Nedtur for Ege Tengesdal og Chesak, men ein kan vinna likevel

Kommentar: Koalisjonen som styrer fylket, taper fleirtalet og treng hjelp frå ytre venstre. Men ingen kan redda fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal, KrF.

Marianne Chesak, til venstre, og Solveig Ege Tengesdal.
  • Egil Ø Nærland
    Egil Ø Nærland
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Val 2019: Ege Tengesdal og varaordfører Marianne Chesak må takla merkbar tilbakegang i oppslutning for sine parti, KrF og Ap. Det viser den ferske meiningsmålinga som Respons Analyse har gjort for Aftenbladet.

Naturleg nok og som politikarar flest trur Ege Tengesdal og Chesak på betre resultat den 9. september.

Det kan godt skje, men i den verkelege verda, det vil seia i det verkelege Norge, er trenden lite hyggeleg for både KrF og Ap sjølv om dei har kvar sin ståstad i rikspolitikken.

Høgre treng fleire enn Frp

Ikkje så å forstå at den store vinnaren etter meiningsmålinga, Høgre, kan innkassera seier og fylkesordførarverv til Ole Ueland i same slengen.

Les også

Sentrum/Ap kan miste flertallet i fylket

For det første fordi eit muleg Høgre/Frp samarbeid (14+8=22) ikkje har fleirtal åleine. Til det trengs 24 av 47 i fylkestinget.

For det andre fordi koalisjonen Ap, KrF, Sp og V som nå regjerer med 24 representantar og taper tre, fort kan venda seg til Raudt (1), SV (2) og MDG (1) og skapa nytt fleirtal.

Vil Sp på Jæren godta Raudt?

Sp og SV er for lengst i same blokk, og Raudt utgjer kanskje ikkje nokon fare for Arne Bergsvåg & co. om ikkje meir konservative SP-veljarar frå Jæren skulle rynka på nasen. Det gjeld forresten også MDG.

Er det opp til Solveig Ege Tengesdal, samarbeider også KrF greitt med venstresida. Ege Tengesdal var open på at ho haldt seg til Hareide då KrF stridde som verst med seg sjølv, men vervet som fylkesordførar klarer ho uansett ikkje halda på.

Les også

Kommentar: Jærens einaste kvinnelege ordførar er trygg om ikkje noen tar «ein Wirak»

Chesak og Ap kan ikkje gi seg

Eg kan nemleg ikkje tenka meg at Ap og Marianne Chesak i eit slikt samarbeid, der partiet er definitivt størst, gir frå seg vervet ein gong til.

I 2015 var Ap nesten tre gonger større enn KrF. Chesak ga toppvervet til Ege Tengesdal og skulda på snau erfaring i politikken.

Ei ærleg sak, men skulle ho takka nei også denne gongen, vil det vera utruleg passivt. Eit farleg signal om at Ap ikkje er villig til å ta styringsansvar.

Ege Tengesdal og KrF kan venda seg til Høgre, men det ville vera like utenkeleg at Ole Ueland med ei tre gonger så stor gruppe, skulle gi frå seg toppvervet.

Les også

Kommentar: Vanskeleg å velta veljarmagneten frå Kvernaland

Meiningsmålinga viser at Høgre går fram fire prosentpoeng, frå 24,2 i 2015 til 28,2 nå. Det gir to ny representantar i fylkestinget, og med 14 er Høgre klart størst.

Høgre og Ap saman?

Ap fell frå 27,8 til 23,7 og står att med 11 representantar mot 13 nå. Dei to store har alternert på å vera størst i fylket unnateke 2003 då Frp smaug seg forbi.

Det var den gongen Høgre og Ap samarbeidde over to periodar.

Pragmatikarane og realpolitikarane Roald G. Bergsaker, H, og Eirin Sund, Ap, styrde utan problem som ordførar og varaordførar frå 1999 til 2007.
Det kan skje igjen, men er ikkje sannsynleg.

Les også

Kommentar: Her lever bygdelista og KrF i beste velgåande

To favorittar

I utgangspunktet handlar det om to store og to klare kandidatar til fylkesordførarvervet: Marianne Chesak og Ole Ueland.

Fortida har lært oss at samarbeidet kan gå i alle retningar, tidlegare bitre konfliktar som mellom KrF og Ap (brotet i 2009) er gløymde.

Det gode for dei mindre: Dei treng ikkje stå lua med i handa, dei kan krevja mykje innflytelse på politikken. For både Ap og Høgre må fri.

Publisert:
  1. Eirin Sund
  2. Solveig Ege Tengesdal
  3. Marianne Chesak
  4. Ole Ueland
  5. Politikk

Mest lest akkurat nå

  1. Ventetid på inntil ett år på SUS: – Fører til stor frustrasjon

  2. Arild Østbø med klar beskjed etter ny praktkamp: - Jeg har fortalt at jeg vil stå

  3. Oversvømmelser og store vannmengder langs E39

  4. Gjør du også disse lysfeilene? Så mye kan det koste deg i bot

  5. Blandet mottakelse for «Nordsjøen» – fra treere til «en oppvisning»

  6. Oilers snudde kampen mot erkerivalen: - Vi fikk høre det i pausen