Banebrytande transportplan for dei neste 12 år

Der budsjettforhandlingane i fjor haust gjekk av sporet, har samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) lukkast med å få fire parti til å dra i same retning.

Nasjonal transportplan for perioden 2018-2029 er et soleklart høydepunkt for samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) i denne stortingsperioden.
  • Jarle Natland
    Jarle Natland
    journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Uansett utfall av haustens val vil Solvik-Olsen med framlegget til ny NTP 2018–2029 etterlata seg eit solid politisk ettermæle.

Som samferdselsministeren sa ved framlegginga klokka 12 onsdag: - Det har vore ei lang og slitsam, men spanande reise som på ingen måte er slutt enno.

Statsråden frå Bryne kunne presentera ei historisk satsing på samferdsel. Ny NTP legg opp til ikkje mindre enn ei tredobling av årlege løyvingar til bygging av veg og jernbane over ein dryg 10-årsperiode.

Les også

Sjekk listen: Dette får Rogaland i Nasjonal transportplan (NTP)

Nasjonal transportplan er viktig for alle borgarane i heile landet.

Enten du er brun eller kvit, funksjonshemma eller funksjonsfrisk, bur i by eller bygd, enten du skal vitja svigermor eller røma frå svigermor, som Abid Q. Raja (V) formulerte seg.

Heilag tekst

NTP er ein slags heilag tekst for alle som er interessert i samferdsel, og det er jo dei aller fleste av oss i langstrakte Norge.

Veldig kort fortalt er NTP ein ti-årsplan for transport i Norge. Planen vert revidert kvart fjerde år og kjem som melding til Stortinget før stortingsval. Gjeldande plan handlar om perioden 2014–2023.

NTP handlar veldig fort om veldig store pengar og veldig mange tal.

Les også

Overraskelse: 820 millioner til lang Årdalstunnel i Nasjonal transportplan

Eg kjem ikkje heilt utanom, eg heller. Totalramma er slik at regjeringspartia er samde med KrF og Venstre, dei såkalla borgarlege eller ikkje-sosialistiske partia, om å bruka drygt 1000 milliardar på samferdsel i 12-årsperioden.

Her ville Preben på Egenes ha spurt med litt halvopen munn: «E de mye de?»

Ja, det er mykje pengar. Tusen milliardar er det samme som ein million millionar eller ein (1) billion. Heile Oljefondet, din og min pensjonsgaranti, var drygt 7500 milliardar sist årsskifte

I ramma på drygt 1000 milliardar ligg også 131 milliardar med bompenger. Bompengane utgjer om lag 20 prosent av pengane til vegformål i den nye transportplanen.

Jernbanesatsing som sjeldan før

Men la oss ikkje drukna oss i tal.

Framlegget til ny NTP handlar mellom anna prosentvis om den største satsinga på jernbane sidan Norge brukte eit statsbudsjett på Bergensbanen. Heile 35 prosent av totalramma er sett av til jernbaneformål den neste 12-årsperioden.

Det er oppsiktsvekkande bra i ei tid der me skal etterleva Paris-avtalen. Spørsmålet er ikkje lenger om det skal satsast på jernbane, men kor mykje det skal satsast.

Samstundes må me ikkje gløyma at NTP først og fremst er eit overordna styringsdokument. Stortinget må følgja opp med statsbudsjett og årlege løyvingar som står i stil. Det har langt frå alltid skjedd tidlegare. Difor er det også mest interessant med det som er lagt inn i første periode i planen - om fire år kjem jo ny revidert utgåve.

Likevel forstår eg gleda i NHO etter framlegginga frå Solvik-Olsen og samferdselskameratane. På mange måtar er denne transportplanen godt nytt for alle som fraktar varer og vil ta seg fram og tilbake til jobb.

Blant dei viktigaste einskildprosjekta i ny NTP-periode er InterCity-jernbanen som skal gjera Austlandet til ein stor arbeidsmarknad på drygt to millionar innbyggarar.

Les også

NTP – den gode, den dumme og den grusomme

Sett frå vest er det endå viktigare med bygging av ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim. Ny veg med nye tunnelar mellom Stavanger og Bergen vil aleine opna for ein felles arbeidsmarknad på totalt 900.000 personar. Me snakkar om halvering av reisetida mellom dei to fylkeshovudstadane, frå fire til to timar.

Forutan ei historisk jernbane-satsing set den blå-blå regjeringa med støtteparti også ambisiøse mål på innfasinga av utsleppsfrie køyrety.

Nye personbilar, lette varebilar og bybussar skal vera utsleppsfrie etter 2025. Men NTP manglar heilt planar for investeringar i ladeinfrastruktur og hydrogenstasjonar. Rekkeviddeangst er som kjent blitt eit av dei store nyorda i seinare.

Eg saknar også eigne klimakutt-mål i ny NTP. Men nokre manglar til trass: Dersom politikarane greier å følgja opp NTP 2018–2029 snakkar me om ei storstilt satsing på grøn transport.

Les også

  1. Regjeringen om Rogfast: Stor usikkerhet om kostnad, vesentlig høyere bompriser

  2. Stortinget sa enstemmig ja til 25 milliarder i bompenger på Nord-Jæren

Publisert:
  1. Nasjonal Transportplan
  2. Stavanger
  3. Biodrivstoff
  4. Ketil Solvik-Olsen
  5. Samferdsel

Mest lest akkurat nå

  1. – Endelig tror folk på min historie

  2. Knut Arild Hareide inn­rømmer sine «unn­latelses­synder». Nå for­later han riks­politikken

  3. Ellevill jubel for Sandnes Ulf - klar for semifinale

  4. Slik blir bompengesatsene på ny E39

  5. Bruker du en av disse medisinene? Da skal du ha en tredje vaksinedose

  6. Hovden Høyfjellshotell skal sannsynligvis rives