Klisjéfylt skuledebatt

KOMMENTAR: Regjeringa bør trekkja forslaget om å tvangsinnføra fritt skuleval i alle fylke. Motstandarane av fritt skuleval? Dei bør trekkja pusten.

Regjeringa, her ved kunnskapsminister Guri Melby (V), vil ha slutt på at fylka bestemmer ting regjeringa ikkje likar. I alle fall når det gjeld opptaket til vidaregåande skular. Foto: Jil Yngland, NTB

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Fritt skuleval skriv seg frå det rasedelte USA, skriv Simon Malkenes i eit innlegg i Vårt Land. Då raselovane blei oppheva på 1950-talet, kunne ungar med ulik bakgrunn og hudfarge koma til å gå på same skule. I nokre område i sørstatane svarte ein med å innføra fritt skuleval, slik at segregeringa kunne fortsetja, og dei privilegerte kunne sleppa at deira barn måtte gå på skule med dei andres barn. Fritt skuleval er ei løgn som rettferdiggjer dei privilegertes syns på verda, skriv Malkenes.

I Rogaland har vi hatt fritt skuleval i 35 år. Rundt ni av ti elevar får oppfylt førsteønsket sitt. Å samanlikna forholda ved vidaregåande skular i Sandnes, Time, Strand og Stavanger med rasedelinga i USA, synest bitte litt forhasta. Det har ikkje akkurat blitt opptøyar i gatene her. Sjølv om karakterbasert opptak, som fritt skuleval eigentleg er, slett ikkje er eit perfekt system. System er gjerne ikkje det. Særleg ikkje når det er levande menneske systemet skal gjelda for. Her kan det bety at dei som kjem ut med dårlegast karakterar, må gå på ei linje dei ikkje er interesserte i, på ein skule langt vekke frå der dei høyrer heime. Og sjølv om tala i Rogaland seier at ni av ti får førstevalet sitt, er dette berre statistikk. Du søkjer deg jo ikkje til ein skule du veit du ikkje kjem inn på. Det er heller ikkje sikkert du kjem på å søkja der du vil, du søkjer kanskje til den retninga familien din alltid har søkt seg. Det er vanskeleg det der med folk og system.

Forskjellane

Kven foreldra dine er har mykje å seia for kor gode karakterar du får i den norske grunnskulen. Det likar vi ikkje å snakka så ofte og høgt om. Men forskjellen sosial bakgrunn gjer på karakterane du får med deg, er nesten tre gonger så stor som forskjellen mellom gutar og jenter.

Å kalla karakterbasert opptak til vidaregåande skule for «fritt skuleval» er difor upresist. Og at regjeringa nå vil tvangsinnføra systemet i alle fylke, er tonedøvt. Fylkeskommunen må få lov til å driva på med noko, så lenge dei finst. Og sidan system for folk ikkje blir perfekte, er det ein god regel å la dei som ser kor skoen trykker i eige fylke, finna gode løysingar. Det er ikkje veldig vanskeleg å sjå at sko i Finnmark og Oslo trykkjer på ulike stader. Oslo melder om store problem med segregering i skulen og er i ferd med å sjå på nyanserte alternativ til inntak som kan betra forholda. Regjeringa bør la både Oslo og andre fylke få jobba i fred, og trekkja forslaget.

Elevane

Men det gjer ingenting om motstandarane av karakterbasert opptak også trekkjer pusten. Alternativet motstandarane på venstresida ofte nemner er nærskuleretten. Der du har rett til å gå på den næraste skulen. Men det kan også bety at du gå på den næraste skulen.

Når ein er 15–16 år, finst det mange grunnar til at ein vil vekk frå det aller næraste. Ein vil finna saman med folk ein kjenner seg igjen i, ein vil følgja interessene sine, finna andre som liker å lesa ei bok eller absolutt ikkje liker å lesa ei bok, ein vil vekk frå rolla ein kan ha hatt i ti år på heimplassen, som klovnen, som den stille, som syndebukken, eller den det alltid er greitt å rakka ned på.

Det kan vera at også skuleflinke elevar har sånne vanlege, sosiale og ganske grunnleggjande og sunne behov. Sjølv om dei skulle koma frå ein ressurssterk heim. Og sidan ein ikkje klarer utjamna forskjellane i sosial bakgrunn etter ti år i grunnskulen, er det vel heller ikkje så sikkert at ein klarer det etter tre år til med same oppskrift?

Naturlovene

Det er ikkje berre høgresida som tyr til klisjéar når ideologien overtar, det gjeld i høg grad også venstresida. På begge sider klemmer ein unge elevar flate i det bildet ein måtte ha behov for å få dei til å passa inn i, anten det er det karakterbaserte opptaket ein går for eller nærskuleprinsippet. Det hadde ikkje gjort noko om ein erkjente det.

Og viss nå regjeringa trekte forslaget, og motstandarane trekte pusten, så kunne ein kanskje stilla andre spørsmål. Er det verkeleg ei naturlov i vår tid at alle må gå minst 13 år på skule for å klara seg i livet? Kunne ein lagt inn langt meir politisk vilje og pengar for å få folk over i praktisk arbeid etter grunnskulen? Går det ikkje? Må dei ha meir teknisk og teoretisk kunnskap? Kan dei ikkje få den inn gjennom praktisk arbeid?

Og kvifor er interessa for praktiske og estetiske fag så ufatteleg lite verdt? Alle er einige om at det er viktig å kunna lesa, skriva og rekna. Men det finst dei som lærer seg matte best gjennom å byggja ei hytte, det finst dei som lærer seg engelsk best når dei syng. Alt dette er dyrare enn å ha mange elevar ved kvar sin pult i eit nokså stort klasserom. Men det er på kort sikt. På lang sikt har alle mykje å vinna på at det finst fleire opne vegar unge kan koma seg over i arbeidslivet på.

Det einaste tenkelege er ikkje å innbilla seg at alle har same sjanse til å få gode karakterar i den norske skulen, eller at det hjelper å halda alle som er oppvaksne på same stad, i same skule i 13 år, i staden for ti.

Og eg trur heller ikkje det hjelper noko særleg å samanlikna norske forhold med sørstatane i USA på 1950-talet.

Les også

  1. – Ap vil ha vekk detaljstyringa i skular og sjukehus. Kan dei klara det?

  2. – Regjeringa seier dei vil styrka fag som musikk og kunst og handverk. Men dei vågar lite for å få det til.

  3. – Viss skule­barn blir meir og meir stressa av skulen, kvifor er det då barna vi skal endra?

Publisert:
  1. Skole og utdanning
  2. Skolepolitikk
  3. Videregående skole

Mest lest akkurat nå

  1. Såpeglatte veier i distriktet: – Alt mannskap er ute

  2. Fortsatt anbefaling om å unngå besøk

  3. Emilie (22) skulle ut for å kjøpe Pepsi Max, havnet i Oslo

  4. Sandnes, Sola og Randaberg letter delvis på koronatiltakene

  5. Alle ansatte ved pandemi­posten på SUS må i karantene

  6. Smitte i to barnehager i Stavanger