Skalet av alle ting kan ein få for pengar. Men ikkje kjernen

KOMMENTAR: Kultur blei ikkje nemnt med eitt ord då kommunedirektøren la fram sitt forslag til neste års stavangerbudsjett. Samtidig var framlegginga stappfull av kultur.

Når kommunedirektør Per Kristian Vareide skal få fram poenga sine om stavangerbudsjettet, går han til kunsten. For Edvard Munchs dristige, ekspresjonistiske fin-de-siécle-verk «Skrik» skjønnar alle. Foto: Jon Ingemundsen

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Kva skal me eigentleg med kultur? Kva er poenget med at folk skriv litteratur, lagar film, målar bilete eller lagar skulpturar? Er dette noko ein kommune bør prioritera, når det må sparast og effektiviserast for å kunna levera lovpålagde tenester som barnehage, skule, helse- og eldreomsorg? Er kultur noko som er kjekt å ha, ikkje noko me ha? Er kultur eigentleg pynt?

Dette er spørsmål kommunepolitikarane i regionen vår vil måtta baksa med dei komande vekene. Etter at bekymra rådmenn og kommunedirektørar har lagt fram sine forslag til neste års budsjett, som krev smertefulle (om)prioriteringar frå politikarane. Kor skal det kuttast? Kven skal få meir?

Basert på Per Kristian Vareides framstilling av dei økonomiske realitetane i Stavanger kommune, har kulturlivet minst like stor grunn til å vera nervøse for dei kommunale løyvingane dei neste åra som andre felt i kommunebudsjettet. For Vareide nemnde ikkje kultur med eitt ord. I alle fall ikkje direkte.

Les også

Rajas (nesten) umulige hovudpine

Fullt av kultur

Det paradoksale er at framlegginga likevel var full av kultur – og på sett og vis demonstrerte noko av poenget med kunsten. For kva brukte kommunedirektøren for å illustrera poenga sine om den økonomiske situasjonen i Stavanger?

Sjølvsagt brukte han tal og grafar. Men då tala, grafane og dei logiske resonnementa skulle løftast, samanfattast og tydeleggjerast, gjekk Vareide til kunsten. Han starta heile framlegginga si med eit dikt, «Til lags åt alle kan ingen gjera», av Ivar Aasen. Han refererte til «Ringenes Herre»-filmane. Då han skulle visa fram korleis budsjettet og framtida krev grundige vurderingar, var det ved hjelp av Auguste Rodins verdskjende skulptur «Tenkjaren». Og då han skulle samanfatta heile kommunens økonomiske utfordringar, var det gjennom å parafrasera Edvard Munchs ikoniske bilete «Skrik».

Det interessante er at kunsten – altså «pynten», «kosen», «finkulturen», «det unyttige/unødvendige» – viser seg å vera det best eigna middelet ein økonomisk uroa kommunedirektør kan bruka for å få fram poenga sine. Tala talar sitt språk. Men når Vareide skal få oss til å skjønna kva tala og grafane eigentleg betyr, bruker han lyrikken og biletkunsten.

Ei hjartesak for nokon?

Kva er poenget mitt med dette? Vel, hadde me ikkje hatt desse kunstnariske uttrykka, hadde heller ikkje kommunedirektøren hatt dette fellesmenneskelege, denne livsvisdomen, dette uttrykket som går på tvers av tal, grafar og bombepunkt til å kommunisera med. Det unyttige viser seg å ha ein nytteverdi likevel – ut over gleda eller fascinasjonen over verket i seg sjølv.

I Vareides versjon kjem utviklinga i Stavanger dei neste åra i praksis til å avhenga av kva som er stavangerpolitikaranes hjartesaker. Det meste er nemleg allereie avgjort av statlege føringar og lovpålagde oppgåver. Eit yrande kulturliv er ikkje lovpålagt frå staten. Skal me ha, og utvikla, dette – og dermed potensielt gi framtidas kommunedirektørar felles kunstnariske referansar dei kan bruka i framtidige budsjett – må det vera ei av politikaranes hjartesaker. Kultur må vera noko dei prioriterer i kampen med andre gode formål, noko dei ser verdien av, ikkje berre i kroner og øre.

Det store spørsmålet fram til kommunebudsjetta blir vedtekne i desember er: Har me slike politikarar?

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. «Kulturlivet står i ein umogleg situasjon»

  2. Er det eit offentleg ansvar å gi Kurt Nilsen millionlønn til jul?

  3. Skalet av alle ting kan ein få for pengar. Men ikkje kjernen

  4. Me er nesten i ferd med å bli blinde og døve for kor ko-ko – og alvorleg – dette faktisk er

  5. – Kor mange er nok? 500? 5000? Heile Moria?

  6. Rajas (nesten) umulige hovudpine

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kultur
  3. Stavanger
  4. Kulturpolitikk
  5. Stavanger-budsjettet 2021