Sinne-demokratiet slår til

GJESTEKOMMENTAR: Sjølvutnemnd ekspertise på Facebook tar tidvis over rolla til byråkratane i den polariserte straumdebatten. Får dei for mykje makt?

Om fagekspertisen i mindre grad enn før vert premiss i den politiske debatten, vil fleire tru at luftslott er verkelege.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Facebook-gruppa Vi som krever billigere strøm har i skrivande stund over 619.300 medlemmer, og 19. september vert det demonstrasjon saman med fagforeiningar framfor Stortinget: Det representative demokratiet møter sinne-demokratiet.

Det er ein god ting at vanlege folk sine protestar har korrigert norsk politikk. I denne saka for det første ved at vi no får straumstøtte for forbrukarar med 90 prosent kompensasjon når pris er over 70 øre. per kilo­wattime (kWh). Dessutan er det i gang arbeid for å kunne avgrense straumeksport når det er låg fyllingsgrad i vassmagasina.

Vitnar straumdebatten like fullt om ei endra og potensielt problematisk kopling mellom offentlegheita og avgjerdstakarane? Studerer vi samanliknbare data over tid (Norsk Monitor), ser vi at for 20 år sidan fekk 8 av 10 av oss dei viktigaste nyhenda frå tv og tradisjonelle aviser. I dag får om lag 1 av 4 som får den primære informasjonen sin på denne måten. Flest vert informerte av gratis nettaviser.

Dei 619.300 medlemmene i Facebook-gruppa, om dei les ein del av posteringane i gruppa, møter ein annan type informasjon der enn hjå NRK, Adresseavisen og Aftenbladet: Meir ubalansert og agitatorisk.

Det er verdfullt at frustrasjonen folk føler over straumprisane spelar inn. Men utforming av politikk må òg vere basert på ei grundig vurdering av alternativa. Det tilseier ein kritisk gjennomgang av krava til dei som protesterer.

Eit tankeeksperiment

Lat oss som eit tankeeksperiment seie at før neste stortingsval steig ikkje berre straumprisane til endå meir bisarre høgder – det same gjorde temperaturen i straumdebatten.

Difor oppstod ein heilt ny allianse som attpåtil fekk regjeringsmakt – Senterpartiet, KrF og Framstegspartiet – og dei gjorde ein avtale med Raudt og SV om å ta kontroll over kablane.

Heretter skal det berre eksporterast vasskraft når det tydeleg er i norsk interesse. Kva ville skje då?

Kablane

Kritikarane av straumpolitikken har streka under at dei slett ikkje vil «kutte» kablane. Det dei vil, er å gå ut av den etablerte marknaden og prisfastsettinga. Men problemet er like fullt at det bryt ein innbyrdes avtale for å sikre forsyningstryggleik på begge sider.

På vegner av regjeringa har NVE, direktoratet som sit på fagleg, offentleg straumekspertise, kome med ei vurdering: Andre land vil sannsynlegvis reagere klårt negativt på ein einsidig norsk politikk der Noreg skal ha særeigne fordeler. Det vil kunne føre til mottiltak. Det kan igjen resultere i mindre forsyningstryggleik i begge endane av kablane.

Dag og Tid-journalisten Jon Hustad, som ikkje var tilhengar av kablane, seier at det er på same måten som med julegåver: Du ber ikkje om å få gåva tilbake. «Gåva» – straumutveksling til England, Tyskland og kontinentet – er alt er gitt.

Skulle vi den eine dagen seie til for eksempel britane: – Nei, no får de klare dykk sjølve. Vi sender frå no av berre straum når det kjem for mykje regn her.

Og så neste dagen: – Hei, britar! No har russarane verkeleg begynt å truge oss oppe i nord. Kunne de vere så greie og sende fleire soldatar? Litt raskt, helst.

Det er ein risiko for at fag­
ekspertisen sine vurderingar
i mindre grad enn før vert
premiss i politisk debatt.

Bernstein og Takvam

I det grad det skulle vere rett at alternativa har svært store kostnader, slik ekspertisen meiner, kvifor er forståinga for dagens politikk så liten?

To nestorar innan journalistikken i Noreg og USA – Magnus Takvam og Carl Bernstein – antydar kanskje svaret. Når dei ser seg tilbake, etterlyser dei begge, uavhengig av kvarandre, meir kritisk dekning av høgrøysta opposisjon.

– Vi enda opp som mikrofonstativ for Trump under primærvala, konkluderer Bernstein. Og Takvam meiner at før Stortingsvalet var media generelt altfor lite kritiske til Senterpartiets sine politiske løysingar, også dei burde har blitt granska kritisk.

Det er viktig å kritisere dei som har makt i dag. Men om ikkje alternativa også vert granska kritisk, vert debatten for lite opplyst, er deira felles poeng.

Eg vil påstå at Bernstein og Takvam sine innsikter er relevante også for den norske straumdebatten.

Partileiardebatten i Arendal i august var talande nettopp som kontrast. No vart endeleg dei sterkaste opposisjonsrøystene sine argument gått nærare etter i saumane. Då var ikkje den alternative politikken overtydande, etter mi vurdering.

Tviegga sverd

Det eg har kalla sinne-demokrati er eit tviegga sverd. På den eine side tvingar det politikarane til å kunne svare for seg. At folk ikkje finn seg i kva som helst, korrigerer politikken og styrkar demokratiet.

Samstundes krev velfungerande demokrati innslag av borgarånd der medborgarane også kan vere innforståtte med ei fordring om måtehald: Krev ikkje meir enn det som er mogleg å få til innanfor rimelege grenser.

Det er ein risiko for at fagekspertisen sine vurderingar i mindre grad enn før vert premiss i den politiske debatten. Då vil fleire tru at luftslott er verkelege.

Så det burde kanskje vore krav om fyllingsgrad i nokre av argument-magasina også.


Publisert: