Det finst ikkje enkle løysingar på kompliserte spørsmål. Heller ikkje når flyktningleiren Moria står i brann

KOMMENTAR: Er 50 asylsøkjarar frå Moria-leiren for få? For mange? Passe?

Publisert: Publisert:

Flyktningleiren Moria er brent ned. Kva gjer me med det? Og med alle dei andre flyktningleirane i verda? Foto: Alkis Konstantinidis, Reuters/NTB scanpix

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Den siste veka har den – bokstaveleg talt – brennbare situasjonen i Moria-leiren på den greske øya Lesvos prega både konvensjonelle og sosiale medium i Norge.

Mange har lagt emneknaggen #50erikkenok på profilbiletet sitt på Facebook. Kanskje har dei skrive eit engasjert innlegg på veggen sin. Dei har fått støtte frå vennene sine, som stort sett viser seg å ha same syn og vera glade for at nokon seier det som det er.

Andre har argumentert mot at Norge skal henta fleire frå Moria og vist til at me allereie gjer meir enn dei fleste andre for flyktningar og migrantar i verda. Vennekretsen deira på Facebook har stort sett vore heilt einig, rosa den skarpsindige analysen og at nokon seier det som det er.

Andre igjen meiner Norge bruker for mykje ressursar på flyktningar. Også dei haustar tommel opp frå sine venner på Facebook.

Slik står me, i kvar vår silo av meiningar, med kvar vår heiagjeng.

Komplisert spørsmål

Moria-debatten er interessant både fordi han går rett inn i nokre av dei mest kompliserte politiske spørsmåla i vår tid, og fordi reaksjonane og engasjementet er så typisk. Flyktningsaka er tydeleg polariserande. Her er lite rom for nyansar, for gråsoner, dilemma eller for å snakka med innestemme. Valet står mellom enten eller. Mellom altfor enkle svar på kompliserte spørsmål.

Då presset frå opposisjon, regjeringspartnarar, medieoppslag og opinion blei tungt nok, valde Erna Solberg å ta imot 50 flyktningar frå Hellas – og senda eit eige hjelpeteam til Lesvos. Det var eit forsøk på å løysa eit komplisert problem på ein ganske enkel måte. Men det løyser omtrent ingenting. Det er berre ein drope i havet. Frå eitt av verdas rikaste land.

Men det er ei minst like enkel løysing på eit komplisert problem å seia at 50 ikkje er nok, på Facebook, i demonstrasjonar, i debattfelt. Kor mange er nok? 500? 5000? Heile Moria? Også av dei rundt 70 prosentane som kjem frå Afghanistan – som sjeldan kvalifiserer til asyl i Norge? Korleis skal dette gjerast i praksis? Kvifor akkurat Moria, og ikkje ein flyktningleir i Libanon, der dei også har det forferdeleg? Kven skal veljast, basert på kva kriterium? Korleis skal Norge handtera alt frå finansiering til integrering?

Ein emneknagg og eit varmhjarta innlegg på Facebook svarer ikkje på dette.

Les også

Natasja Askelund: «I den ene debatten etter den andre finnes det nå bare ett rett standpunkt»

Kompliserte svar

Ein av grunnane til at eg er så lukkeleg for at eg slepp å styra eit land, er at eg dermed slepp å måtta bestemma noko. (Eg kan, som dei fleste andre, nøya meg med å kritisera det som blir bestemt, i ettertid og etterpåklokskap.)

For når du skal bestemma noko på vegner av eit heilt land, finst det nesten ikkje grenser for kva omsyn du må ha med deg i bakhovudet. Blant anna må du heile tida tenkja på at det du bestemmer for nokon også prinsipielt skal gjelda for alle.

Det er ikkje nok å handla utelukkande basert på i dag, på det som tilfeldigvis pregar dagsordenen denne veka. Det gjeld enten det er den veka det strøymer migrantar ukontrollert over grensa på Storskog eller det er den veka det kjem dramatiske bilete frå Moria. Nei, du må laga ein politikk og eit regelverk basert på lange linjer og både tilsikta og utilsikta konsekvensar.

Det er derfor den greske statsministeren, konservative Kyriakos Mitsotakis, har sagt at hans regjering ikkje vil bøya seg for det han omtaler som eit forsøk på utpressing frå dei som sette fyr på Moria. Det skal ikkje lønna seg å brenna ned ein flyktningleir. Ikkje ein gong for dei som ikkje tende på, dei som nå har mista alt.

Les også

Harald Birkevold: «50.000 er ikke nok!»

Brei konsensus

Trass i korleis det ser ut både i media og på Facebook denne veka, og sjølv om dette er ei svært splittande sak i norsk politikk, er det eigentleg ganske brei konsensus på Stortinget om dei store linjene i den norske asyl- og flyktningpolitikken. Dei fleste partia står ganske støtt på at Norge skal prioritera kvoteflyktningar i FN-systemet, at dei me tek imot skal ha eit dokumentert behov for vern, og at ein må ta imot eit kontrollert tal som kan integrerast i Norge. Frp vil ta imot færre, mens fløypartia på venstresida vil ha fleire. I midten har du KrF og Venstre, som ikkje akkurat ser ut til å mobilisera veldig mange veljarar på å vera meir innvandringsliberale enn regjeringspartnar Høgre.

Asyl- og flyktningpolitikken er eit minefelt for partia, med svært uklar vinst for andre enn Frp. Ap- og opposisjonsleiar Jonas Gahr Støre sa i april blankt nei til å henta migrantar frå dei greske øyane. Han og innvandringspolitisk talsperson Masud Gharahkhani skreiv i VG: «Vi sitter ikke i Norge og velger fra ulike leire i ulike hjørner av verden, og gir mennesker fra den ene leiren forrang over andre. Vi gripes av TV-bilder fra den ene leiren med mye oppmerksomhet. Men TV-bilder kan ikke diktere hvor behovene er størst.»

Men, som politisk redaktør Kjetil B. Alstadheim skriv i Aftenposten, prinsippa tolte ikkje tv-bileta frå den brennande flyktningleiren.

seier Gharahkhani at Ap vil ta imot fleire enn 50 frå Moria. Nøyaktig kor mange som er nok, svarer han ikkje på. Det blir for komplisert.

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. Er det eit offentleg ansvar å gi Kurt Nilsen millionlønn til jul?

  2. Skalet av alle ting kan ein få for pengar. Men ikkje kjernen

  3. Me er nesten i ferd med å bli blinde og døve for kor ko-ko – og alvorleg – dette faktisk er

  4. – Kor mange er nok? 500? 5000? Heile Moria?

  5. Rajas (nesten) umulige hovudpine

  6. – Korleis blir livet fram­over om folk er endå meir forsiktige enn styres­maktenes smitte­råd?

Les også

  1. – Ubegrenset ytrings­frihet er ytrings­frihetens største trussel

  2. – Ytrings­friheten er en grunn­leggende rettig­het

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Flyktningpolitikk
  3. Moria
  4. Politikk
  5. Erna Solberg