Ein politisk kilevink

KOMMENTAR: Det er visst ikkje verkelege menneskerettar det handlar om, i FN-konvensjonen om funksjonshemmas rettar. Det er behov politikarane må få bestemma over, ifølgje stortingsrepresentant Michael Tetzschner (H).

Om ein sjølv har ei funksjonsnedsetjing, eller er mor, far, syster eller bror til nokon som har det, må slike haldningar kjennast som ein knallhard kilevink. Foto: Gorm Kallestad, NTB

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Skal vi tru Høgres stortingsrepresentant Michael Tetzschner, og det må eg innrømma at eg ofte har gjort – han er jurist og greier – så er det ikkje sånn at funksjonshemma uansett skal ha grunnleggjande menneskerettar. Nei, det kjem alt an på korleis politikarane rundt forbi, ofte i kommunane, må prioritera innanfor dei ressursane dei har. Det kjem altså alt an på kor mykje det kostar. Går prisen opp, må menneskeverdet ned. Det kan justerast, rett og slett, når det gjeld funksjonshemma. Og slik ser Tetzschner helst at det blir verande. Det er greiast sånn.

Så regjeringa og Frp stemte ned eit forslag i Stortinget som ville ta FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) inn i norsk lovverk.

Ubehageleg

25. februar, i NRKs debattprogram Dagsnytt 18, forklarte Tetzschner standpunktet blant anna med at dette ikkje er eigentlege menneskerettar. Dei verkelege menneskerettane, sa han, kostar ikkje staten pengar. Mens denne konvensjonen, som gjeld Norges største minoritet, vil påverka «vanleg prioritering av viktige og sentrale behov» som det er opp politikarane våre å gjera ut frå dei ressursane dei har. Dessutan, sa Tetzschner, vil dette medføra at ein overlèt rettsutviklinga til ein komité i FN. Denne komiteen kjenner ikkje norsk tradisjon.

For å ta det siste først: Dette høyrest ubehageleg kjent ut. Som når mektige, konservative og gjerne sterkt religiøse leiarar fortel kvifor det er utidig og unødvendig å bli kikka i korta av nokon på utsida. Dei har sjølv den beste forklaringa på kvifor ting er som dei er, helst bør fortsetja å vera som dei er, og i alle fall vera overordna litt diskriminering av grupper dei sjølv ikkje tilhøyrer.

At komiteen skulle overta norsk rettsutvikling, er rett og slett misvisande. Det er ordlyden i sjølve konvensjonen som i tilfelle blir tatt inn i lovverket, og det blir opp til norske domstolar å tolka den riktig. I tillegg er konvensjonen ganske nyansert når det gjeld økonomiske, sosiale og kulturelle rettar – dei skal gradvis innførast, så langt det er råd, med dei ressursane ein har. Plikta til ikkje å diskriminera, og plikta til å sikra fridom frå utnytting, vald og misbruk, gjeld derimot frå første dag.

Følgjene

Nå kan ein jo bli stempla som ein slags naiv godfjott av å koma drassande med FN-konvensjonar. Som at ein dermed gir all rasjonalitet på båten, snøblind for praktiske følgjer og rørt over eigen idealisme. Men å halda menneskeverdet i hevd er i høgste grad rasjonelt. Å halda fram minoritetars menneskeverd endå meir. Blir ikkje det gjort, er det enkeltmennesket som må ta dei praktiske følgjene. I dette tilfellet, slik Tetzschner klarte framstilla det, få eigen fridom og eige menneskeverd dratt opp eller ned, alt etter kva kommunen til ei kvar tid finn råd til.

Då menneskerettserklæringa kom i 1948, var det etter ein krig der menneske på grufullt vis hadde blitt stempla som mindreverdige, som heilt feil, som umenneskelege. Følgjene det fekk var dei aller verste – dei kunne utryddast. Drepast. Jødar, funksjonshemma, homofile, romfolk. Menneskerettserklæringa ville gjera enkeltmennesket ukrenkeleg. I seg sjølv. På kva dag som helst er det grunn til å stoppa opp i to minutt og tenkja over akkurat det.

Så oppdaga ein jo, i kvardagane som heldigvis følgde, at ikkje alle grupper blei godt nok beskytta i erklæringa, og vi fekk tillegg til denne. Som kvinnekonvensjonen, barnekonvensjonen og rase-diskrimineringskonvensjonen. Dei er alle både ratifiserte og tatt inn i norsk lovverk. Men ikkje denne siste, ikkje denne som skal beskytta personar med nedsett funksjonsevne.

Jo, den er ratifisert, noko som betyr at den skal gjelda. Men tar ein den heilt inn i lovverket, blir den langt synlegare, og dermed sterkare. For det er vel grunnen til at dei andre er tekne inn?

Sårbart

Ei norsk undersøking frå 2016 viste at 1 av 3 med nedsett funksjonsevne har opplevd hat og hets, 11 prosent har fått høyra at dei ikkje burde vore fødde. I 2019 var 43,8 prosent av funksjonshemma mellom 15 og 66 år i jobb, under pandemien har det falt med heile 3,2 prosentpoeng. Det er langt meir enn for den store flokken av oss. Over 14.000 elevar har under koronaen fått mindre spesialundervisning enn dei har krav på, sjølv om dei av regjeringa blir rekna som ei sårbar gruppe.

Dei med nedsett funksjonsevne er ei sårbar gruppe, både barn og vaksne. Dei treng sterkare og synlegare vern.

Michael Tetzschner demonstrerte kvifor i Dagsnytt 18-sendinga 25. februar. Ein mektig og respektert folkevald fekk seg til å seia at rettane i FN-konvensjonen til denne gruppa ikkje er eigentlege menneskerettar, men kan lempast på når det er mest praktisk for politikarane. Det blei ikkje akkurat ramaskrik av det, heller. Djupt nedsetjande haldningar frå ein stortingsrepresentant, ganske stille frå oss andre.

Om ein sjølv har ei funksjonsnedsetjing, eller er mor, far, syster eller bror til nokon som har det, må begge delar kjennest som ein knallhard kilevink.

Få denne konvensjonen inn i lovverket! Det er tydeleg langt på overtid.

Les også

  1. – Stortinget avgjør om funksjonshemmede skal gjøres til en lavstatusgruppe

  2. «Er posisjoner og statsrådsposter viktigere enn grunnleggende verdier i KrF?»

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Skavlan står for meg som denne sjangerens fødselshjelpar.

  2. – Det vikti­gaste i abort­lova er den skjøre balan­sen mellom fleire liv

  3. Finst det ingen politikarar som tar sjansen på å sleppa unge UT av skulen etter ti år?

  4. – Når koronatiltaka grip så langt inn i heimar og sjelsliv, kan tilliten til dei som styrer bli alvorleg skada

  5. -Tillitsbrot, Ap. Det må vi nesten snakka om

  6. – Går prisen opp, må menneskeverdet ned. Det kan justerast, rett og slett, når det gjeld funksjonshemma.

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Funksjonshemmede
  3. FN
  4. Michael Tetzschner
  5. Diskriminering