Tom Hetland: Not my university

KOMMENTAR: Universitetet i Stavanger snakkar ikkje lenger norsk når dei inviterer gjester frå lokalsamfunnet til feiring.

Publisert: Publisert:

Rektor Marit Boyesen heldt ein god tale på årsfesten til Universitetet i Stavanger måndag, om aukande polarisering og veksande mistillit til vitskap og akademia. Men ho heldt talen på engelsk. Foto: Mari Løvås/Universitetet i Stavanger

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Eg var på årsfesten til Universitetet i Stavanger denne veka. Det er eit arrangement eg alltid har sett pris på å bli invitert til. I år var det på mange måtar meir imponerande enn nokon gong. Perspektivrike talar, god underhaldning – og heile 53 nye doktorar vart presenterte. Det er grunn til å vera stolt over det dei har fått til på Ullandhaug etter 14 år som universitet.

Likevel sat eg der og kjende meg som ein utilpass gjest i min eigen heim. For med unntak av eit par songar og opningsorda i takketalen til den nyslåtte doktoren Milad Khatibi – «Kjære alle sammen!» – var alt som vart sagt under arrangementet på engelsk.

Det same skjedde under semesteropninga i august. Universitetet i Stavanger snakkar ikkje lenger norsk når dei inviterer gjester frå lokalsamfunnet til feiring.

UiS kunne noeter seg heile 54 nye doktorgradar under årsfesten. Foto: Mari Løvås/Universitetet i Stavanger

God grunn til uro

Rektor Marit Boyesen heldt ein god tale. Ho var særleg uroleg for den aukande polariseringa i Europa, kombinert med veksande mistillit til vitskap og akademia.

Det er ei uro eg deler hundre prosent. I ei tid der falske nyheiter og useriøse sjarlatanar har fått altfor stort rom i den offentlege debatten, er det viktig å slå ring om forskingsbasert kunnskap og eit rasjonelt verdsbilde.

Men når akademia blir utfordra og mistrudd, har forskarar, forskingsbyråkratar og forskingspolitikarar også sin del av skulda. Akademia står endå meir enn før i fare for å hamna i ei boble der dei steller med sitt, fjernt frå folk flest. Den offisielle forskingspolitikken, som stimulerer til spesialisering og internasjonal publisering på smale felt, er med og driv fram ei slik utvikling. Me som meiner at universiteta spelar ei viktig rolle for den demokratiske folkeopplysninga og at universitetsfolk bør sjå det som ei plikt å formidla kunnskapen sin til eit breitt publikum, føler ofte at me har tidsånda mot oss.

Og nå er heller ikkje Frank Aarebrot blant oss lenger.

Les også

Bokmelding: «Professoren som alle saknar»

Med språket følgjer tanken, og me er blitt altfor dominerte av anglo-amerikansk ideologi og forskingstradisjon.

Den nye latinen

I eit slikt perspektiv er språket viktig. Når Universitetet i Stavanger vel å bruka engelsk i staden for norsk ved store offentlege markeringar, vender dei seg innover mot forskarsamfunnet, og snur ryggen til regionen dei er ein del av og som dei kan takka for sin eksistens.

Nå er det sjølvsagt eit faktum at engelsk er etablert som internasjonalt vitskapsspråk, på same måten som latin var det i mellomalderen. Det er mange praktiske fordelar med det, og eg aksepterer naturlegvis at forskarane kommuniserer seg imellom på engelsk i mange samanhengar.

Men engelsk som den nye latinen har også negative sider. For det første gir det innfødde engelskspråklege forskarar fordelar dei ikkje bør ha. Med språket følgjer tanken, og me er blitt altfor dominerte av anglo-amerikansk ideologi og forskingstradisjon i fleire fag. Økonomi er eit nærliggjande eksempel.

Det bør vera grenser for kor sjølvutslettande me skal vera.

Lovfesta ansvar for norsk fagspråk

For det andre set det norsk og andre mindre språk under press. Nær 90 prosent av norske forskingsartiklar vert nå skrivne på engelsk, og prosenten stig raskt. Språkrådet åtvara nyleg mot utviklinga, som kan føra til at me i praksis blir utan eit norsk fagspråk på viktige felt. Og kva skjer då med formidlinga av forskingsbasert kunnskap overfor eit breitt publikum? Eller tilliten til forskarar og vitskap?

Universiteta har faktisk eit lovfesta ansvar for å utvikla og vedlikehalda norsk fagspråk. Når Universitetet i Stavanger stadig oftare signaliserer at norsk ikkje er godt nok, vekker det dessverre mistanke om at universitetet vårt ikkje synest at dette ansvaret er så mykje å bry seg om.

Eit godt råd lyder: «Snakk norsk når du kan, engelsk når du må.» Så kan ein naturlegvis argumentera med at me bør vera høflege mot internasjonale studentar og forskarar som ikkje er så støe i norsk. Men det bør også vera grenser for kor sjølvutslettande me skal vera.

Også frå norsklærarane var takketalen på engelsk.

Fullkomen ironi

Glade og vinnarar av læringsmiljøprisen ved UiS for 2018, Norint-gruppa. Frå venstre: Ann Elisabeth Laksfoss Cardozo, Wenche Thomassen, Greta Brodahl, Unni Puntervold Pereira og Gunvald Dversnes. Foto: Mari Løvås/Universitetet i Stavanger

Kanskje var det fleire enn eg som såg ironien då Universitetets læringsmiljøpris vart delt ut mot slutten av festen. Den gjekk i år til medarbeidarane i Norint-gruppa, som gjennom mange år med stor entusiasme har gitt internasjonale studentar innføring i norsk språk og kultur. Ein kan jo lura på kva universitetet skal med slikt når det uansett snakkar meir og meir engelsk.

Og om nokon skulle vera i tvil: Også frå norsklærarane var takketalen på engelsk.

Les også

Språkrådet: «It’s the language, stupid!»

Les også

Noregs Mållag: «Om språk er viktig, krevst det språkpolitikk»

Les også

Noregs Mållag: «Fleire parti har god språkpolitikk, dei minste partia er best»


Les også

«Biskop Peter Hognestad og forfattar Arne Garborg frå Time var arge motstandarer i kyrkjespørsmål – og stod kvarandre nær i spraksaka og på eit personleg plan»

Les også

Sakprosa: Han kristna nynorsken

Les også

Historisk jubileumsgudstjeneste på «landsmaal»


Publisert:

Les også

  1. Språk er makt og skaper virkelighet, – de islamofobes forestillinger om muslimene er like absurde som nazistenes om jødene

  2. – Krav til pedagogisk kompetanse hos universitetsansatte? Ja, takk!

Mest lest akkurat nå

  1. Berisha-dobbel: Viking leder til pause

  2. Indre Østfold stenger ned etter smitteutbrudd

  3. Savnet 63-åring funnet omkommet

  4. FHI vil stille klare krav til hjemmesydde munnbind

  5. Høie bekymret etter store fester – har plan for ny nedstenging

  6. Solveig (82) ble strømkunde hos Fortum uten at hun visste det: - Et grovt regelbrudd

  1. Engelsk
  2. Språk
  3. Universitetet i Stavanger (UiS)
  4. Forskning og vitenskap
  5. Tom Hetland