Martin Luther – ein kompleks fyr

KOMMENTAR: "Han var arrogant, frekk, ein skrythals, svikefull og ein løgnar.»

Publisert:
Andreas Skartveit
Skribent, tidlegare forslagssjef
  • Denne teksten blei publisert i 2010.

Den norske grunnlova nemner eit einaste menneske med namn. Det er Martin Luther. I § 2 heiter det: Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion. I snart eit halvt tusenår har han prega norsk tru og tanke som svært få andre.

Kven var han så? Det bør vere råd å få vite kven ein så viktig person i norsk historie og tenking var. Dette må historia kunne svare på.

Ho kan ikkje det. I alle fall gjer ho det ikkje.

Martin Luther er av mange rekna som den mest omtala mannen i kyrkjehistoria, då i konkurranse med folk som Paulus og Augustin. Talet på bøker om Luther er uendeleg. Og det er like mange lutherbilete som det er bøker, seier ein tysk historikar.

Han er kalla djevelens avkom og forløpar for Hitler og europeisk antisemittisme. Ein samtidig katolsk teolog meinte at Luther var ein mann totalt fri for moral. Han var arrogant, frekk, ein skrythals, svikefull og ein løgnar. Luther hadde gjort ei pakt med djevelen, og han var ei frukt av ei kontakt mellom djevelen og Luthers mor. Vi har vondt for å førestelle oss kor grov språkbruken var i religionsstridane på 1500-talet. Ein tidlegare kampfelle, som hadde brote med Luther, kalla sin gamle stridsbror «åtselgribb, vinglepave, doktor i løgner, Wittenbergpave, Babylons dydige jomfru, erkedjevel og ein galen hund». Luther gav så godt som han fekk. Den gamle venen vart kalla ein blodtørstig opprørar i djevelens makt, som var sterkt oppsett på å øydeleggje både kyrkje og stat, ein mann for vranglære og kløyving. I ein annan polemikk hevda han at «pavedømmet er eit torturkammer for samvita og djevelens kongedømme».

Då pavens representant har sendt han eit dokument der han blir truga med at paven skal ta seg av han, blir han først sjokkert og redd, før han slår seg til ro: «Den gode Gud var nådig mot meg, og denne åndsveike tullingen skreiv eit så elendig dokument at eg måtte le. Etter det har eg aldri vore redd». Mange som hadde med Luther å gjere klaga over den grove språkbruken hans. Dei opp-levde det som eit problem. Mellom dei som klaga over dette var Erasmus Rotterdamus og Philip Melanchton, to av dei finaste humanistane på den tid.

Denne språkbruken slo ut i det styggaste Martin Luther let etter seg, utfallet hans mot jødane. I skriftet «Om jødane og løgnene deira» bed han styresmaktene om å brenne synagogene deira og jamne dei med jorda, å rive ned bustadhusa deira, å konfiskere den religiøse litteraturen deira og å forby rabbinarar å forkynne og å undervise. Jødisk ungdom bør setjast til hardt pliktarbeid, og i grunnen bør jødane forvisast frå landet for godt. Lista er lenger.

For lutherske kyrkjer i Tyskland har dette vore tungt å bere med seg, og det vart ikkje lettare ved at Hitler og hans folk tykte godt om det dei las. Kvifor Luther skreiv som han gjorde, har vore vanskeleg, kanskje uråd å forklare. Som antisemittiske ytringar er dei på høgd med det meste. Og ytringane er ikkje gløymde. Den amerikanske juristen Alan Dershowitz skriv i 1991: «Det er sjokkerande at Martin Luthers skjendige namn framleis blir hylla heller enn å bli forbanna i dei viktigaste protestantiske kyrkjene».

For Luthers fiendar var det djevelen som tala gjennom Luther. For tilhengjarane var det Gud som brukte Luther som sitt reiskap. Han vart kalla den femte evangelisten og samanlikna med Elias, Jeremia, Johannes Døyparen, engelen i Openberringsboka, og Moses.

Han var ein stridens mann, og bileta hans i historia fortel det.

Han var moderne, og mange vil meine at dagens såkalla modernitet har Luther som eitt av sine utgangs-punkt. Og han brukte nye media, trykkekunsten. Det han og hans folk skreiv, var etterspurt, og boktrykkjarane sto ved døra hans og venta. I Wittenberg var det sju trykkeri som berre arbeidde for Luther og hans folk.

Ein million av den tyske bibelen var trykte då Luther døydde. I tillegg kom store og små pamflettar i uendelege mengder. Og den dominerande forfattaren i alt dette var Martin Luther. Ein historikar skriv: « Han dominerte ei stor propagandakampanje og ei masserørsle på ein måte som ingen annan nokon gong har gjort det eg veit. Ikkje Lenin, ikkje Mao Tse-Tung, ikkje Thomas Jefferson eller John Adams».

Kva som utløyste reformasjonen, eller reformasjonane, i Europa er omstridd. Den romersk-katolske kyrkja sprakk for godt. Det handla, som så ofte i historia, om mange ting: politikk og økonomi ikkje minst. For både svenske— og danskekongen handla det mykje om å få tak i kyrkjegodset til sine tomme statskassar.

Men framleis meiner mange at Martin Luther, så gåverik og stri som han var, spela ei viktig rolle og var med og gjorde at det gjekk som det gjorde.

Men noko eintydig bilete kan ikkje historia gje oss av ein slik stridsmann. Historia blir framboren av tenarane sine, historikarane. Og då blir biletet slik dei vil ha det. Og dei er, som vi har sett, ulike.

Vi har det same i norsk historie-skriving. Herman Wedel Jarlsberg leia det såkalla svenskepartiet i den harde striden på Eidsvold i 1815. For det vart han sjikanert og nedmolda av venstrehistorikarane i eitt hundreår. I dag er han helt i historia og blant historikarane, modig, framsynt, men stri og vanskeleg.

I 1814 og åra etterpå var Karl Johan den store fienden, motarbeidd av Stortinget og baktalt av historikarane. I dag sit han på hesten sin framfor kongens slott og ser mot Stortinget, nedover paradegata i Oslo, som er oppkalla etter han.

Høgresida, som saman med kongen tapte den bitre konstitusjonskampen mot venstre i 1884, då Johan Sverdrup vart statsminister og parlamentarismen kom inn i norsk statsform, vart lenge trakasserte av norske historikarar som reaksjonære og unasjonale. I dag har dagens historikarar nyanserte dette biletet kraftig. Fredrik Stang, stabukken som tapte, blir i dag omtala med respekt.

Historia om Norge og den andre verdskrigen er eit uendeleg strids-tema. Dei som var på den galne sida og såleis kom til å tape, har hatt store problem med å kome til orde og nyansere sin posisjon.

Tyske og franske historikarar brukte mykje tid og krefter på å plassere ansvaret for krigen i 1871 hos motparten. Det same hende etter første verdskrigen.

Bismarck, som var ein maktglad og klok mann, såg dette og sette pris på det. Han tenkte militært og omtala historikarane som «mine slagkryssarar ved universiteta».

Så er kanskje det konklusjonen på Luthers plass og rolle i historia, at historia er skrøpeleg til å fortelje oss på ein eintydig måte om fortida. Mennesket, forteljaren, kjem imellom og fortel det han ser og vil fortelje. Og det blir som det blir.

Og dette må vi nok nøye oss med.

Publisert: