Tomt i reiret? Kva med ein attpåklatt?

KOMMENTAR: Eg vil slå eit slag for attpåklatten. Alle som tør eller kan, bør få seg ein attpåklatt.

Veit du kva som funkar best mot tomt-reir-syndromet? Det er å stadig fylle på i reiret, så det aldri blir tomt.
  • Heidi Hjorteland Wigestrand
    Heidi Hjorteland Wigestrand
    Frilansjournalist
Publisert: Publisert:

Debattanten Sanna Sarromaa lovprisa nyleg sin attpåklatt og skreiv at desse blir kalla kveldsstjerner i Finland. Å få ein attpåklatt gir deg tusen ekstra antenner å ta inn livet med. Å få ein attpåklatt er å gi eldre søsken ei lysande stjerne å søka heim til.

Attpåklattar er ikkje så uvanlege, dei dukkar opp på grunn av, og trass i. Ikkje alltid under heilt lukkelege omstende. Men etter ei tid blir dei helst skildra med stor glede, av fedrar og mødrer som livet og tida har gjort klokare.

Somme vel bort barn på grunn av klimakrisa. Eg vel å tru at å føda barn er å føda nye, klare hjernar som kan vera med og få oss ut av uføret. Dessutan får ofte barna deg til å leva meir kortreist.

Eit yngre liv

Å få eit barn seint gjer livet yngre og meir intenst. Eg er 52 år og mor til ei på åtte. Utan henne hadde eg ikkje blitt kjent med Peppa Gris og Fantorangen, og hadde aldri rydda kjøkkenet med Victor og Chris i FlippKlipp som lydkulisse. Desse to youtubarane er som familiemedlemmar å rekna, og bilturane blir friskare med øyra fulle av songar frå Kutoppen.

Med ein attpåklatt får du ta del i merkelege filmsnuttar med fargerik leire som formar seg sjølv, og du må driva høgtlesing med ulike stemmer. Når du som barnefri 50-åring kan ta deg ein dupp på sofaen, sit attpåklatt-forelderen ved matbordet og ser barnet som siktar inn tala mot rutene i matteboka, til lukta av nyspissa blyant og ei frukt som har ligge litt lenge i sekken.

Ho er øyret mitt mot livet, mot jorda, mot den ru borken. Ho fôrar meg med sjølvplukka nøtter. Det er som å ha eit ekorn i hus, barnet er natur. Ho legg ein stein i handa mi som eg må ta stilling til. Attpåklatten gir meg eit ekstra auge å sjå med, ein ekstra sans å føla med, slik at eg ikkje går i dvale når hausten kjem, for hausten er utsett.

Det er eit hav av tid mellom henne og meg. Difor blir livet med henne ei oppdagingsreise i ukjent land, med ei som skal vera jente i eit heilt anna tusenår enn det eg var jente i.

Les også

Kven ringer barnehagen først når barnet spyr? Mor eller far?

Les også

Eg – ei høne utan egg

Vinmarinert sofagris

Eit liv med ein attpåklatt er også eit liv fullt av heft, avbrytingar og stadige småkriser. Som småbarnsfri femtiåring kan du lett bli sofagris, treningsnarkoman eller vinmarinert kulturkjerring, på stadig leit etter nye festivalar.

Fleire på min alder lir av tomt-reir-sorg, og er difor langt inne i store og heseblesande sjølvrealiseringsprosjekt. Ein høyrer jo også frå somme hald at når barna er ute, skal Livet med stor L verkeleg starta. Med fest og fridom, jogging og anna sjølvpleie, til krampen tek deg.

Eg er i grunnen glad for å sleppa. For jammen er dei mange dei ettermiddagane og kveldane som skal fyllast når det ikkje lenger er graut å tørka av stolbein og hårstrikkar å sortera i.

Eit jag etter stadig nyting utan først å yte tilstrekkeleg, blir fort eit tomt og utilfredsstillande liv. For å ha barn i hus betyr å yta. Og ja, visst kan du bli lei, matt, sint og trøytt. Men det blir ein jo uansett.

Attpåklatten gir meg eit ekstra auge å sjå med, ein ekstra sans å føla med, slik at eg ikkje går i dvale når hausten kjem, for hausten er utsett.

Denne teksten blir til dels skriven ståande ved kjøkkenbenken, medan eg innimellom rører i ei gryte graut og held eit auge med to som badar. No vil dei inn.

– Ikkje gå inn med våte føter!
– Nei då, me er ikkje våte, forsikrar dei medan dammane veks rundt føtene deira.
– Eg slo kneet, kan me få is?
– Nei.
– Lagar du nye vannisar, mor?
– No lagar eg graut.
– Me kan laga isane.
– Nei.
– Eg har flis i foten, trur eg.
– Få sjå.
–Nei, eg ser inga flis.
– Kan eg få snop?
– Nei.

Eg noterer meg stikkord på ein gul lapp, for her kan ein fort gløyma ut kva ein har tenkt.

– Saft, då?
– Ikkje saft, heller.
– Vatn på flaske?
– Det er greitt.
– Kan du lukka flaska, eg får det ikkje til.
– Slik, nå er det ordna.
– Mor, flaska lek.

Det er vått på golvet og store vassperler ligg over hugselappen min.

– Godt det ikkje var saft.
– Går du ut no?
– Ja.

Det seier seg sjølv at eg som 52-åring med vaksne barn hadde fått skrivero av eit anna kaliber. Men eg får noko anna.

På grunn av attpåklatten min får eg vera saman med folk i tjue- og trettiåra. Slik får eg innblikk i kva unge vaksne er opptekne av, og som den dinosauren eg er, kan eg fortelja ferske skuleforeldre om kva som har skjedd i barneskulen, heilt frå tusenårsskiftet og fram til no.

Eg vekslar mellom å vera ein flammande busk og full av moderleg urkraft. Dagar då alt er kaos og du ikkje får gjort nokon ting, skaper kreativt overtrykk til bruk ein annan rolegare dag.

Les også

Ikkje døy som ein prektig tørrpinn

Les også

Kvifor får menn flest prisar?

Lukka utanfor deg sjølv

Du må vera skjerpa, men i min alder har me berre godt av slikt. Og jogga gjer eg, eg også, for å vera småbarnsmor (og bestemor), er motivasjon betre enn noko meisterskap til å halda seg litt i form.

Dessutan er ein attpåklatt jo ofte som eit einebarn å rekna. Du kan flyta på rutinar frå den tida du turnerte fleire barn samstundes. Dermed kan ein organisera seg slik at det blir gliper av eigentid, innimellom.

Det å alltid kunna gjera noko kjekt, er ikkje greia, trur eg. Det du må jobba litt for, smakar best. Å ha attpåklatt er ein motsats til alt flimmeret. Og ja, eg veit at forsking viser at ein ikkje blir lukkelegare av å få barn. Det er på eit vis godt å vita, med tanke på dei ufrivillig barnlause. Lukke handlar nok mest om å ha noko handfast og meiningsfullt i livet sitt, i staden for å berre virra rundt. Å vera opptatt av noko utanfor seg sjølv. Å gjera noko for andre, anten det er eigne barn, fosterbarn, barnebarn, eller andre menneske som treng deg.

For meg er det attpåklatten og barnebarna som koplar meg til eit linjenett det gneistrar av. Ein toåring som ler og igjen få kjenna dufta av nyfødd baby.

Gi meg den festival som kan toppa det!

Les også

  1. «Eg har berre tatt fly to gonger i livet mitt. I løpet av ei veke i februar 1988 flaug eg fram og tilbake frå London»

  2. – Har me så god sjuke­løns­ordning at me pressar oss mindre enn me burde?

  3. Debatten om bok­omslaget til Hadia Tajik starta med eit lesar­brev i Aften­bladet. Det viser kva spreng­kraft det kan ha å skriva og meina noko

  4. Folk får piggane ut av sure nynorskfolk. Difor bør nynorskingane alltid vera glade og luka ut ord som det lenge har grodd mose på.

  5. Berre knapt 30 prosent av kjeldene i avisene er kvinner. Og det er ikkje berre journalistane sin feil

  6. Tre styrepils i 60 knop

  7. – Eg trur koronakrisa har dunka liva til urbane menneske inn i ein rytme som minner meir om våre bygdeliv

Publisert:
  1. Barn
  2. Familie
  3. Heidi Helgadottir Leite

Mest lest akkurat nå

  1. Derfor vil de ikke vaksinere seg

  2. 400 kan miste jobben i Seadrill

  3. Regjeringen vil skjære gjennom ved koronakrangel på Nord-Jæren

  4. Suksess for Vinterland på Ruten - måtte bestille 20.000 flere billetter

  5. Ferdig i utenlandsk klubb

  6. «Ingen» dukket opp da kommunen tilbød drop-in for de mellom 12 og 15 år - får ny sjanse onsdag