Kor skal hjelpa koma frå?

KOMMENTAR: Alvorleg sjuke barn blir kasteballar i barnevern og psykisk helsevern. Der blir dei også usynlege for oss andre.

Det handlar om barn som treng heilt nødvendig helsehjelp for alvorleg sjukdom.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Kommentator
Publisert: Publisert:

Å hjelpe meg, så sårt. At 261 av barnevernsbarna våre har blitt flytta til saman 2000 gonger sidan dei kom inn under barnevernets omsorg. At dei i snitt berre budde 60 dagar på kvar stad. At 32 av barna har blitt flytta minst ti gonger kvar, at 22 av dei har alvorlege, psykiske lidingar – traume, autisme, personlegdomsforstyrringar. Og at ingen ansvarlege har hatt oversikt over dette: Kor mange barn i barnevernets omsorg som har alvorlege, psykiske lidingar. Korleis ein tar vare på det openlyse behovet deira for helsehjelp. Og om ein gjer det.

Barnevernet?

I staden er det Aftenposten som har funne fram til tala. Dei har også fortalt historia til Liv Monika, som til slutt døydde i barnevernets omsorg. Dei har snakka med mange, som dei foreldra som fekk råd frå psykisk helsevern om å be barnevernet om hjelp, sjølv om det ikkje var omsorga for dottera deira det gjaldt. Det gjaldt den psykiske helsa hennar, då ho blei 16 og nekta å ta imot meir hjelp frå barne- og ungdomspsykiatrien. Barnevernet klarte det ikkje, dei tvangsflytta henne ti gonger til ti ulike stader på litt over eitt år. Over 100 omsorgspersonar var inne i bildet. Ho blei dårlegare av det. Mykje dårlegare.

Barnevernet skal sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Dei skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Men er barnevernet rett stad når det er alvorleg, psykisk sjukdom som trugar helse og utvikling – til og med livet?

Psykiatrien?

Vi har ikkje døgnplassar i psykiatrien for barn og unge under 18 år – ikkje for dei som har samansette lidingar og treng ei slik seng over lengre tid. Vi har berre akuttplassar. Det er tenkt at desse sjuke barna skal klara å koma til behandling på dagtid – ein time i veka, kanskje. Dette er villa politikk.

Det skal også svært mykje til for at dei blir innlagde på tvang. Nei, det skuldast ikkje berre for få senger, det skuldast også at det ikkje alltid er bra for dei. Er dei kronisk suicidale, altså i kronisk fare for å ta sitt eige liv, blir dei ikkje nødvendigvis betre av å bli lagt inn med tvang. Å vera under tvang kan trigga traume og gjera det verre for dei, seier klinikksjef Lars Conrad Moe ved sjukehuset i Stavanger.

Så får vi det som for alle foreldre må kjennast umenneskeleg å leva med, og som for barna det gjeld, er umenneskeleg. Auka fare for at dei skal skada seg, om berre for ein periode, eller enda livet sitt. For barnet alltid uro, for foreldra alltid årvaken døgnvakt, alltid prøva å bera livet oppe for dei. Eller i barnevernets omsorg, med altfor mange stader, behandlarar, hjelparar, tiltak. Det kan ikkje kjennast trygt for nokon. Det må vera endå ei påkjenning for eit alt svært sjukt barn.

Vi som ikkje akkurat nå
kjenner det på kroppen,
vi trur eg ikkje heilt forstår.

Politikarane?

– Det skal ikkje vera slik at eit system er ein drivar til å bli sjukare, sa ein prega barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) etter å ha lest artiklane til Aftenposten, og krev at Bufdir, direktoratet, skaffar oversikt over desse barna.

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) lovar at barna skal få den helsehjelpa dei har krav på, også ved at det blir fleire sengeplassar i psykiatrien. Regjeringa har nettopp sett av 700 millionar kroner meir til sjukehusa, og Kjerkol bed dei løfta barn og unge og psykiatri innanfor pengane dei då har.

Det er flåsete sagt av Kjerkol. Dei pengane skal også bøta på tapte inntekter og mindre aktivitet under pandemien. Slik ekstrapengar regjeringa før har sendt sjukehusas veg også skulle. Retta opp på intensiven, ta unna køane til barne- og ungdomspsykiatrien, koma i gjenge igjen. Dei må vera brukte ein del gonger alt, dei pengane, også av Kjerkol. Ved vårt sjukehus, SUS, er dessutan alle klinikkar pålagde å spara for å ta igjen eige budsjett, og for å kunna klara komande utgifter ved det påbegynte, nye sjukehuset. Som dei ikkje har råd til.

Dessutan manglar psykiatrien folk. Ved UiS står noko sånt som 26 av 109 spesialiststillingar tomme. Og det er spesialistane som igjen utdannar nye spesialistar, noko som også skjer ved sjukehuset. Snøballen blir større. Hjelpa knappare.

Hjelp

Kanskje kjenner også dei som jobbar i systema, seg makteslause i dette dei ikkje får gjort noko med, anten det er barnevernet eller psykisk helsevern. Mens vi som ikkje akkurat nå kjenner det på kroppen, vi trur eg ikkje heilt forstår. For det første treng vi jo ikkje det, det er den meir brutale sida av velferdsstaten – vi treng ikkje forholda oss til alt som skjer når det ikkje gjeld oss sjølve. Og eg trur heller ikkje vi alltid tar innover oss kor sjuk ein kan bli av psykisk sjukdom. Kor mykje som skal til, av tid og behandling, for å bli betre. At det ikkje alltid lar seg fiksa. Vi aksepterer jo ikkje det siste, vi klarer ikkje det, særleg ikkje for barn og unge, klarer vi det. Men eg trur samtidig akkurat det hindrar oss i å sjå kor alvorleg dette er. At det ikkje handlar om barn som treng hjelp til å handtera livet, det handlar om barn som treng heilt nødvendig helsehjelp med alvorleg, til og med livstrugande sjukdom. På ein måte dei klarer ta imot, utan å bli endå sjukare.

Aftenposten har fortalt oss kor mange dei er, desse barna vi andre ikkje ser. Og at dei treng hjelp. Kanskje over lang tid. Med ein slags tryggleik rundt seg, med eit minimum av helsehjelp til å halda liva deira oppe.

Eg veit ikkje heilt kor den hjelpa skal koma frå.

Les også

  1. «Jeg er livredd – hun skal vel ikke dø fra oss?»

  2. Da Liv Monika (16) møtte barnevern og psykologer, lukket hun seg. Men på mobilen lå en historie de voksne ikke fikk høre

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. Jan Groths strek er eit opent bidrag til andres tankar. Fleire av oss burde prøva på det

  2. – Denne samtalen er tynn­sliten, seier sjaman Durek Verrett. Det syns eg også

  3. – Alvorleg sjuke barn blir kaste­ballar. Og vi ser det ikkje

  4. Den norske abort­lova er ein skjør balanse mellom to liv. Er den balansen truga nå?

  5. Det går ikkje lenger å tru at dette ikkje vil gå utover behandlinga av pasientar og arbeidssituasjonen til dei tilsette

  6. – Politikarane i Stavanger er litt bekymra for 6-åringanes digitale kompetanse. Javel?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Psykisk helsevern
  3. Barnevern
  4. Psykiatri
  5. Helsepolitikk