Til Cuba før det er for seint?

KOMMENTAR: Bør du dra til den vestlige halvkulas einaste kommunistiske diktatur «før det er for seint»? Tja.

Publisert: Publisert:

Cuba er eit land der det finst éin, gloriøs versjon av kor vellukka Revolusjonen og Fidel Castros styre har vore, og der det eksisterer ein annan, grim røyndom der du må vera svært forsiktig med kva du seier om Fidel og Revolusjonen, sidan du aldri kan vita kven som lyttar – og kven som tystar. Foto: Finn E. Våga

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Eg var på Cuba den siste veka Fidel Castro var i live. Sånn sett levde eg opp til den moderne turismens mantra om å dra til eksotiske destinasjonar «før det er for seint». Altså før dei er blitt øydelagde av (masse)turisme – altså oss. Eller før dei har opplevd det me sjølv er så glade for å ha opplevd: Utvikling og modernisering.

Som det står på Reisecompaniets nettsider, under overskrifta «Annerledeslandet Cuba»: «På Cuba stoppet klokkene for teknologi og økonomisk fremgang i 1959. Nå er øya på rask marsj inn i det 21.århundre. Så hvis du drømmer om å cruise nedover paradegaten Malecon i en Lincoln Continental eller en Packard Clipper, kan tiden være knapp.»

Eksotiske Cuba

Det manglar ikkje på eksotiske fotomotiv når du går rundt i Havanna, som del av den stadig veksande turiststraumen. Gamlebyen står på Unescos verdsarvliste, store område bygde i gammal kolonistil vitnar om at Havanna ein gong i farne tider var blant Karibiens rikaste byar. Eller kva med dei gamle, fargerike, amerikanske 50-talsbilane som buldrar rundt i gatene og bles ut tunge, svarte røykskyer frå dei eldgamle motorane sine? Eller 70-talsbilane frå Sovjetunionen?

Og så har du jo alle desse cubanarane som heng rundt i døropningane, som sit langs fortaua og tilsynelatande tek livet med ro. For ein turistpeso kan du sikkert få teke eit bilete av ein smilande kar med ein sigar i kjeften. Alt til akkompagnementet av tallause «Buena Vista Social Club»-band, som spelar på kvart eit gatehjørne, kvar ein kafé – som det eigentleg finst forbløffande få av, om du samanliknar Havanna med andre hovudstadar du har besøkt.

Og så kan du jo dra ut til dei krittkvite strendene i Varadero, bada i det klare, blå vatnet, eta billig, oversteikt hummar og drikka mojitos av varierande kvalitet og pris. Slik kan du sikkert tilbringa 14 dagar i turistbobla di utan å reflektera nærmare over kva som ligg under overflata du har teke fargerike bilete av. Sjølv om meir enn éin cubanar har tigga pengar av deg eller prøvd å selja deg noko til overpris. Sjølv om meir enn éi kvinne har signalisert at du kan få henne – sjølv om du ikkje ser ut som Brad Pitt.

Forfallets Cuba

For korleis kan det ha seg at størsteparten av dei eksotiske kolonitidbygningane i praksis er ruinar, og at forfallet ligg som ei konstant, klam hand over heile landet? Korleis er det å måtta å bu i desse husa, der taket fleire stader har ramla ned, veggane sprekk og fuktskadene spreier seg, der vegetasjonen somme stader er i ferd med å ta over husa?

Og korleis kan det ha seg at bilparken er så antikvarisk, samanlappa og forureinande? Er det fordi cubanarar har ei spesielt sterk interesse for amerikanske veteranbilar?

Og kva med alle desse som bare står og heng, som sit rundt og kikar, som tilsynelatande har all verdas tid? Er det fordi alle saman har fått ein plutseleg fridag frå jobben?

Og kvifor er det eigentleg så dyrt og komplisert å koma seg på internett og få posta ein selfie av seg sjølv saman med det store stålportrettet av Che på Revolusjonsplassen? Internettet fungerer i utfattige Bangladesh, men nesten ikkje på Cuba. Korleis kan det ha seg?

Fidel Castro heldt mange talar på den lange triumfmarsjen mot Havanna og makta i 1959. Heilt til han døydde 25. november i år, 90 år gammal, var hans ord lov i det cubanske kommunistdiktaturet. Foto: AP/NTB Scanpix

Diktaturet Cuba

Vel, det har med at du har kome til eit samfunn som ikkje fungerer. Du har kome til eit kommunistisk diktatur der økonomien er i krise, der det store fleirtalet cubanarar knapt har ei lønn det går an å leva av. Du har kome til eit land der legane i det vidgjetne helsesystemet tener 400 kroner månaden – mindre enn ein drosjesjåfør – og er avhengige av gåver frå andre for å overleva. Du har kome til eit land der det finst éin, gloriøs versjon av kor vellukka Revolusjonen og Fidels styre har vore, og der det eksisterer ein annan, grim røyndom der du må vera svært forsiktig med kva du seier om Fidel og Revolusjonen, sidan du aldri kan vita kven som lyttar – og kven som tystar.

Du har kome til ein stad der du må på svartebørsen for å skaffa deg det du treng, om du er så heldig å få tak i nokre pesos eller dollar. Du har kome til ein stad som er i forfall fordi folk verken har insentiv, kapital eller byggemateriale til å halda ting ved like. Og kvifor skal du eigentleg leggja deg i selen når du tener like lite uavhengig av om du står på eller ei?

Og kvifor skal du ta ordet og ytra deg kritisk om Systemet, når det einaste du risikerer er å få politiet etter deg, bli isolert, bli fengsla, og aldri få ein sjanse til å koma deg vekk? For på Cuba gjer du lurast i å liggja lågt, framstå som lojal, prisa Revolusjonen når nokon spør – uansett om du syns Fidel var ein frigjeringshelt eller eit hinder for fridom. Så sjølvsagt vitna cubanarane som blei intervjua på gata desse dagane etter Fidels død om «den store leiaren», sjølvsagt møtte dei opp i lange køar for å æra urna hans. Mange av dei meinte det nok, men dei som ikkje meinte det kunne ikkje seia det høgt.

Det norske Cuba

Det er forbløffande å sjå kva status Cuba, Fidel og Che har fått her hos oss. Kjem du bare langt nok unna, blir andre menneskes problem ikkje så vesentlege. Halde opp mot verdas mest kjende portrettfoto, mot Fidels karisma og mytebygging, forsvinn gagnsynet. Plutseleg er det greitt med eit dysfunksjonelt diktatur, manglande demokratiske rettar og ytringsfridom me elles er svært opptekne av å forsvara.

Vil du sjå alt dette i praksis, kan det vera lurt å koma seg til Cuba ganske raskt. For før du veit ordet av det, er det for seint.

  • Les fleire kommentarar frå Jan Zahl:
Publisert:

Les også

  1. Klovnar i kamp

  2. Me som trudde på framgang

  3. Tidsklemma finst ikkje

  1. Cuba
  2. Havanna
  3. Jan Zahl