagt til rette for effektive transaksjonar. Ta dagvarehandelen, restaurant eller til dømes bar-besøket, der ein på fleire stadar får moglegheit til å skanne sine eigne varer og gjennomføre handelen utan å ha snakka med eit einaste menneske. Utruleg effektivt, og særleg når ein har dårleg tid, eller skal kjapt rekke innom butikken, eller når ein vil sitje med bordet og sondere dei ulike drinkane i ro og mak.

Ikkje berre kontantfritt, kontaktfritt òg.

Eg synest det er utruleg sutlaust, men samstundes likar eg å snakke med ein person. Så plutseleg, etter eit lite spørsmål om «k’a anbefala’ du?», så snakkar vi med den bergenske servitøren som driv med hest på fritida, og om kor godt hestar har det på Jæren. Eller, Svein, som jobbar på nærbutikken der eg bur, som alltid møter meg med eit smil. Under korona-restriksjonane snakka vi ein del om turar reiseglade Svein planla for når grensene ville opna att. Eg reiste heim med handlelista kryssa ut og eit gladare hjarte. Sutlaust det òg.

«Kletskassa»

I Jumbo-butikkar i Nederland har dei opna eigne «snakke-kasser» der folk kan møte folk når dei handlar mat.

I Nederland har matvarekjeda Jumbo no starta med ei «sakte kasse», eller «Kletskassa», som betyr ei «snakke-kasse» mynta på dei som ønsker å slå av ein prat. Den første «Kletksassa» opna i Vlijmen i Brabant i 2019, og vart ein stor suksess. Såpass at dei planlegg for ytterlegare å legge til rette for 200 til, og då særleg i område der einsemd er ei utfordring. Colette Cloosterman-Van Eerd, salsdirektør i Jumbo, uttalte at som supermarknadkjede spelar dei ei sentral rolle i samfunnet, og at butikkane er møteplassar. I tillegg til «Kletskassa» introduserer fleire av deira butikkar også eit «snakkehjørne» der menneske kan komme inn og snakke over ein kopp kaffi. Ikkje ulikt slik som på mange lokale butikkar rundt omkring i landet vårt.

Les også

Marte C.W. Solheim: «Å snakke med framande gjer deg gladare»

Tung tids tale

Forfattaren Halldis Moren Vesaas skreiv i diktet «Å vera i livet (tre vers til mor)» om å gje rom og tryggleik til dei ikring, og skriv mellom anna at «Fattig var du om aldri i livet du kjenne fekk at mellom deg og de andre levande straumar gjekk av tillit og varme som styrkte kvart band som til livet deg batt, og lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp, at meir enn du gav, fekk du att».

Dette diktet tenkte eg på då Kong Harald i nyttårstalen snakka om at vi er eit stort fellesskap av menneske knytte saman av usynlege band. Eit lite smil, eit hei, halde døra for mennesket som kjem bak deg kan gjere desse usynlege banda meir synlege i kvardagen. Det kan virke så lite, men bety så mykje.

Dette står i motsetnad til fjorårets nyord på engelsk – «goblin modus» (nissemodus) – kåra av Oxford English Dictionary. Ein goblin – eller nisse – er eit mytisk vesen frå europeisk folketru. Uttrykket skildrar åtferd der ein omfamnar lat, sløv eller grådig oppførsel som står i opposisjon til sosiale normer og forventingar.

Ifølgje Casper Grathwohl i Oxford Languages, omfamnar folk no sin indre goblin. Filosof og forfattar Kaja Melsom skriv at årets nyord avslørar ein sjuk kultur, og at ein heller enn å omfamne vår indre goblin, burde vi slå eit slag for fellesskapet.

I dei urolege tidene vi no er i, vert nettopp fokus på fellesskapet viktig. Halldis Moren Vesaas skreiv diktet «Tung tids tale» under andre verdskrig. Det var tøffe tider, og i diktet kan ein lese om viktigheita av samhald, og stråle varme ifrå deg:

Tung tids tale
Det heiter ikkje: eg – no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.

Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!

Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne,
at du er varm!


Publisert: