Dei glade 20-åra – tiåret for løysingar

GJESTEKOMMENTAR: La meg forklare kvifor eg er optimist på vegner av verda fram mot 2030.

Publisert: Publisert:

Langt fleire i verda har fått reint vatn og toalett, langt færre døyr av sjukdom, langt fleire får skulegang, langt færre er fattige – og om vi skjønar at løysingar for klima og miljø heng saman, kan vi nå langt, skriv Bård Vegar Solhjell – no som ny generalsekretær i Norad, Direktoratet for utviklingssamarbeid. Foto: NTB scanpix

  • Bård Vegar Solhjell
    Direktør i Norad

Høyrde du statsministeren sin nyttårstale? Eller har du høyrd snakk om han? Ho ramma inn talen i FN sine berekraftsmål. Berekraftsmåla er verdas felles plan for å utrydde fattigdom, redusere ulikskap samt stoppe klimaendringane og tap av naturmangfald innan 2030. Og Erna Solberg er ein av to globale leiarar i FNs pådrivargruppe for måla.

Verdas leiarar vart for fem år sidan samde om berekraftsmåla, som vi skal nå innan 2030. Måla gjeld ikkje berre for fattige land som tek imot bistand. Dei gjeld for Noreg og alle land i verda. Vi snakkar ikkje lenger om at «vi gir» og «dei får». Vi arbeider saman for ei felles framtid. Alle land må gjere sitt for å skape ei berekraftig utvikling. Det er difor naturleg å diskutere våre eigne utfordringar – anten det er klimapolitikk eller psykisk helse – i lys av desse måla.

Denne veka vart det klart at statsråd Nikolai Astrup skal ha ansvar for å koordinere arbeidet med å nå måla i Noreg. Utviklingsminister Dag Inge Ulstein leiar arbeidet med Noregs bidrag til at verda når måla, det vil seie bistand og utviklingspolitikk. Måla har brei politisk støtte, nasjonalt og lokalt. Stavanger har lagt berekraftsmåla til grunn for planstrategien sin og Sandnes hadde nattevandring for berekraft i 2019.

Min nye jobb

Sjølv har eg også fått meg ny jobb, og skal arbeide med dette. Eg skal leie Norad, Direktoratet for utviklingssamarbeid, som i 2020 forvaltar om lag halvparten av det norske bistandsbudsjettet – nær 20 milliardar kroner.

Dei fyrste dagane vart det meir branninstruks og praktisk info enn arbeid mot fattigdom, men no er eg godt i gang. Eg skal leie Norad fram mot 2030, fristen for å nå berekraftsmåla.

Og tru det eller ei, eg er relativt optimistisk. Litt fordi det ligg i min natur, eg innrømmer det, men også av ein heilt sakleg grunn: Verda har gjort formidable framsteg dei siste åra.

Framgang på punkt etter punkt

Takka vera ein ambisiøs plan vedtatt ved tusenårsskiftet – tusenårsmåla – nådde vi målet om å halvera talet på fattige samanlikna 1990.

Vi klarte også å halvere talet på døde born per 1000 born fødde i verda, blant anna grunna ein innsats for å nå ut med vaksinar. Færre vert smitta av hiv/aids, og folk dør ikkje lenger av sjukdomen – dei lever med den. Førebyggjande arbeid og nye medisinar har redda mange millionar liv.

Talet på barn som ikkje går på skulen er og halvert dei siste 20 åra. Ni av ti barn i verda sit i dag på skulebenken. Sjølv om utdanninga ofte er av for dårleg kvalitet, er betringa formidabel.

Langt fleire har tilgang på reint vatn og ordentlege toalett. 89 prosent av verdas befolkning har tilgang på elektrisitet.

Krevjande

Er det så berre fest og optimisme? Nei, det er ei krevjande oppgåve å nå måla.

For det første fordi måla er uhyre ambisiøse. Vi snakkar ikkje berre om å halvere, men om å utrydde fattigdom. Vi snakkar om god helse og utdanning for alle. Vi kan ikkje lenger berre måle gjennomsnitt og seie at vi har lukkast.

Med berekraftsmåla byrjar endeleg tanken om at kvart menneske er like mykje verd å søkkje inn – ingen skal utelatast. Kvart einaste menneskje har dei same rettane til god helse, skulegang og anstendig arbeid. Dette skal omstillast i praksis. Difor skal vi også sørgje for at ein funksjonshemma gut på landsbygda i Malawi, eit av verdas fattigaste land, likevel skal kome seg på skulen.

Klima og miljø

For det andre er framgangen vi har sett, økonomisk og sosialt, ikkje den same for klima og miljø. Verdas klimagassutslepp må om lag halverast til 2030 om vi skal nå Paris-avtalen. Men utsleppa går ikkje ned, dei ligg relativt stabilt både globalt og i Noreg. I verda gjekk dei svakt opp siste år, i Noreg gjekk dei svakt ned. Både nasjonalt og internasjonalt må dette endrast til kraftig nedgang.

Andre miljøproblem aukar også. Marin forsøpling er blitt kjent for dei fleste, mengda plast i havet aukar i raskt tempo. Mindre kjent er det at artsmangfaldet i verda er truga. Ifølge FNs naturpanel, litlesøstera til klimapanelet, er 1 million artar truga av utrydding.

Ei tredje utfordring er at «alt henger sammen med alt». Då Gro Harlem Brundtland fyrst sa dette for om lag tretti år sidan, syntest eg det var platt og nærmast ei unnskyldning for manglande handling. No derimot, synest eg det kanskje er noko av det klokaste som er sagt. Eg trur ikke det vil vere mogleg å utrydda fattigdom og redusera ulikskap utan å handtera klima- og miljøutfordringane.

Likeins trur eg, og mange med meg, at dersom det ikkje vert utvikling for verdas fattige, vil vi ikkje klara å møta klima- og miljømåla i Paris-avtalen. Det er bra at samanhengane mellom sosial framgang, økonomisk utvikling og miljø vert erkjente. Men det gjer det også langt meir krevjande.

Like fullt: Eg er optimist for det nye tiåret, for vi har ein felles plan. Og fordi menneske i denne verda, på vårt beste, er i stand til skape framgang.

Twitter: @bardvegar

Et svart hull slafser i seg plasma og gass. Foto: Event Horizon Telescope, AP/Scanpix

VITENSKAP: Ikke bare tok vi bilde av et svart hull i fjor, vi kom nærmere vårt eget opphav, fant medisin mot cystisk fibrose og ebola, og fikk en datamaskin til å vinne et pokerlag. Her er de 10 største oppdagelsene i 2019.

Publisert:

Les også

  1. Stadig flere overlever kreft og blir helt friske

  2. Jan Zahl: «Verdas beste tid er nå»

  3. Oljearbeidere produserer 21 ganger så store verdier som andre industriarbeidere

  4. Familien fra Hillevåg kutter ned på kjøttet: - Mange kommer til å følge etter

  5. Solberg hedret Ari Behn

  1. Klima
  2. Miljø
  3. Bærekraft
  4. Gjestekommentar
  5. Bård Vegar Solhjell