Eit venstre­radikalt ja til norsk EU-medlemskap?

GJESTEKOMMENTAR: Unge stemmer utfordrar stivna haldningar til EU.

1994: Sosialistisk Ungdom (SU) set opp ein mur framfor Stortinget for å vise at EU bygger murar, ikkje bruer – med hjelp frå stortingsrepresentant og seinare SV-leiar Kristin Halvorsen. Snart tre tiår seinare ser nokre SU-arar annleis på EU.
  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Fram til for om lag 20 år sidan var eg med i SV; dei siste åra har eg vore med i Europabevegelsen. Den gongen var EU og SV som eld og vatn. Med min bakgrunn er det interessant å kunne konstatere at det i SU, ungdomsorganisasjonen til SV, no har dukka opp nye, radikale ja-stemmer som tar del i det offentlege ordskiftet.

Berøringsangst med omsyn til EU-debatt kler det norske demokratiet dårleg. Det handlar ikkje om å snikinnføre Norge i EU under dekke av aggresjonskrigen til Russland, slik tidlegare Raudt-leiar Aslak Sira Myhre har oppfatta det (Dagsavisen 22. april). Det handlar om at det snart er 30 år sidan førre EU-røysting i Norge. Som demokratisk fellesskap vil ein EU-debatt gjere oss meir medvitne og informerte om ei svært viktig sak. Vi bør difor ønske ein slik debatt velkomen.

Dei unge vil sjå verda
meir i lys av si eiga samtid
enn av fortida.

Meir tvil blant dei unge

Om vi studerer bakgrunnstal når det gjeld haldning til EU og dei unge på venstresida i dag, kjem eit interessant mønster fram (Norsk Monitor, vår 2022). Blant dei eldre veljarane til SV, MDG og Arbeidarpartiet er relativt få usikre, om lag 20 prosent, medan eit klart fleirtal er imot medlemskap i EU. Blant dei unge er det omvendt. Over 50 prosent av SV og MDG sine unge veljarar er usikre i EU-spørsmålet, 44 prosent av Ap sine unge veljarar er det. Dette kan gjer ein ny EU-debatt meir open.

Karl Mannheim (1893–1947), britisk-tysk sosiolog, født i Ungarn.

Sosiologen Karl Mannheim (1893–1947) kalla det for generasjons­perspektivet når dei unge møter verda på sin måte, med eit nytt friskt blikk. Dei unge vil sjå verda meir i lys av si eiga sam­tid enn av for­tida. Det gjer at unge kan oppfatta politiske spørs­mål ann­leis enn tid­legare generasjonar har gjort det. Spørs­målet er om dei unge i dag vil kunne sjå på EU-spørsmålet i nytt lys utan­for skuggen til dei tid­legare EU-kampane og uav­hengig av fast­frosne posisjonar frå den gongen.

«Det er jo positivt!»

Nestleiaren i SU, Agathe B. Waage, er eit friskt pust i EU-debatten, slik eg ser det. Etter hennar syn gjekk dei to tidlegare folkerøystingane i Norge føre seg i ei heilt anna tid. Den gongen fanst til dømes ikkje mektige selskap som Facebook og Google. «Norge kan ikke få has på Facebook og Google aleine. De utgjør grenseoverskridende utfordringer, og da trenger vi grenseoverskridende samarbeid. EU er den beste arenaen for å få til det», seier Waage (Klassekampen 23. april). Ho nemner klimapolitikken og behovet for ei sams politisk regulering av den økonomiske fellesmarknaden som andre opplagde ja-argument for venstresida.

Ein annan som også kjem med nye tonar i SU, er Hans Christian Knudsen, sentralstyremedlem i ungdomspartiet. I Dagbladet 13. april går han til kjernen av debatten når han først slår fast at det er korrekt, som nei-sida hevdar, at å vere med i EU betyr mindre nasjonal sjølvråderett. Men grunngjevinga er at det er for å kunne delta på eit nytt demokratisk nivå med mykje større handlekraft. Så han kontrar elegant: «Dette er jo positivt!»

Knudsen held fram: «Hele poenget med EU er at vi forener oss og står sammen om noen felles demokratiske prinsipper for å løse felles utfordringer: Klimakrisen, at globale selskaper som Facebook har altfor mye makt og flyktningkrisen krever globale løsninger. Dette kan ikke Norge fikse alene. Vi trenger EU.»

Som elles i Europa

Dei to unge stemmene i SU seier ikkje anna enn det venstresida elles i Europa gjer. For SVs søsterparti i Danmark, Socialistisk Folkeparti (SF), er EU-tilhøyrsle opplagt. Om EU-politikken sin slår SF fast: «Fælles løsninger i EU er vores bedste og mest effektive svar, når Europa udfordres af klimaforandringer, flygtningestrømme, skattefusk, social dumping og fattigdom. SF’s EU-politik vægter et grønt og solidarisk Europa!»

SF ser naturlegvis at det er viktige kampar som må førast i EU: «EU giver os en enestående mulighed for at binde de europæiske arbejdsmarkeder sammen og forbedre sociale vilkår på tværs af grænser. Men lige nu er der for meget fokus på markedet og for lidt på lønmodtagervilkår. SF vil et socialt Europa.»

Såleis er det som skil den danske haldninga frå haldninga til venstresida i Norge, at SF oppfattar EU som ein opplagt politisk arena å delta på, slik den lokale, regionale og nasjonale politiske arenaen er det.

Les også

Seniortanken: «Tiden er inne til å drøfte vår plass i fremtidens Europa»

Les også

Theodor B. Helland, Civita: «Seniortankens EU-bekymringer er på sin plass»

På høg tid

Frontane i de norske debattane i 1972 og 1994 bestod grovt sagt av ei ja-side med dei som hadde høg inntekt og utdanning og stor makt – elitane og ekspertisen – medan dei med lågare inntekt – vanlege folk – var imot EU. Om det vert mønsteret i ein ny EU-debatt også, vil ikkje ja-sida nå fram. Om perspektivet om eit radikalt ja derimot ja får større utbreiing i Norge også, vil både EU-debatten og den norske venstresida kunne verte fornya.

Det vil å så fall vere på tide, vil eg påstå. Det er jo ikkje så mange att, om vi ser bort frå blomane i den særeigne norske partifloraen, når det gjeld å arbeide mot EU-medlemskap og EU som organisasjon. Elles i Europa er det vel så å seie berre parti og politikarar til høgre for Marine Le Pen som i dag vil avskilte EU.


Les også

  1. Tida for naiv utanriks­politikk er omme

  2. Severin Suveren møter EU

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Svein Erik Tuastad
  3. EU
  4. Sosialistisk Ungdom (SU)
  5. EU-politikk

Mest lest akkurat nå

  1. Hommersåk samles i sorg – igjen

  2. Det trengs et forbud mot bruk av robot­klippere om natten og strenge reguler­inger for bruk om dagen

  3. Marte (19) og Tor Martin (19) omkom i MC-ulykken i Gjesdal: – Dette er ufattelig og grusomt

  4. Da han såg det gamle bildet, forstod Espen at ryktet om beste­foreldra si hytte på Høle var sant

  5. Før visste bare lokal­kjente om stølen. Så kom en «tur­fluenser»

  6. Muslimske nett­verk for­dømmer angrep