Høgres barnesyn?

KOMMENTAR: Stortingsrepresentant Margret Hagerup (H) lurer på kva slags barnehagepolitikk Høgre skal gå for. Kanskje rett og slett ein litt romslegare?

Statsminister Erna Solberg på besøk i Fridheim barnehage i april i fjor.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Eg er sannsynlegvis altfor naiv, men det sluttar aldri å overraska meg kor detaljert og skjematisk eit parti som Høgre heile tida vil styra norske barn. Eg meiner, dei er jo eit parti som vil verna om enkeltmenneskets fridom – kanskje til og med eigenart, på ein god dag – og som difor vil halda staten på ei armlengdes avstand, sånn at dette enkeltmennesket får pusta. Får lov til å skilja seg ut. Får tid og rom til å tenkja. Får driva på litt i fred, rett og slett. Så lenge det ikkje utartar til å gå utover andre menneskes rett og rom til det same. Det er fine ting, det. Og det meiner eg oppriktig og ikkje det minste ironisk.

Og så – på plass!

Men når Høgre skal snakka om barnehage- og skulepolitikk, er dei veldig, veldig redde for at ikkje alle desse små menneska kjapt nok skal passa inn i den forma som passar systemet best. Så redde at vernet om både fridom og eigenart fort kan ryka på vegen.

«De første årene for barna er avgjørende for å tileigne seg språk og tallforståelse og vi vet at en god barnehage gjør overgangen til skole enklere», skriv dei under overskrifta «Dette er problemet». «Lykkes vi med tidlig innsats øker barnas muligheter for en god fremtid senere. Allerede når barna er 2,5 år gamle er det forskjell på mestring av språk, matematikk, motorikk og sosial kompetanse.»

Det er jo det. Altså forskjell på to-åringar. Det er store forskjellar til og med, og det er heilt normalt. Men heime hos Høgre og dei ser dette ut til å vera eit faresignal. Barnehagane må passa veldig, veldig godt på og gjera kva dei kan for å minska spriket mellom to-åringane, for eksempel i språk. Får du ikkje hjelp og oppfølging før du er tre, kan visst løpet vera køyrt. Kven det er køyrt for, er eg litt usikker på. Men eg trur mest det er for systemet. Altså skulen.

Iveren

Stortinget har før sett foten ned for regjeringas iver etter å kartleggja barn. I 2016 ville dei, med Høgre i spissen, kartleggja alle barns språkferdigheiter, anten det skulle vera nødvendig eller ikkje, før dei slapp ut av barnehagen og over i skulen. Nå er dei i gang igjen. Denne gongen vil dei lovfesta at alle barnehagar skal vurdera alle barnas norskferdigheiter.

Åtte av ti barnehagar har alt rutinar for dette. Og i rammeplanen for barnehagen – altså den planen alle barnehagar må forholda seg til – står det at barnehagen fortløpande skal vurdera «allsidig utvikling.» Det kan vera at det også dekkjer språk? Og gir større rom og fridom for desse små enkeltmenneska til å utvikla seg i eige liv og samanheng og eige tempo? Og at det gir fagfolka i barnehagen større fagleg fridom og tillit? At denne romslege formuleringa er meir i tråd med Høgres syn på mennesket?

Samanhengen

Sjølvsagt er det viktig at alle barn får læra seg norsk. Det må vera skremmande og utrygt ikkje å forstå. Ikkje å bli forstått. Det gir ei kjensle av å stå aleine, sjølv om det ikkje er det ein vil. Ein kan ikkje velja. For dei største barna i barnehagane går inn i roller når dei leiker. Dei snakkar saman. Det går ikkje å beherska den forma for leik skikkeleg utan felles språk. Barn utviklar seg i leik, leik er heilt grunnleggjande for dei. Aleine, og saman med andre.

Viss det er noko norske barnehagelærarar kan mykje om, så er det korleis du forsiktig hjelper barn inn i leik, utan å styra leiken for mykje. Ein god barnehagelærar veit når ho skal gripa inn, og når ho skal trekkja seg ut. Når leiken bør få gå fritt, når den må styrast litt. Barn lærer og utviklar seg i ein samanheng. Når dei står i forhold til andre barn og andre menneske. Når dei er i ein trygg situasjon. Dei lærer seg språk slik også.

Dei som jobbar i barnehage, er redde denne samanhengen forsvinn viss dei skal vurdera alle barn sine norskferdigheiter spesielt, og rapportera vidare til kommunen. For då må det vel koma eit slags sett med verktøy, eller sjekkpunkt? «Det vil ta tid å vurdere hvert enkelt barn, deretter vurdere og gjennomføre kartlegging av barn som er identifisert med behov for oppfølging, for så å vurdere og gjennomføre nødvendige oppfølgingstiltak», skriv regjeringa sjølv i forslaget.

Respekt og tillit?

På sitt beste er norske barnehagar gode på å la barn vera barn, leik vera viktig og utvikling noko som tar tid og står i ein samanheng. Ein skulle tru det gjekk som hand i hanske med Høgres ideologi, slik dei sjølv har sett ord på den:

«Høyre vil bygge samfunnet på tillit til enkeltmennesket. Hver enkelt skal ha størst mulig frihet til og ansvar for å forme sitt eget liv og sin egen fremtid basert på respekt for andre og for fellesskapet. Samfunnet består av mennesker med ulik kulturell bakgrunn. Høyre mener at mangfold og forskjellighet er en kilde til utveksling av ideer, fornyelse og kreativitet. Valgfrihet er en naturlig del av å kunne bestemme over eget liv.»

Sjølvsagt kan ikkje små barn ha same ansvaret for eige liv og same valfridom som vaksne. Men styringsiveren til Høgre kan stykka eit barn opp i småbitar, få naturlege forskjellar i utvikling mellom barn til å bli feil og manglar, gjera leik om til opphakka læring, for å kunna knyta det til fag ein kan kjenna igjen som viktige i skulen, og dermed så tidleg som råd få dei små til å passa inn i eit system.

Desse små kunne vel fått respekt for eigenart og forskjellar i utviklingstempo, i det minste? Eller skal ein ikkje tolka Høgres ideologi på den måten?

Les også

  1. – Ap vil ha vekk detaljstyringa i skular og sjukehus. Kan dei klara det?

  2. – Viss skule­barn blir meir og meir stressa av skulen, kvifor er det då barna vi skal endra?

  3. – Ta vaksinen, når du kan

  4. – Eg trur Chris­tian Tybring-Gjedde (Frp) har rett i ein ting: Vi flokkar oss for lett

  5. «Du skal ikke tro du kan lære oss noe». I alle fall ikkje om alkohol.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det gjer vondt å falla mellom to stolar. Særleg for den som er sjuk

  2. – Det er ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir. Men det blir fort slik, likevel

  3. – Å, NRK! De må tola å få eit blåmerke eller to!

  4. – I det skjøre, politiske fellesskapet som oppstod etter 22. juli burde det nå vera høgresida sin tur til å gå opp og dra. Frp kan begynna.

  5. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  6. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Margret Hagerup
  3. Erna Solberg
  4. Kjell Ingolf Ropstad
  5. Solveig G. Sandelson