Ytre høgre lurer i skuggen av koronaen

GJESTEKOMMENTAR: Konspirasjonsteoriar rundt korona og demonstrasjonar mot smitteverntiltak er nyttige for aller ytste høgre. Både i Tyskland og i Noreg.

Midt på dagen 17. mai stoppa Oslo-politiet ein ulovleg demonstrasjon med for mange menneske som marsjerte mot koronarestriksjonane. I toget gjekk fleire kjende innvandringsmotstandarar, rasistar og høgreekstreme. Hans Jørgen Lysglimt Johansen frå mikropartiet Alliansen på ytste høgre var òg med (med solbrunt ansikt og blå paraply til høgre for midten av biletet). «Hipp hurra! Kom og vær med i toget», vart det ropa til forbipasserande.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

For nokre dagar sidan kom tryggleikstenesta i delstaten Berlin, Verfassungsschutz Berlin, med sin årlege rapport om ulike trugsmål mot det tyske demokratiet. Rapporten inneheld eit eige kapittel om konspirasjonsteoriar, som den seier har fått langt større spreiing i koronaperioden.

Vidare heiter det at høgreekstremistar og såkalla Reichsbürger-tilhengarar har sett på protestar mot koronatiltaka som «ei moglegheit til å mobilisera utanfor sitt eige miljø».

Det sistnemnde miljøet kan kort samanfattast som eit antistatleg miljø som ikkje anerkjenner den tyske føderalstaten i det heile, litt tilsvarande den heller obskure frimannsrørsla i Noreg.

Rapporten peiker også på at konspirasjonsteoriane tener tre føremål: Dei hjelper til med å forklara verdshendingar, dei skaper og forsterkar gruppeidentitet og dei er også eigna til å peika ut motstandarar og fiendar – skurkar i historia.

Les også

Øyvind Strømmen: «Kjærleik og forakt hand i hand»

Gamalt nytt

Konspirasjonsteoriar og pandemiar har ei lang kjærleikshistorie. Då den såkalla spanskesjuka trefte Amerika i 1918, var det nok av dei som skulda på tyskarane. Då Italia vart herja av pest mellom 1629 og 1631, spreidde det seg rykte om at det låg eit djevelsk komplott bak, og at såkalla usori – «smørjarar» – nytta seg av pulver og kremar for å smitta andre. Endå tidlegare fekk jødane skulda for å ha spreidd pest gjennom å forgifta brunnar.

Dessutan: Me menneske har lettare for å tru på konspirasjonsforteljingane når me kjenner på avmakt. Og me er sosiale vesen. Sjølv dei mest introverte av oss har neppe godt av all denne sosiale avstanden, og ein del har også fått meir tid til å hengja på nettet, meir tid til å ramla ned i mørke kaninhol.

Som ein anonym pårørande til ei mor og bestemor som har vorte slukt av eit konspirasjonsteoretisk univers, nyleg skreiv i Aftenposten: «Jeg frykter at mens vi har jobbet med å få kontroll over koronasmitten, har vi kanskje mistet kontroll over konspirasjonssmitten».

Nyttar høvet

Attende til Tyskland: I april kom boka «Fehlende Mindestabstand» (Manglande minsteavstand), ei samling artiklar skrivne av ei lang rekkje journalistar og akademikarar. Ein artikkel frå journalisten Konrad Litschko peiker nettopp på korleis ytre høgre har gjort seg nytte av demonstrasjonar mot smitteverntiltak.

Han byrjar med å teikna opp ei scene: 25. april 2020 står Udo Voigt på Rosa-Luxemburg-Platz i Berlin. Saman med han står det hundrevis av menneske som har samla seg til ein sjølverklært «Hygienedemo» mot smitteverntiltaka. Det er ein av dei fyrste «koronaprotestane» i Tyskland, ein demonstrasjon som ser ut til å ha samla både vanlege folk, nokre hippiar, vaksinemotstandarar og tilhengarar av konspirasjonsteoriar. At Voigt, kjend for si rolle i ytre høgre-partiet NPD, står blant dei, ser ikkje ut til å plaga dei.

Men Voigt er ikkje der tilfeldig. Han er ute etter merksemd. Seinare publiserer han ein selfie frå demonstrasjonen på Facebook-sida si: «Stopp koronadiktaturet, før det er for seint», skriv han. Litschko siterer andre ytre høgre-stemmer på nytta av dette som strategi.

Les også

Harald Birkevold: «I en låve på Hadeland»

Og i Noreg?

Demonstrasjon mot koronatiltaka framfor Stortinget 28. november i fjor: Hans Jørgen Lysglimt Johansen frå ytre-høgre-partiet Alliansen var på plass med eit Trump-flagg.

Her i Stavanger Aftenblad har eg tidlegare skrive om den eklektiske blandinga av menneske som har dukka opp i demonstrasjonar mot koronatiltak. Då var eg mest oppteken av korleis konspirasjonsteoriar vart pakka inn i pastellfargar; korleis eit fokus på kjærleik og varme vart kombinert med kald forakt mot myndigheiter og politikarar.

Lat det vera tindrande klårt: Det er ikkje ytre høgre som dominerer desse markeringane. Dei samlar også menneske med ulik kulturell bakgrunn.

Men representantar frå ulike ytre høgre-miljø har dukka opp gong etter gong. Det gjeld mellom andre Hans Jørgen Lysglimt Johansen frå mikropartiet Alliansen. Det er ikkje underleg. Johansen er konstant ute etter merksemd, noko som tidlegare til dømes har fått han til å langt på veg å omfamna manifestet til ein antisemittisk terrorist, og til å oppmoda til statskupp i Sverige. Partiet hans har langt på veg stått fram som eit enkeltmannsføretak. Det er framleis ytst marginalt, men blant dei som har samla seg rundt det er ein skare ungdomar.

Som Filter Nyheter omtalte i ein skakande artikkel tidlegare i mai bruker desse mellom anna chatteverktøyet Discord til å dela djupt rasistiske meme, kommentarar og «vitsar». Denne «humoren» dreier seg mellom anna om å plassera Ervin Kohn, forstandar i Det Mosaiske Trossamfund i Oslo, i gasskammer.

Filter Nyheter sin artikkel fortel også korleis Johansen dukka opp i ein demonstrasjon mot smitteverntiltak 20. mars, saman med medlemmer av den nynazistiske organisasjonen Den nordiske motstandsrørsla. Den fortel korleis han nytta høvet til å introdusera ungdomane for organiserte høgreekstremistar. I etterkant omtalte ein av dei litt eldre i miljøet, ein 29-åring, det som oppløftande å sjå «så mange Alliansen-folk stille opp på protesten».

Med andre ord: Åtvaringa frå tryggleikstenesta i Berlin er sann her heime òg.

God artikkelserie: Ungdom og korona

Publisert: